Fleire var nok ein gong for harde på gasspedalen forbi barnehagen i Hegglandsdalen.
Fleire var nok ein gong for harde på gasspedalen forbi barnehagen i Hegglandsdalen.

Politiet bekymra for høg fart ved barnehage - varslar fleire kontrollar

Politiet varslar fleire kontroller ved barnehage etter at fleire vart tekne i natt.

Natt til laurdag hadde politiet laserkontroll ved Hegglandsdalen barnehage - i 30-sona. Det vart skrive ut fire forenkla førelegg.

- Inntrykket etter kontrollen er at bilane held generelt høg fart i området, og me kjem til å halda fleire kontrollar i området i tida som kjem, opplyser vakthavande ved Os lensmannskontor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kl 12 fredag stoppa ein patrulje ein bil der det viste seg at føraren ikkje hadde gyldig førarkort. Mannen i 50-åra vedgjekk forholdet og vart anmeldt. Bilen vart stoppa ved Meny.

Kl 00.55 natt til laurdag stoppa ein patrulje ein bil som hadde montert blå lys under fronten. Eigaren fekk pålegg om å fjerna lysa, viss ikkje ventar ein anmeldelse. Ein annan bileigar fekk pålegg om å utbetra manglande nærlys framme.

Os-politiet vart også tilkalt i samband med ulukka i Samnanger i går kveld. Tre bilar var involverte. Ulukka skjedde i krysset der ein tek av til Norheimsund/retning rundkøyringa ved Trengereid. 

- Ulukka skal ha skjedd då ein bil som kom frå Norheimsund-sida skulle svinga av inn mot Os og vart treft av ein bil som kom frå Trengereid-sida. Desse trefte sidan ein bil som stod i krysset og skulle ta av mot Norheimsund, fortel vakthavande. 

Ein av dei involverte vart henta med Luftambulansen og ein annan vart frakta med ambulanse til Haukeland. Den tredje skal ha kome frå ulukka utan fysiske skader.