Mats Hetleflåt og Sander Wågsæther Egenæs er komne langt i Pokémon-samlinga. - Det viktigaste er at me har flest blant gjengen i vennekrinsen vår, humrar dei to.
Mats Hetleflåt og Sander Wågsæther Egenæs er komne langt i Pokémon-samlinga. - Det viktigaste er at me har flest blant gjengen i vennekrinsen vår, humrar dei to.

- Skal støvsuga Os for pokémon

Pokémon-jakta i Os tek fullstendig av. Mats og Sander er hekta, og vil fanga kvar minste vesle monster i bygda.

- Jaudå, du kan godt seia me er litt biten av basillen, seier Mats Hetleflåt og Sander Wågsæther Egenæs.

Dei to 19-åringane sit på ein benk på Kyrkjeflata og pustar ut etter fleire timar på jakt i Os sentrum.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me er komne ganske langt. Mats er på level 19, medan eg er på level 15, fortel Kuventræ-gutane.

Grusa kompisane

Sjølv om det berre er ei veke sidan Pokémon Go kom til Noreg har det teke fullstendig av. I venegjengen til Mats og Sander er det på langt nær nokon barnsleg aktivitet å driva med dette.

- Nei, me har det moro med det. Dessutan er det hard kamp om å vera beste pokémon-samlar i gjengen. Til no har eg samla 400. Eg trur ikkje det er så mange som har samla fleire enn meg blant våre vener, seier Mats.

Norenesingane Oliver Rasmussen, Eirik Nordfonn og Lasse Bårdtvedt er godt i gang med jakta på Kyrkjeflaten i Os.  Oliver og Lasse er på nivå åtte, medan Eirik nett har byrja å spela og er på nivå tre.
Norenesingane Oliver Rasmussen, Eirik Nordfonn og Lasse Bårdtvedt er godt i gang med jakta på Kyrkjeflaten i Os. Oliver og Lasse er på nivå åtte, medan Eirik nett har byrja å spela og er på nivå tre.
Telthusplassen er blitt ein populær plass for Pokémon-samlarar.
Telthusplassen er blitt ein populær plass for Pokémon-samlarar.
Marthe Sundal og Aksel Jakobsen venter på at Pokéstops-en som Aksel har lagt ut skal bringja fram fleire monster til Telthusplassen. Dei to var på nivå seks og ni då "Os og Fusaposten" prata med dei i går ettermiddag. I dag er dei truleg på eit langt høgare nivå.

Eivind Rolstad er på besøk hos bestemora si ovanfor Mobergsvikjo. Torsdag tusla han rundt i Os for å slå ihjel t id og samla litt Pokémon.
Eivind Rolstad er på besøk hos bestemora si ovanfor Mobergsvikjo. Torsdag tusla han rundt i Os for å slå ihjel t id og samla litt Pokémon.

Sander har nesten samla 300.

- Fortel de til kvarandre kvar det er gode jakt-tilhøve?

- Hehe, jo, ja. Me kan jo missleda konkurrentane våre, men jauda, me hjelper også til med å fortelja folk om kvar det er god fangst.

- Og kvar er det bra fangst i Os no då?

- Nei... det er jo nokre hemmeleg stadar, men der borte på Telthusplassen er ein fin plass å byrja for nybyrjarar, røper dei to vidarekomne spelarane.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kjem de til å finna alle Pokémonane i Os då?

- Me skal støvsuga bygda for Pokémon, ler dei to.

- Kva gjer de etterpå då?

- Då må me til Bergen, eller andre stadar. Jakta kjem sikkert til å halda fram til langt ut på hausten.

Pokestops

På nemde Telthusplassen er det som gutane sa truleg svært gode fangsttilhøve. I alle fall etter oppmøte å døma. Plassen kryr av born og unge som går eller sit med nasen ned vendt mot Pokéman-kartet på mobilen.

- Me har nett starta, men det er veldig moro. Dette er ikkje berre for born. Me blir hekta me også, ler Marthe Sundal og Aksel Jakobsen.

Aksel har nett aktivisert Pokéstops på plassen.

- Når me gjer slik vil det koma ekstra mange Pokémon i løpet av den neste halvtimen. No sit me berre å ventar på å hala i land fangsten, humrar dei to 20-åringane.