Julenissen aka Arne Skogedal var ein populær figur.
Julenissen aka Arne Skogedal var ein populær figur.

Osingane trassa regnet

Mellom to og 300 osingar trassa fredagens obs-varsel og møtte fram til fakkeltog og tenning av julegrana i Os sentrum.

- Folk kjem uansett. Dei kler seg og gler seg, smiler Steinar Bø. Butikkmannen har lang erfaring med Fakkelfredag og let seg ikkje skremma av nokre dråpar regn.

Og ganske riktig. Snart kjem fakkeltoget stimande og samlar seg rundt grana på Torget. Tøffe smårollingar med refleksvest, støvlar og regndress har så visst ikkje tenkt å gå glipp av årets fyrste julefest.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ull er gull

- Ding, dong merrily on high, syng damene i Nornekoret.

- Vi har kledd oss i ull frå inst til ytst, smiler kormedlem Tove Tvedt Skarstein.

- Eg trur eg har dekning for å seia at Nornekoret er det tøffaste koret i Os. Vi let oss ikkje stogga av noko, ler ho.

Heile nissefamilien.
Heile nissefamilien.
Det tøffaste koret i Os?
Det tøffaste koret i Os?
Gløggnissane frå Kongshaug musikkgymnas smugdrakk litt for å halda varmen.
Gløggnissane frå Kongshaug musikkgymnas smugdrakk litt for å halda varmen.
Kultursjef og julegrantennar Lisbeth Axelsen, korrekt antrukket i nisselue med glitter.
Kultursjef og julegrantennar Lisbeth Axelsen, korrekt antrukket i nisselue med glitter.
Alette Helland ynsker god elg.
Alette Helland ynsker god elg.
Adrian på tre og eit halvt gjer det einaste fornuftige og hoppar i dei enorme sølepyttane.
Adrian på tre og eit halvt gjer det einaste fornuftige og hoppar i dei enorme sølepyttane.
Populært med pakkar til borna.
Populært med pakkar til borna.

Dirigent June Strønen har komplettert eit antrekk beståande av ull og gore-tex med oransje panneband i ull.

- Os inspirerer, veit du, blunkar ho.

Kultursjef Lisbeth Axelsen får alle med på å telja ned til tenning av grana. Lysa kjem på til eit unisont sukk og spontan applaus. Så er det tid for nokre runder rundt treet.

Til slutt kjem han alle har venta på. Ikkje kundeombod Arne Skogedal, men sjølvaste julenissen og hjelparane hans.