Politiet måtte roa ned fleire personar som hadde vore ute på fest i løpet av natta.
Politiet måtte roa ned fleire personar som hadde vore ute på fest i løpet av natta.

Slåsting på julebord og familievald

Det har vore ei natt med ei rekkje ordensforstyrringar i Os.

Like før midnatt fekk politiet melding om at det hadde brote ut slagsmål blant ca. ti polakkar utanfor Oseana etter eit julebord.

– Patruljen kom raskt til staden og fekk roa det ned. Ein mann i 40-åra fekk pålegg om å halda seg borte frå sentrum resten av natta, og det etterkom han, opplyser operasjonsleiar Morten Rebnor.

Artikkelen held fram under annonsen.

To personar enda opp med eit ukjent skadeomfang, ifølgje politiloggen.

Diverse ordensforstyrringar

I løpet av natta måtte politiet også roa gemyttane kring utestadene på Osøyro. Ein person fekk pålegg om å halda seg vekke frå sentrum etter å ha skrike til ein vakt ved utestaden Empire. Sidan mannen i 40-åra ikkje etterkom pålegget frå politiet, men viste seg på Øyro på nytt, blir det oppretta anmelding.

Rundt stengjetida (kl. 3) oppstod det krangling i Torggata mellom nokre personar i 20-åra, men det roa seg utan at det utvikla seg til fysisk vald.

Patruljen kom også over ein overstadig rusa person som vart køyrt heim.

Familievald og skot

I morgontimane i dag kom det melding om familievald ein stad i Os.

– Denne familievaldssaka er pågåande. Me har pågripe ein mann i 40-åra. Ei kvinne er lettare skadd, og mannen har også opptredd trugande. Ein patrulje tek avhøyr av henne. Me er i dialog med jurist om kva som bør skje vidare, opplyser Rebnor.

Klokka 6.40 fekk politiet melding om at nokon hadde høyrt at tre skot vart avfyrte i området kring Kuhnlevika. To bilar vart sendt, men ingenting funne.

ol@osogfusa.no