Tore Kleppe er tydelegvis ein populær kar i Os. - Eg håpar berre ikkje folk vert lei når dei ser andletet mitt i avisa igjen, seier han.
Tore Kleppe er tydelegvis ein populær kar i Os. - Eg håpar berre ikkje folk vert lei når dei ser andletet mitt i avisa igjen, seier han.

Nominert til «Norges hyggeligste håndtverker»

Os kommunes Tore Kleppe ligg førebels på 5. plass.

Etter ei veke på lista, har Tore Kleppe - kommunal «altmoglegmann», dugnadshelt og supportergeneral i Os Turn - 1645 stemmmer og ein femte plass i kåringa av «Norges hyggeligste håndtverker».

I skrivande stund er det litt under 2.000 stemmer fram til nummer ein.

Artikkelen held fram under annonsen.

Du kan stemma her: https://norgeshyggeligstehaandverker.no/nominert/Tore-kleppe/1551

Vel fortent!

«Det er så vel fortjent. Rett og slett et eventyr av en person og ressurs for alle som møter han. Helt konge.», «Denne prisen syns jeg virkelig du fortjener Tore. Stem i vei folkens!» og «Få han te topps, der kor han hører hjemme» er berre nokre av karakteristikkane som vert Tore til del på Facebook.

Men nominasjonen var det Monica Engelsen, boligkonsulent på NAV Os, som stod bak.

//norgeshyggeligstehaandverker.no)
//norgeshyggeligstehaandverker.no)

– I min jobb er det fantastisk å ha eit ja-menneske som Tore i andre enden. Han ser alltid løysingar, er positiv og fylgjer opp. Han er ein flott person å forhalda seg til som leiar for si avdeling, seier Engelsen.

Team-arbeid

Tore Kleppe takkar for godorda, men strekar under at han ser nominasjonen som eit klapp på skulderen til heile teamet.

– Det er veldig triveleg at folk set pris på måten vi jobbar på. Åleine kunne eg nemleg ikkje ha levert. Eg er avhengig av gode kollegaer på avdelinga, seier Kleppe som er ein av to teamleiarar for vedlikehaldsteamet til Tekniske tenester eigedom.

– Har du sjølv vore inne og stemt?

– Hehe, nominasjonen kom medan eg var på Sogndal Cup og då var det mange osingar som var inn og stemte. Eg var inn eit par gonger sjølv, men no trur eg det rullar og går utan mi hjelp, ler han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Setja inn støtet før finalen

Finalen går av stabelen på Boligmessen i Telenor Arena 15. september.

– Om eg framleis er med i teten når vi nærmar oss, får eg heller setja inn støtet.

Fram til 1. september kan du vera med og stemma på konkurransens heimeside. Du kan stemma fleire gonger på same person, men berre ein gong for dagen.

I tillegg til publikumsstemmene, vert kandidatane også vurdert av ein fagjury. Premien består av mellom anna tre års leasing av bil, verktøy og eigen stand på messa.

Anne Marie Aarøen Vangsnes

anne-marie@osogfusa.no