Mads (8) fann juletre til mormor

Langt inne i juletreskogen på Kuven felte brørne Mads og Jonas tre både til eiga stove og til mormor si.

Det gjorde ikkje så mykje at regnet hølja ned då Olav Botnevik opna garden sin for sjølvhogst i granskogen på laurdag. Med ein nyfødd kalv i fjøset, varm kaffi kokt på bål i skogen, og ungar på forventningsfull jakt etter det perfekte juletreet, var stemninga uansett sikra.

- Blitt fast tradisjon

- Eg ser etter eit tre som ikkje er for tynt i toppen, seier Mads Hodneland Sundfjord (8).

Artikkelen held fram under annonsen.

- Og så må det ha plass til mange pakkar under, supplerer far, Øyvind Sundfjord.

Dei er på jakt etter edelgran - eitt til seg sjølve og eitt til mormor.

- Det er blitt ein tradisjon for oss å gå på juletrehogst hjå Olav Botnevik laurdag før jul, seier Øyvind.

Bålmeisteren

Me går inn i tjukke granskogen der Eirin Støle står og varmar seg ved bålet. Det er tent av Endre Botnevik (nevø av Olav) etter alle kunstens reglar. Ein kaffikjele svingar seg over varmen, og Endre deler ut kaffi til alle våte hogstmenn - og kvinner.

- Kven har lært deg å laga skogskaffi, vil Øyvind vita.

- Eg er vel sjølvlært, svarer Endre.

Livet på garden

Nede på sjølve garden får dei som vil ta del i livet på bondegarden. Nokre får ri på hest - stolte fjordingar -, medan andre går inn i fjøset for å helsa på kyrne. Truls Strømme kunne stolt visa fram den nye kalven som var komen i fjøset.

- Truls er her kvar onsdag og hjelper til med gardsarbeid. Så han kjenner godt livet på garden, seier far Roar Strømme, før det ber inn i Mathiaskjellaren. Der vankar det julemusikk på høgtalaranlegget og vafler med syltetøy og kakao. No kan jula berre koma.