Ronny Eide var skikkeleg uthaldande på kickboskinga. Instruktør Jarleif Amundsen vart verkeleg imponert over den tøffe 19-åringen frå Os.
Ronny Eide var skikkeleg uthaldande på kickboskinga. Instruktør Jarleif Amundsen vart verkeleg imponert over den tøffe 19-åringen frå Os.

Slo seg laus på Nordsjøstevnet

Fire osingar frå Kuhnletunet deltok i Nordsjøstevnet onsdag. Ronny Eide nekta å gje seg å boksa.

Dei hadde det utvilsamt veldig kjekt dei fire frå Kuhnletunet som fekk vera med på Sjøfartsdirektoratet sitt idrettsstemne for menneske med nedsett funksjonsevne onsdag føremiddag.

Totalt var 230 deltakarar i aksjon på det flotte arrangementet på Fana stadion, og både deltakarar og følgjekameratane koste seg i haustsola.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette er heilt storveges. Det er andre gong me er her, og me kosar oss like mykje i år som i fjor. Det er utruleg godt lagt til rette for aktivitet og moro, seier ein av følgjesvenene frå Kuhnletunet, Tove Gylløw.

Rikeleg med aktivitetar

Med entusiastiske Dag Lindebjerg som speaker og proffane som underhaldarar var ramma rundt arrangementet perfekt.

Dei fire osingane deltok på ei rekkje aktivitetar og leiker.

Amalie Folgerø, Anne Lise Rafdal Grøhn og Remy Kristoffer Opheim hadde god grunn til å vera nøgde med 60-meteren dei gjorde unna på Fana stadion onsdag.
Amalie Folgerø, Anne Lise Rafdal Grøhn og Remy Kristoffer Opheim hadde god grunn til å vera nøgde med 60-meteren dei gjorde unna på Fana stadion onsdag.

- Det som er kult her er at ein ikkje konkurrerer så mykje med andre. Hovudpoenget er at deltakarane får prøva ulike idrettar og ha det morosamt, seier Lindebjerg.

For osingane gjekk det i eit bankande køyr. Sjølv turleiarane vart slitne etter kvart.

- Det er i grunnen greitt at me er fire følgjarar i dag. Det er så mange ting dei vil vera med på, så då må me gå litt kvar for oss, seier Gylløw.

Osingane starta med lengde og 60 meter. Deretter vart det bowling og madrass-hopping, før dei fann kvar sine favoritt-aktivitetar.

Gjekk fem rundar

Ronny Eide vart fullstendig hekta på kickboksing. 19-åringen fann ein god sparringspartnar i Jarleif Amundsen og såg ei stund ut til å ta instruktøren frå Fana Kickboxingklubb på kondisjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette er dagens mest uthaldande. No har han køyrt fem rundar, og framleis ser han ut til å villa slåst meir, humra Amundsen.

Til slutt måtte Gylløw lokka med seg den slagferdige kameraten bort i pølsebua for å ta ein pause.

Då Amundsen ville takka osingen for kampen, tok Ronny favoritt-trikset sitt, heva handa som om han var klar til å ta "high five", før han lett og elegant unngjekk instruktørens hand og heller fiksa sin eigen sleik.

Danseteam

Amalie Folgerø og Anne Lise Rafdal Grøhn var også i aksjon i dei fleste øvingane, men etter å ha gått runden, brukte dei det meste av tida i hjørnet for musikk og dans.

Dei to svinga seg med både kjende og ukjende, og då Proffane drog i gang med full konsert, var dei klare i fremste rekkje for å klappa takten og å syngja med.

Remy Kristoffer Opheim var Kuhnlegjengens mest ettertrakta denne føremiddagen. Ikkje berre vart han filma av Os&FusaTV, 26-åringen vart også fotografert av BT og intervjua av Bergensavisen. Spesielt såg det ut til at bergenspressa fall for osingens eigne evne til å syta for strike og full poengsum på bowlingbanen.