Partia om INFRASTRUKTUR i Bjørnafjorden kommune

Måndag 9. september er det kommuneval og du kan vera med og bestemma kven som skal styra i nye Bjørnafjorden kommune. Kvar veke fram mot valet vil du kunne lesa om kva dei enkelte partia meiner om ei rekkje aktuelle saker. Denne vekens tema er INFRASTRUKTUR.

 

{{imageLeft}}

Sosialistisk Venstreparti

Nullvekstmålet i biltrafikk er viktig for oss i SV. For å nå nullvekstmålet er det viktig å leggja til rette for at ein kan nytta andre transportmiddel i heile kommunen. Vi meiner det må byggjast ut innfartsparkering for både bilar og syklar ved viktige trafikknutepunkt slik at det blir lettare for innbyggjarane å nytta kollektivtrafikk. Vidare er det og naudsynt å styrkja kollektivtilbodet, spesielt i krinsane. For å sikra betre framkommlegheit i kommunen, ønskjer vi også ei lokal bru som binder saman kommunen, samt utbetring av vegar i kommunen, slik at dei får gul midtstripe. SV er klart mot ferjefri E39 og meiner at dette er eit prosjekt som vil medføra enorme kostnader, både økonomisk og i form av naturinngrep, og har svært avgrensa samfunnsnytte. Det viktigaste for SV er trygge, driftssikre vegar, ikkje kolossale monument.

Artikkelen held fram under annonsen.

{{imageLeft}}

Arbeiderpartiet

Det skal bu folk i heile kommunen! Vi må sikra trygge skulevegar, med stor satsing på opplyste gang- og sykkelvegar. Til barna vil vi ha «Hjartesoner» for trygg av- og påstiging ved skular og barnehagar.

Vi seier NEI til bru over Bjørnafjorden og JA til Hordfast indre trasé, med arm til Bergen på E134 via Eikelandsosen til Lyseparken. FV 552 Eikelandsosen-Osøyro må oppgraderast til veg med gul stripe og gang- og sykkelveg. Fram til brua mellom Fusa og Os er på plass, må vi få hyppigare ferjeavgangar på strekninga Hatvik-Venjaneset. Vi treng fleire pendlarparkeringar ved kollektivknutepunkta! Vi vil jobba for å betra kollektivtilbodet både til-frå Bergen og få oppretta bestillingstransport der det i kommunen er begrensa etterspurnad etter skyss.

Vi vil sørga for trygg vassforsyning og jobba målretta med vedlikehald av vass- og avlaupsnettet. God digital infrastruktur med høgkapasitet internett og mobildekning må omfatta heile kommunen.

Vi vil at framtidig infrastruktur i kommunen skal byggast utan bompengefinansiering.

{{imageLeft}}

Høgre

Høgre ynskjer liv i alle bygder, og vil prioritera vedlikehaldssatsing på kommunale vegar. Difor må det etablerast strategiske planar for dette. Vi vil auka trafikksikringsfondet og prioritera førebyggjande tiltak for born og unge. Vi ynskjer å rusta opp gang – og sykkelstiar, slik at det vert tryggare å ferdast som mjuk trafikant. Med status som «Sykkelby», kan vi henta ut statlege midlar til dette arbeidet. Ved opparbeiding av gang- og sykkelstiar må vi tenkja «Raskt frå A til Å», slik at det vert lett å velja å gå eller åsykla. Høgre vil arbeida for betre internkommunikasjon i kommunen, med eit godt ferjetilbod, gul stripe mellom Osøyro og Eikelandsosen og snøggbåtrutetilbod til Søre Fusa, samt ta initiativ til å utgreia ein «Hent meg»-app. Vi vil starta forprosjekt «Fjordkryssing», og vera pådrivar for «E134-Hordalandsdiagonalen» med trasè gjennom Fusa og påkopling til ny E39 i Os.     

{{imageLeft}}

Artikkelen held fram under annonsen.

Venstre

Bjørnafjorden Venstre  vil fokusera på å byggja den nye kommunen vår. Det er viktig å aktivt jobba for at kommunane  skal bli ei eining, og vi  ønskjer stort fokus på dette arbeidet.

- Venstre er imot bru over Bjørnafjorden og vil arbeida for Hordfast indre trase via Fusa. Dette vil knyta Fusa- og Os-delen av nye Bjørnafjorden kommune saman med  bru over Fusa-/Samnangerfjorden.

- Vi vil rusta opp kommunale vegar, satsa på rassikring og sikring av vegkryss.

- Venstre vil jobba for trygge skulevegar  og betre og fleksible kollektivløysingar i Bjørnafjorden kommune.

- Venstre vil arbeida for gul stripe og gang- og sykkelsti mellom Eikelandsosen og Osøyro. 

{{imageLeft}}

Miljøpartiet de grønne

Vi seier nei til bru over Bjørnafjorden. Heile kommunen skal ha eit godt kollektivtilbod og trygge sykkelvegar. Fleire bussar og ferjer med hyppigare avgangar vil binda den store kommunen saman. Talet på innfarts-p-plassar må opp – også for syklar. Vi vil ha gågatesentrum på Øyro. To felt på nye Svegatjørn–Rådal bør reserverast til samkøyring/kollektivtilbod. Frå 2025 bør vi ha null utslepp frå kollektivtransporten på land og til sjøs.

Redusert bilbruk gjev færre ulukker, reinare luft og mindre støy. Vi prioriterer rassikring, gule striper i vegen, og gang- og sykkelvegar framfor bygging av nye vegar. Heile bilparken til kommunen bør bestå av nullutsleppskjøretøy, og vi vil sikra vidare utbygging av hurtigladepunkt. Vi ønsker betre rutinar for brøyting og rydding av fortau, gang- og sykkelvegar, og å prøva ut on-demand bussar i utkantane etter inspirasjon frå Sauda.

Artikkelen held fram under annonsen.

{{imageLeft}}

Senterpartiet

 SP vil utvikle heile Bjørnafjorden slik at folk kan bu, leve og arbeide der dei ynskjer. Me vil knytte kommunen tettare saman med god samferdsel og infrastruktur. Betre kollektivtilbod og vegar, hyppige ferjeavgangar, gang- og sykkelvegar, breiband og anna infrastruktur reduserer avstand mellom folk og marknad. Det skapar grunnlag for enklare kvardag, fleire arbeidsplassar og busetjing i heile kommunen. Sp vil difor arbeida for:  

- God infrastruktur med veg, fiber og 5G

- Ferjefritt samband, gul stripe og sykkelveg Fusa-Os

- Prioritera born når det gjeld trafikktryggleik

- Betre kollektivtilbod med fleire buss og ferje-avgangar

- Snøggbåtsamband mellom Nordtveitgrend og Osøyro

- Prioritert plan for forgjengarfelt, gang- og sykkelvegar

Artikkelen held fram under annonsen.

- Tunell mellom Eikelandsosen og Sævareid 

- Realisering av Hordalandsdiagonalen og indre kyststamveg

- Realisering av fylkesvegarmar Åsen-Helleskaret og Hildershavn-Drange

{{imageLeft}}

Fremskrittspartiet

Bjørnafjorden FrP vil følgja opp bygginga av ny E39 Os – Bergen, og sikra tverrsamband mot Lysefjorden og Søfteland. Vi seier nei til bompengar på eksisterande sidevegar til E39.  

Den viktigaste samferdslesaka no er å rusta opp FV552 Osøyro-Eikelandsosen med gul midtstripe, utvida opningstid på Hatvik-Venjaneset og oppgradering av ferjeleia m/servicetilbud, toalett og parkering. FrP vil væra pådrivar for utgreiing og realisering av ny bru mellom Os og Fusa. 

FrP satsar òg tungt på sentrumsutvikling på Osøyro og i Eikelandsosen, og vil etablera Prosjekt Liv i Fjord`n etter modell av Prosjekt Liv på Øyro. Begge tettstadane har stort potensiale i høve nye bustader, handel, næringskaiar, gjestehamn, marinaanlegg osv. 

FrP vil også leggja til rette for arbeidsplasser og verdiskaping gjennom nye næringsareal, som Lyseparken og Samnøy Næringsområde m/djupvasskai. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi vil arbeide for gang- og sykkelvegar på eksisterande fylkesvegar (Hatvikvegen, Hegglandsdalsvegen, Sperrevik-Sørstraumen, Venjaneset-Eikelandsosen) og etablera meir pendlarparkering langs E39.

Her finn du tidligare tema:

Eldreomsorg

Skule & barnehage

- Miljø 

 

Innhaldet i denne artikkelen er utarbeidd av marknadsavdelinga i Os & Fusaposten.

Os & Fusaposten skal ha eit tydeleg skille mellom redaksjonelt og kommersielt innhald. Om du opplever at denne eller andre annonsar ikkje er merka tilstrekkeleg, gje oss beskjed på e-post.