Med ein svartkledd Rafael Villen i midten, takkar Os supporterane for støtta.
Med ein svartkledd Rafael Villen i midten, takkar Os supporterane for støtta.

Rafael Villen vart dagens mann då Os knuste sogningane

Spanjolen skåra to av fire mål på Fosshaugane stadion fredag kveld.

Med fleire osingar enn sogningar på tribuna  på Fosshaugane, dagen før Lerum Cup brakar laus, fekk Os nærast heimebane på bortebane. 

Og laget tok styringa om lag frå avspark. Femten minutt inn i kampen sette Rafael Villen ballen i mål. Etter det såg Os seg aldri attende. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Berre eit par minutt etterpå, vart Roger Blokhus Ekeland felt av Fjøra-keeperen inne i 16-meteren.

Ekeland tok sjølv straffesparket og auka leiinga til 2-0.

Auka i andre omgang

Osingene heldt fram med å pressa sogningane i andre omgang.

Ingen tvil om kven som styrte butikken på Fosshaugane denne kvelden.
Ingen tvil om kven som styrte butikken på Fosshaugane denne kvelden.
Mats Cato Moldskred prøvde seg på ein brasse, men ballen gjekk dessverre ikkje i mål.
Mats Cato Moldskred prøvde seg på ein brasse, men ballen gjekk dessverre ikkje i mål.
Roger Blokhus Ekeland skåra på straffe etter å ha blitt felt av Fjøra-keeperen. Her vert han gratulert av kaptein Marius Mikkelsen (nr. 6).
Roger Blokhus Ekeland skåra på straffe etter å ha blitt felt av Fjøra-keeperen. Her vert han gratulert av kaptein Marius Mikkelsen (nr. 6).
Rafael Villen jublar etter sitt fyrste mål.
Rafael Villen jublar etter sitt fyrste mål.

I det 74. minutt sette Rune Johan Mo ballen i mål og gav Os 3-0. Hadde det vore noko spenning igjen i kampen, var den i alle fall over då.

Og då Rafael Villen skåra på overtid etter 91 minutt, var det berre å gje seg over. Både publikum og Villen sjølv, kunne ikkje anna enn å le.

Denne kvelden var Os rett og slett suverene.