Foto: Illustrasjonsfoto

Partia om SKULE & BARNEHAGE i Bjørnafjorden kommune

Måndag 9. september er det kommuneval og du kan vera med og bestemma kven som skal styra i nye Bjørnafjorden kommune. Kvar veke fram mot valet vil du kunne lesa om kva dei enkelte partia meiner om ei rekkje aktuelle saker. Denne vekens tema er SKULE & BARNEHAGE.

{{imageLeft}}

Venstre

Bjørnafjorden Venstre vil satsa på at  born og unge som veks opp i den nye kommunen vår får ein solid og trygg oppvekst i eit godt miljø.

Vi vil:

- Ha meir  vidareutdanning av pedagogar i skulen for å styrka kvalitet i læringa.

- Leggja til rette for fleire yrkesgrupper i skulen for å møta kompleksiteten i skulekvardagen.

- Styrka kompetansemiljøet rundt barnehage og skule , PPT og helsesjukepleiar.

- Leggja til rette  for god kvalitet i barnehage og skule  gjennom gode rammer som gir nok kvalifisert arbeidskraft.

   

{{imageLeft}}

Høgre

Høgre har som mål at barnehagane og skulane i Bjørnafjorden skal vera mellom dei beste i landet. Vi har høge ambisjonar for born og unge. Våre mest dyrebare skal oppleva anerkjenning, meistring og tryggleik i kvardagen. Tidleg innsats i barnehage og skule, dyktige og kvalifiserte lærarar og ei god skulehelseteneste er viktige verkemiddel. Vi vil tilby etter- og vidareutdanning for tilsette i barnehage og skule for å auka kompetansen.

Vi vil prioritera trafikksikring rundt skular og barnehagar og få fart på oppgradering av uteområda ved dei kommunale skulane og barnehagane. Skulane våre skal oppleva eit løft innan digital infrastruktur med moderne audiovisuelt utstyr i klasseromma og digitale læreverkty som t.d. Chromebook til fleire elevar.

Vi vil ta initiativ til å innføra mobilfri skulekvardag for å ivareta det sosiale samspelet i skulegarden, og vil ha fokus på kosthald i skulen, ved å setja helse, ernæring og skulemat på dagsorden.

   

{{imageLeft}} 

Sosialistisk venstreparti

Vi i SV ønskjer at alle som vil, skal få barnehageplass i sitt eige nærområde, dette vil bidra til  tryggleik og kontinuitet i overgangen mellom barnehage og skule. I tillegg ønskjer vi at alle nye barnehagar i kommunen skal vera kommunale. Innbyggjaranes skattepengar bør brukast på best moglege tenester, ikkje gå i lomma på velferdsprofitørar. Skulen skal bli ein heilskapleg skule som reduserer forskjellar og hjelper både dei sterke og svake på ein best mogleg måte. Dette skal gjerast ved å innføra skulemat, leksefri skule, redusera foreldrebetalinga til SFO, styrkja meistringsteamet og tilsetja fleire miljøarbeidarar og helsesjukepleiarar. Vi ønskjer og å innføra ei tillitsreform som fjernar fokus på standardisert rapportering og testing og gir lærarane rom til å utøva fagleg skjønn for å gje elevane god oppfølging og konstruktive tilbakemeldingar.

   

{{imageLeft}}

Arbeiderpartiet 

Vi i AP vil innføra eitt sunt og gratis skulemåltid, og startar opp med frukost på ungdomskulane. Felles skulefrukost vil gje elevane ein god start på dagen, slik at dei vert klare for læring. Heimane er ulike og felles måltid vil vere med å utjamna forskjellar. Ulikheitar skal ikkje vere til hinder for meistring og læring. Ordninga med skulemat skal ikkje gå ut over læraren si tid til elevane.

Alle barn skal ha lese- skrive og reknegaranti. Vi må legge meir til rette for dei barna som meistrar best gjennom praktisk læring. Vi vil flytta fokus frå heimelekser til skulelekser og gjere forsøk med leksefri skule. For å betra spesialundervisninga, må vi styrka meistrings-/tverrfaglege team både i barne- og ungdomsskulen.

SFO må fyllast med aktivitet, kultur og leik!

Gode barnehagar er viktig for alle barn og spesielt viktig for barna som treng ekstra tryggleik, omsorg og oppfølging. Barnehagane må ha nok tilsette med rett kompetanse. For å sikra tidleg innsats må det vera enkel tilgang til heile kommunen sitt støtteapparat og fagmiljø.

   

{{imageLeft}}

Bjørnafjorden Frp

Bjørnafjorden FrP vil sikra full barnehagedekning, og ynskjer ein miks av private og kommunale barnehagar. Fokuset skal væra på kvalitet og kompetanse, og vi vurdera meir fleksible opningstider og barnehageopptak gjennom året.

På skule står vi framfor utbygging av Borgafjellet barnekule og ny ungdomsskule i Os, og i Fusa vil vi rusta opp eksisterande skular og behalda dagens skulestruktur i neste periode. Vedlikehaldsteamet skal utvidast, slik at ein kan dekkja byggningsmassen i heile den nye kommunen. 

Det viktigaste no er å skapa ein fellesskule i Bjørnafjorden med fokus på kvalitet og læringsresultat. Prosjekt Betre læringsresultat med tidleg innsats, høgare lærartettleik, forsterkingslærarar, Leselos, Språkløyper og Dei Utrulege Åra skal utvidast til heile Bjørnafjorden. Det same skal tilbodet med Mestringsteam (tverrfagleg team som tidleg bistår elevar med ekstra støtte i skulekvardagen). FrP er også positiv til ordningar med skulefrokost og –lunsj. Vi har nulltoleranse for mobbing, og vil vidareføra MOT-programmet på ungdomstrinnet og "Innsatsteam mot mobbing” for barnehagar og skular i Bjørnafjorden.

   

{{imageLeft}}

Bjørnafjorden MDG

Det skal vera høg kvalitet på barnehagar, skular og SFO-ar i Bjørnafjorden. Oppvekstsektoren må drivast slik at det mogleg å sjå og hjelpa det einskilde barnet. Vi ønsker meir midlar til tidleg innsats for å unngå utfordringar seinare i skuleløpet. Her er godt samarbeid med helsestasjon, psykolog og PPT viktig førebygging. Leksehjelp, leksefri skule og gratis SFO for born som treng særskilt språkopplæring, verkar også sosialt utjamnande. 

Vi vil ha på plass trygge skulevegar med fortau, sykkelstiar og sikker kryssing. SFO-tilbodet bør utvidast til 11 månader i året, og fleire skulekrinsar må få ferie-SFO. Alle utbyggingsplanar må innehalda tilstrekkeleg barnehage- og skuleplassar, og ta høgde for framtidige elevtal for å sikra nok skuleplassar i nærområdet. Skulen må gje born og unge god digital kompetanse. 

   

{{imageLeft}}

Bjørnafjorden Sp

Ein god barnehage og skule for alle.

Senterpartiet vil sikra at borna får ein verdifull og god barndom. 

Me vil styrke kvaliteten i barnehage og skule og difor vil me satse på kompetanseheving for dei tilsette og fleire tilsette per barn. 

I  Bjørnafjorden senterparti er me oppteken av at skulen skal vere ein god læringsarena der både elevar og læraren skal trivast. 

 Me ynskjer ein skule som speler på lag med nærmiljøet. 

Me vil arbeida for:

- Mjuk overgang frå barnehage til skule. 

- Å oppretthalda skule og barnehagestruktur. 

- Gratis skulemåltid. 

- Å styrkja arbeidet mot utanforskap og mobbing

- Stimulera til meir fysisk aktivitet, leik, trivsel og utforsking med naturen som klasserom.

- Å bli god på rettleiing mot yrkesfag.

- Å behalda dei fylkeskommunale vidaregåande skulane.

   

{{imageLeft}}

Bjørnafjorden KrF

Barnehagetilbodet må organiserast på barna og familiane sine premissar. Kvaliteten i barnehagane må sikrast gjennom krav til vaksentettleik, kompetansekrav, gode lokale og uteområde. KrF vil ha ein skule som i samarbeid og forståing med heimen, utrustar barn til å møte livet. God læring er avhengig av både fagleg innhald og rom for menneskeleg danning og utvikling. KrF vil arbeide for:

- ein tenleg barnehagestruktur, slik at familiane ikkje brukar unødvendig tid og pengar på transport

- ei familievenleg og fleksibel ordning for opptak i barnehage

- føreseielege rammer for private barnehagar

- tidleg og målretta innsats i skulen

- utvida Meistringsteamet til å omfatte skulane i Fusa

- kompetanseheving gjennom vidareutdanning, kollegarettleiing og mentorordning.

- at SFO skal vera eit tilbod på alle skular

- at Fusanisto blir vidareført

- ein tenleg skulestruktur

       

Her finn du temaeldreomsorg fra forrige veke.

 

Innhaldet i denne artikkelen er utarbeidd av marknadsavdelinga i Os & Fusaposten.

Os & Fusaposten skal ha eit tydeleg skille mellom redaksjonelt og kommersielt innhald. Om du opplever at denne eller andre annonsar ikkje er merka tilstrekkeleg, gje oss beskjed på e-post.