Olai (t.v.) og Elias Kobbeltvedt er klare for å samla inn pengar til Regnskogfondet.
Olai (t.v.) og Elias Kobbeltvedt er klare for å samla inn pengar til Regnskogfondet.

No kjem bøssebærarane

Meir enn 200 osingar er no ute og går frå dør til dør for å samla inn pengar til årets TV-aksjon.

- Folk gjer det til ein søndagstur. Vi har 185 offisielle bøssebærarar, men mange har med seg born også, så det er nok nokon hundre som er ute og spaserer nett no, seier Tove Hille, leiar for Os frivilligsentral og TV-aksjon-veteran.

Lokalkunnskap

Frå hovudkvarteret på Kyrkjetunet organiserer ho roder og folk og hjelper til med kartlesing. Ei av dei som ikkje er heilt trygg på alle krinklar og krokar i Os-bygda er kollega og kulturkonsulent Stine Kobbeltvedt.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg skal køyra ein bøssebærar til Lysefjorden, men eg er jammen ikkje sikker på alle detaljar om Søvikåsen og Nesjaryggen, seier ho og må tola litt godmodig erting for manglande lokalkunnskap frå Tove Hille.

- La gå at eg er innfødd osing, men du veit, eg vaks opp aust om elvo. Vi fekk jo ikkje lov til å gå over til andre sida, forsvarer ho seg.

Debutant

Mathilde Kallekleiv har meldt seg som bøssebærar for fyrste gong i år.

Kulturkonsulent Stine Kobbeltvedt skal vera lokalkjend sjåfør i Lysefjorden og har nettopp lest seg opp på kartet. Med seg har ho bøssebærar Mathilde Kallekleiv (t.v.).
Kulturkonsulent Stine Kobbeltvedt skal vera lokalkjend sjåfør i Lysefjorden og har nettopp lest seg opp på kartet. Med seg har ho bøssebærar Mathilde Kallekleiv (t.v.).
Firebarns-familien Gjerdevik-Kolstad har bøssebæring som ein årleg tradisjon. Dei to yngste, Vilma (t.v.) og Viola, er klare for ein runde i Prestegardskogen.
Firebarns-familien Gjerdevik-Kolstad har bøssebæring som ein årleg tradisjon. Dei to yngste, Vilma (t.v.) og Viola, er klare for ein runde i Prestegardskogen.

- Rett og slett fordi saka engasjerer meg, seier ho.

- Vi har faktisk merka at det er spesielt mange frå Miljøpartiet de Grønne som er er bøssebærarar, seier Hille.

Årets aksjon går til Regnskogsfondet og skal bidra til å berga eit område større enn Noreg og Danmark til saman.