På sopptur med Tina

Bli med på sopptur med Tina Bøe Buer. Her er det mykje å læra om skogens gull.

Soppkontroll i Os i haust.

Søndag 18. september. Smievågen/Moldegård , Os Tur i Bjånesmarka kl. 10.00 med oppmøte parkeringsplassen ved turvegen mot Smievågen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kontroll kl. 14.00-15.00. Kontrollør Gjertrud Jensen. Turleiar Tina Bøe Buer.

Anbefalingar om ein skal bruka soppfangsten sin til mat:

Plukk i kurv, ikkje i plastpose. Ikkje bland kjekt og ukjent sopp i same kurv. Eitt eksemplar av dei giftigaste soppane er nok til at ein må kassera alt i kurven.

Spis aldri sopp du er usikker på.

Plukk berre ung og frisk sopp. Gamle eksemplar er ofte markspiste og bederva, og ikkje eigna som mat.