Den gamle dampskipskaien på Halhjem 1933.
Den gamle dampskipskaien på Halhjem 1933.

Minne frå Halhjemskaien på seksti-talet

På seksti-talet opna eit nytt trafikknutepunkt mellom nord og sør i fylket: Halhjem ferjekai. I eit lite tiår var Halhjemskaien ein spesiell blom i floraen av ferjestø.

Fasilitetane var enkle. Den nye ferjelemmen var klemt innimellom ei notbu, fleire gamle naust og ein tønneverkstad.

Mykje av idyllen vart borte då trafikkmengda auka, ferjeleiet utvida og effektiviteten kom i førarsetet utover på 1970-talet. Dei siste restane av fordoms sjarm forsvann med den store utvidinga i 2007 då mesteparten av Langeneset vart sprengt vekk og Halhjemskaien vart ei moderne trafikkmaskin.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det første anløpet

Den 25. juni 1963 rodde Johannes Halhjem over vågen i den vesle jollen sin frå tønneverkstaden. Han fortøya i betongtrappa. Bilferja «Bjørnefjord» var ventande inn til det nye ferjeleiet på Halhjem. Det regna, og det var inga offisiell markering. Berre overingeniør Georg von Krog frå Vegkontoret, eit ti-tals nysgjerrige innfødde og to pressefotografar frå bergensavisene hadde møtt fram for å "bivåne det første anløpet".

Bøkkar Johannes Halhjem hadde sagt ja til å verta ferjeekspeditør. Den gongen var ekspeditørane konge på kaien. Dei måtte alltid vera der, ta i mot trossa, hipsa opp og senka ned ferjelemmen og halda styr på bilkøane. Men på dette nye ferjeleiet var det berre tale om éi ferje og to anløp for dagen. «Bjørnefjord» skulle inn i sambandet Halhjem-Tysnes-Reksteren-Stord. Ekspedisjonen var grei å kopla med tønneproduksjon, tenkte Johannes Halhjem.

Sju år seinare hadde trafikkauken sprengd alle prognosar. I tønneverkstaden var det stilt. Det høyrdest inga kvining frå blafrande drivreimer eller hammarslag mot tønneband. Ingen røyk steig opp frå fyrhuset. Bøkkar Halhjem måtte velja, og valde å verta ferjeekspeditør på heiltid. Seksti års tønneproduksjon var historie. Men på denne junidagen i 1963 var det langt fram

Halhjemskaien 1961, like før utbygginga av ferjeleiet.
Halhjemskaien 1961, like før utbygginga av ferjeleiet.
Halhjem ferjeleie vart opna i juni 1963. Forholda var primitive. Over sundet til høgre for «Bjørnefjord» ligg Gamlenaustet. Utlånt frå John Arve Halhjem sitt arkiv. BT-foto.
Halhjem ferjeleie vart opna i juni 1963. Forholda var primitive. Over sundet til høgre for «Bjørnefjord» ligg Gamlenaustet. Utlånt frå John Arve Halhjem sitt arkiv. BT-foto.
Eit sjeldan foto av splinthøvdingen Zander (Aleksander Pettersen) om bord i «Løvebåten». Utlånt av Karmsund folkemuseum.
Eit sjeldan foto av splinthøvdingen Zander (Aleksander Pettersen) om bord i «Løvebåten». Utlånt av Karmsund folkemuseum.
Ekspeditør Johannes Halhjem på ferjeleiet 1966. Utlånt frå John Arve Halhjem sitt arkiv. BT-foto.
Ekspeditør Johannes Halhjem på ferjeleiet 1966. Utlånt frå John Arve Halhjem sitt arkiv. BT-foto.
Freda ferjeleie på Salhus med same konstruksjon og fargeval som på Halhjem på sekti-talet.
Freda ferjeleie på Salhus med same konstruksjon og fargeval som på Halhjem på sekti-talet.
Hektisk på ferjekaien. Utlånt frå John Arve Halhjem sitt arkiv.
Hektisk på ferjekaien. Utlånt frå John Arve Halhjem sitt arkiv.

Kamp om lokalisering

Ordføraren i Os, Leif Strønen, var ikkje invitert til opninga av ferjekaien. Politikarane i Os hadde absolutt ingen sans for å leggja ferjeleiet til Halhjem. På Oskaien rådde ekspeditør Peder Sunde, kyrkjetenar og paktar av prestegarden. Ungane trudde han hadde stutt rygg av di han hadde gått for lenge med for stramme bukseselar. Peder Sunde hadde opphavleg hand om Midthordlandsbåtane. I 1957 fekk Peder'n ekspedisjonen av eit heilt nytt samband: ferjeruta Os-Tysnes-Stord. Ferja «Halsnøy» vart sett inn i det nye sambandet; Ho hadde plass til 8 bilar akter. Kommunestyret meinte at også det framtidige ferjeleiet for dette sambandet burde liggja hos Peder Sunde, og ikkje på Halhjem.

Somme var skeptiske. Bølgjene kunne gå høgt i Os hamn og det var trongt om plassen. Men kommunestyret synte handlekraft og meinte at ein molo på Haugsneset ville gjera susen. Moloen vart påbegynt, men er aldri fullført. Marerittet starta då dei nådde marbakken. Fyllmassane forsvann i djupna. Vegkontoret var aldri i tvil. Halhjem var staden. Her hadde dampbåtane til Midthordlandske Dampskipsselskap hatt anløp i tidlegare tider - frå 1883 til 1931. Her skulle den framtidige livsnerva mellom Bergen og Sunnhordland liggja.

Ferjeleie i Strøno

Kommunestyret i Os hadde vidløftige visjonar for plassering av endå eit ferjeleie: Det nye ferjestøet for Austevoll. Kommunestyret hadde den oppfatninga at det burde lokaliserast til Strøno. Spenstig tenkt ettersom Strøno den gongen ikkje var landfast. For å visa at dette var alvor, vart det bygt ein autostrada - ein to felts veg - ute på øya. Denne vegstubben tar seg i dag av trafikken til friluftsområdet i Ervikane. Ferjeleiet for Austevoll hamna på Krokeide i 1975 etter at austevollsferja hadde gått frå Halhjem i nokre år - frå 1968.

Eitt ferjeleie i Os var det inkje strid om - Hatvik. Folket i Hardanger fekk bilferje over fjorden i 1938. Fusafolket kunne tenkja seg same løysing for Fusafjorden. Etter ein del att og fram vart bilferje «Fusa» kontrahert. I 1949 kom ho i rute - i sambandet Hatvik-Fusa - eller andre vegen - som det sto på billettane.

Primitivt, men idyllisk

Forholda på ferjeleiet på Halhjem var fattigslege dei første åra. Det vanta telefon, venterom og toalett. Når Halhjem'en skulle ut på kaien og ta i mot trossa, måtte han balansera på eit vaklevore, provisorisk stillas som var snikra saman av kasserte forskalingsmaterialar. Men sjølve iland- og ombordkjøringsløysinga - ferjelemmen - var tidsriktig og moderne. To tårn med innstøypte taljar var plasserte på kvar side av ferjelemmen. Lemmen vart heva og senka ved hjelp av eit elektrisk spel med lodd som sto i eit lite skur attmed.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tårn og motorskur var måla i turkis farge, medan dei møneforma hettene på toppen av tårna og fendervegen hadde ein rustbrun terrakotta-farge. Biletkunstnaren Lise Landmark von Krogh - dotter av den kjende arkitekten Ole Landmark frå Bergen og gift med overingeniør Georg von Krogh på Vegkontoret - var ansvarleg for fargevalet. Fargepaletten til Lise Landmark von Krogh var standarden på ferjeleia i Hordaland i to tiår. På eit av tårna på Halhjem hadde nokon tatt smurning frå wiren og skrive romantisk: MONA + KJELL. Uråd å viska vekk og lett leseleg for alle som steig på land.

Freda for ettertida

I dag er det heilt andre konstruksjonar og fargeval på ferjelemmane. Men standardløysinga frå Halhjem har historisk verdi. Det har riksantikvaren i Oslo slått fast. Han har verna Salhus ferjekai, som vart bygt i 1954 og er framleis intakt. Den er av nett same slaget som på Halhjem på seksti-talet. Det finst berre eitt anna ferjestø-klenodium som riksantikvaren har funne verdt å freda: Ferjesambandet over Tjeldsundet i Nordland.

Veg innom alle tun

Den gamle kjerrevegen som førte fram til Halhjem var ei sann liding - smal og uoversiktleg. Det var å håpa at ingen kom køyrande imot. Vegen snodde seg mellom løer og våningshus, kraka seg heilt inntil husveggen hos Berga-folket og gjekk tvers over skuleplassen på Søre Neset. Eller meir presist: Riksvegen var skuleplassen. Vegen smaug seg vidare i boge rundt heimehuset, hønsehuset og løa til Kalle Sælen på Halhjem. Familien Sælen flytta på lemen, og opna kafé med jukeboks i stova.

Det var kan henda ikkje mange reisande som såg seg tid til å stoppa, men giftelystne i Os fekk eit nytt favorittlokale. Eldbjørg og Rolf Haugland var det første brureparet som feira giftarmålet på Halhjem kafé. Sidan har Kalle og Randi og seinare Karla og Alf Larsen stelt i stand hundrevis av bryllaupsfestar, først på den gamle, og dernest på den nye kafeen på Halhjem.

Ved bedehuset kom det ein flunkande ny BP bensinstasjon, den hadde open om kveldane til siste ferja var gått. Både BP-stasjonen og bedehuset vart gløymt og gøymt då nyevegen vart lagd rett gjennom Trolldalen. I dag husar bensinstasjonen Os Lakk & Karosseri.

Splint-Zander'en

Dei første vintrane låg det ei skøyte fortøya ved ferjekaien på Halhjem. Ho bar namnet «Løvebåten». Om bord losjerte den fargerik og munnrappe omstreifaren Zander og det stillfarne barnebarnet hans Sigurd. Zander var driven i å jakta sjøfugl og livnærde seg elles av å selja border, knappar - og klokker. At splintar selde klokker, var uvanlig. Det var helst omstreifande jødar som hadde ur i sortimentet. I tillegg til border og knappar falbaud splintane tradisjonelt auser, trakter, vispar, kjelar, bøtter og spann.

Om kveldande steig Zander gjerne opp på kaien på Halhjem, smatta på ei lita krumpipe med nydelig sylvmønster, og fortalde skrøner. I fengjande ordelag la han ut om den gongen parafinomnen eksploderte og flammane tok fyr i stakken til kona: «Ho Gunnhild hoppa - ! Ho hoppa minst tredve meter bortover sjøen.»

Sigurd held seg i bakgrunnen. Han var blekkslager. Onkelen min hyra Sigurd til å setja opp renner på hytta si i Ramsholmen. Eg var med då han tok mål. Det gjorde inntrykk at ein vaksen mann måtte ha hjelp til å notera lengdene; Han hadde ikkje lært å skriva.

Artikkelen held fram under annonsen.

Symjeknappen

Halhjemskaien var ein populær badeplass. Tvers over for kaien låg Gamlenaustet, ferieparadiset til familien Pihl. Alexander Pihl jobba på Hansa, og han hadde alltid med ein kasse brus når han kom på landet kvar helg. Spurte vi ungane høfleg, vart han med i den vesle robåten og rodde jamsides med oss medan vi symde 200 meter fram og tilbake mellom Halhjemskaien og Gamlenaustet. Så tildelte han oss symjeknappen. Det tok ein brå slutt då ferjene kom.

Kiosk-triumf

Ekspeditør Johannes Halhjem oppdaga at dei reisande kunne tenkja seg noko å leska seg på medan dei venta på å sleppa om bord. I 1967 fekk han sett opp ein kaffi- og buljongautomat med klar ordre til oss som var fungerande ekspeditørar på kveldstid: Hugs å fylla på drikkebeger, pulver og vatn. Automatsalet gjekk strålande. Året etter fekk Halhjem'en ein kiosk på plass og utvida sortimentet til is og sjokolade. I kiosken sat unge Margun frå Tysnes. Det vart mange ærend bortom kiosken og meir is enn sunt var den sommaren.

Neste sommar hadde familien Bjørkelund overtatt kioskdrifta, og mor sjølv, Pernelly, hadde funne suksessoppskrifta: Pølser frå Styve's Kjøtt på Osøyro og pølsebrød frå Nesse heimebakeri på Haugland. Hot-dogane til 'Nelly var vidgjeten kjende. Det kom kundar heilt frå bydn for å døyva svolten.

Plasstinging til bry

Fire år etter opninga hadde trafikken auka såpass at HSD splitta det opphavlege sambandet. Frå no av gjekk det eigne ferjer i sambandet Halhjem-Våge-Bruntveit og Halhjem-Sandvikvåg. Den gongen kunne dei reisande tinga plass på førehand. På fredagar og sundagar sommartid hende det at heile ferjeavgangar var førehandstinga av byfolk. Dei fastbuande på Tysnes og Stord som etla seg ærend til Bergen på kort varsel, risikerte å verta ståande i ventekøen i avgang etter avgang medan bergensarane slapp om bord.

Ein merknad i ferjeheftet hadde mykje krut i seg: Plasstinginga gjeld berre dersom bilen er møtt fram seinast 10. min. før fastsett avgangstid. Stakkars den ekspeditøren som ikkje hadde korrekt klokke og oversikt over køen. Bilførarane som kom for seint hadde mange fantasifulle orsakingar - eller dei meinte iallfall at nåde burde gå for rett. Dei som sto i ventekø og ville få den ledige plassen, var like klare: Reglar er til for å følgjast. Salige var dei som fekk det voksa og kulørte kortet med teksten PLASS RESERVERT stukke under viskaren. Livet på kaien vart keisamt då tingingsordninga vart avvikla i 1975.

Stolte sjøfolk

Mannskapet på ferjene var dei same år etter år. Dekkmannskapet gjekk med blå genserar med «HSD» på brystet. Bokstavane sto for «Her Slites Daglig», hevda dei sjølve. Kapteinane var tydelig byrge over ferjene dei førde. Bjarne Strand var skipper på fleire ferjer som gjekk på Halhjem det første ti-året - først «Bjørnefjord», seinare «Skånevik» og «Stord». Om morgonen hadde ferjene 40 minutts liggetid på Halhjem.

Kaptein Strand nytta tida til matauk. Han hadde ein plastbåt med påhengsmotor liggjande attmed kaien og drog ut kvar morgon og trekte garn medan ekspeditøren og billettørane ordna opp på kaien med bilar, passasjerar, gods og post. Dei første åra var det forresten ikkje postsortering på kaien. Post-vesenet hadde ein eigen mann om bord på «Bjørnefjord»; Han hadde fast lugar, gjekk i turnus og sto om bord ei veke i slengen.

Propell i begge endar

Det var trongt inne i hamnebassenget på Halhjem før heile Langeneset var sprengt vekk etter hundreårsskiftet. Ferjene måtte snu og leggja til med akterenden. «Bjørnefjord», og dei andre ferjene som var bygde på sekti-talet, hadde to propellar bak. Dei klarte å snu ved å la den ein propellen gå framover og den andre akterover.

Artikkelen held fram under annonsen.

I 1970 kom «Stord» og «Strandebarm» i rute. Dei hadde elektrisk baugpropell som bråka forskrekkeleg, men fekk ferja endå enklare i tunn. I dag har ferjene propell i begge endar og treng ikkje lenger snu for å gjera vendereis over fjorden.

Krigshelt

Ei av ferjene sleit med å snu, gamle «Vøringen» frå 1953. Ho gjekk stundom som reserve- eller suppleringsferje på Halhjem. «Vøringen» hadde berre éin propell. Her måtte det gjerne aktertamp til for å unngå å renna i tønneverkstaden til Halhjem'en.

Kapteinen på «Vøringen» la eg straks merke til, godsleg og traust, men med eit kroppsspråk som fortalde at han ikkje treivst når noko gjekk skeis. Han heitte Magnus Sandvik og var frå Eikelandsosen. Johannes Halhjem kunne fortelja: Han hadde vore gjennom store påkjenningar under den 2. verdskrigen.

Magnus Sandvik reiste som dekksgut i utanriksfart på Westfall-Larsen-skipet «Hosanger». Den 27. januar 1940 vart «Hosanger» torpedert av ein tysk ubåt utanfor Orknøyane. Magnus klarte å hoppa i sjøen og berga seg oppå ein flåte. Han vart funnen sterkt forfrosen etter femten timar. Magnus Sandvik var den einaste av mannskapet på 17 som overlevde forliset.

I 1944 var han matros på lokalbåten «Fusa» som gjekk i rute mellom Bergen og Midthordlandsbygdene. Den 8. januar om ettermiddagen runda «Fusa» Korsneset i stille ver med 42 menneske om bord. Her vart «Fusa» senka av allierte fly. Magnus fekk skotskader i rygg og skulder, men overlevde også dette forliset. Sju menneske mista livet. Kaptein Sandvik snakka aldri om desse krigshendingane til oss på kaien. Men vi fekk stor vørdnad for denne mannen.

Sundagstreff for søre-nesingane

Dei gamle dampskipskaiane var møtestad for folk som budde nære. Det nye ferjeleiet på Halhjem vart også samlingsstad for søre-nesingane på seksti-talet. Sundag kveld i sommarhalvåret sprada folk frå Lekven og Lunde og Haugland og Halhjem til ferjeleiet for å fretta nytt og sjå på folkelivet. Byfolk i hopetal skulle heim etter å ha vore på landet i helga. Dei fylte 30 bussar på det meste.

Med sommarrutene kom kriblinga: Korleis var det med restauratrisene dette året? Hadde nokon frå Askøy, Stord og Skånevik tatt fornya hyre? Var Turid, dotter til styrmannen, om bord? Eller kva med Ingrid, dotter til ein av sjefane på Stord Verft (ho som kunne spela Mein Papa på hammondorgel)?

Men i grunnen trengte ikkje vi på kaien å bry oss. Restaurantjentene var som sommarfuglar, vakre og lett av vesen, men akk så flyktige. Etter nokre månader var dei borte iallfall.

Artikkelen held fram under annonsen.

I dag er alt som minner om livet på ferjekaien på seksti-talet borte. Alle fasilitetane frå det første tiåret med ferjetrafikk over Halhjem er erstatta med noko meir moderne og større. Men nostalgien og godhugen for historia lever.