Kasper Skaanes og Fredrik Heggland kom haltande til fotballskulen på Søre Neset, men dei skadde Brann-spelarane var likevel i godt humør.
Kasper Skaanes og Fredrik Heggland kom haltande til fotballskulen på Søre Neset, men dei skadde Brann-spelarane var likevel i godt humør.

Skadde heltar på vitjing på Søre Neset

Det var stor stas då Brann-spelarane Kasper Skaanes og Fredrik Heggland kom haltande inn på fotballskulen på Søre Neset onsdag.

- Dei skulle eigentleg vore her i går, men då var det visst noko kluss med dobbeltbooking, så det var veldig godt at dei kom no i staden. Dette er noko borna har sett fram til, seier leiar i Søre Neset Idrettslag og ansvarleg for den 10. utgåva av Tine fotballskule på Søre Neset, Arthur Botnevik.

Morosam dag

Osingen Fredrik Heggland og Nymark-guten Kaspar Skaanes kom til Søre Neset i 10-tiden onsdag. Dei to Brann-spelarane var berre nett passe sikre på kvar dei skulle vidare etter visiten på Halhjem.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg trur me skal til Nore Neset, eller? undrar Fredrik.

- Spør ikkje meg. Det var du som hadde fått papira, ler Kasper.

Etter ein prat med underteikna vert dei samde om at det må vera Os Turn og Kalandseid som står for tur resten av dagen.

- Det er kjekt med slike fotballskule-besøk. Eg hugsar eg likte å helsa på Brann-spelarane sjølv då eg var liten, seier Skaanes.

Han hadde Robbie Miller som helt.

- Han var fenomenal. Han såg absolutt ikkje ut som ein fotballspelar, men var smart som berre det, og slo dei geniale pasningane, smiler Kasper.

Kritiske spørsmål

Både Kasper og Fredrik er skadde og uaktuelle for kampen mot Kristiansund det er sjølvsagt surt.

- Eg måtte operera menisken etter skaden mot Åsane. Truleg ryk det meste av sesongen, fortel osingen Fredrik Heggland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kasper håper å bli frisk i løpet av ferien.

- Eg har noko eg slit med i ankelen etter kampen mot Sarpsbort. Ifølgje legen kan eg ikkje trena fotball før om seks veker, sukkar Skaanes.

Vel framme hos fotballskuleelevane på Søre Neset idrettsplass vert dei to spelarane grilla med all slags spørsmål.

- Korleis kan de gå frå å vera så gode til å suga så sjukt, undrar ein gut i flokken.

- Det er vanskeleg å svara på. Me liker vel å tenkja at me ikkje alltid er like dårleg, seier Skaanes.

- Men kvifor er de ikkje like gode som då de vann gull i 2007? undrar ein annan unggut.

- Dei hadde vel eit anna mannskap då. Eit lag eg sjølv var og såg på og digga, fortel Skaanes, som er fødd og oppvaksen like ved stadion i Bergen.

Allsidig veke

Totalt 82 elevar var med på den tiande utgåva av Tine fotballskule. Det var heilt i grenseland av kva dei har kapasitet for.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me bruker å ha tak på 80, men då det berre var to fleire på blokka tok me dei med. Alt i alt har det gått veldig fint, seier Botnevik.

Måndag hadde dei vitjing av den nye stigebilen til Os brannvesen. Etter Brann-spelar-besøket onsdag, var betjentar frå Os lensmannskontor venta.

- Me liker å bryta litt opp med andre ting enn berre fotball. Det har det vist seg at elevane set pris på, seier Botnevik.