Onsdag inviterer Torgeir Skjælaaen, Henriette Kleppe (her med dottera Selena) og resten av interimstyret i Berekraftig liv på Os til stiftingsmøte på Kuventræ skule.
Onsdag inviterer Torgeir Skjælaaen, Henriette Kleppe (her med dottera Selena) og resten av interimstyret i Berekraftig liv på Os til stiftingsmøte på Kuventræ skule.

No startar Berekraftige liv på Os - bli med!

Berekraftige liv på Oser i startgropa. Inspirert av storebror på Landås inviterer me osingane inn i eit nettverk av naboar, vener og kjende som ønskjer seg eit meir berekraftiglokalsamfunn.

Berekraftige liv er aksjonsbasert, og du kan venta deg at me vil ta initiativ til mange kjekke og sosiale aktivitetar som gjer Os grønare, trivelegare og meir berekraftig. Os kommune sin klimaplan seier at det er eit mål for kommunen å "motivera og mobilisera innbyggjarar og næringsliv til å ta aktivt del i klimadugnaden". Dette vil me knyta oss på, og ser fram til eit godt samarbeid med både kommunen og private aktørar.

Alt no har me fått i stand at Matkollektivet sin bil køyrer til Os med økologiske og lokalproduserte varer. Kva meir kan me få til i lag? Felles vedhogst? Ein bytering? Parsellhage sentralt i Os? Ein bildele-ring? Mindre kasting av mat? Sykkelverkstad? Saman kan me realisera gode idéar!

Artikkelen held fram under annonsen.

Som kystkommune har me fantastiske ressursar både i sjøen og i fjørekanten. Me vil invitera osingane til å bli betre kjende med kva etande som finst like utanfor stovedøra. Ei eiga gruppe som bl.a. tek for seg matlaging med lokale råvarer - gjerne ved hjelp av tradisjonelle metodar - er blant det me vonar å få til.

Ei kjernegruppe beståande av dei underteikna har jamlege møte for å få til offisiell oppstart av Berekraftige liv på Os i løpet av kort tid. Den 27. januar arrangerer me stiftingsmøte på Kuventræ skule, der alle interesserte er hjarteleg velkomne. På stiftingsmøtet kjem forandringsagent og initiativtakar til Bærekraftige Liv på Landås, Agnes Tvinnereim, for å inspirera oss. Etterpå kjem den formelle biten som handlar om å velja eit styre og å vedta nokre vedtekter.

Føremålsparagrafen er kanskje den viktigaste av formalitetane som skal vedtakast. Kjernegruppa har laga eit forslag til tekst - men me er svært opne for innspel både før og under møtet og under sjølve stiftingsmøtet.

Vårt forslag ser slik ut: "Føremålet med Berekraftige liv på Os er å skapa eit fellesskap av engasjerte osingar med berekraftig livsstil. Me vil løfta kvarandre ut av handlingslamminga, inspirera kvarandre til lågare forbruk, naturvenlege handlingar, solidaritet i klimautfordringa og gode fellesskapsløysingar. Berekraftige liv på Os skal ha som kjenneteikn at:

* Me vil vera handlings- og aksjonsbaserte

* Me meiner at nøkkelen til lokal endringskraft er å skapa lystprega arenaer for handling

* For å få det til ønskjer me å skapa eit nettverk av personar med god lokalkunnskap

* Me trur at det finst mange ubrukte ressursar i nærsamfunnet

Artikkelen held fram under annonsen.

* Me ynskjer å invitera alle menneske av god vilje til å finna løysingar i lag

* I dette fellesskapet har både skulen, idrettslaga, frivillige lag, trussamfunn, kvart enkelt individ og alle andre positive grupperingar ein sjølvsagt plass

* Me trur praktisk handling er meir motiverande enn å spreia informasjon

* Me trur på å jobba for det me ønskjer oss, heller enn å jobba mot det me ikkje ønskjer oss.

* Berekraftige liv skal difor byggja opp, og ikkje fokusera på det som ikkje fungerer

* Berekraftige liv på Os skal vera partipolitisk og religiøst uavhengig

* Organisasjonsforma vår med sitt lovpålagte papirarbeid skal haldast på eit minimum"

Me vonar at mange osingar kan stilla seg bak ein slik føremålsparagraf og blir med på dugnaden me no inviterer til. Bli med i Berekraftige liv på Os og skap den endringa du ønskjer å sjå i lokalsamfunnet ditt!

Artikkelen held fram under annonsen.

Henriette Kleppe, Torgeir Skjælaaen, Unni Sørensen, Ellen Siren Bruarøy, Øystein Lid