Herlege, velsmakande fiskepakkar vart tilberedt over open eld i Losjehagen. Losjehagen Fiskerestaurant gjekk heilt tom for fiskemåltid denne dagen.
Herlege, velsmakande fiskepakkar vart tilberedt over open eld i Losjehagen. Losjehagen Fiskerestaurant gjekk heilt tom for fiskemåltid denne dagen.

Starta Losjehagen Fiskerestaurant i skuletida

Tysdag denne veka sto fisk på timeplanen heile dagen på Søre Fusa skule og Søre Fusa barnehage. Tor Arne Irgens kom med ein tilhengjar full av levande fisk.

Rektor ved Søre Fusa skule, Britt-Mari Gjerde, har gjeve oss denne kjekke stemningsrapporten frå den spanande dagen:

Fisken kom heilt frå Kalandsvatnet til Søre Fusa. Aure og røye er god matfisk, og det var desse fiskeslaga borna skulle jobba med denne dagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elevane på skulen vart delte inn i grupper og fekk jobba med fisken på ulike måtar. Barnehageborna gjekk til og frå dei ulike gruppene, dei stoppa lengst ved den levande fisken og syntest dette var svært fasinerande.

Borna fekk sjå kvar maten kjem frå. Den dukkar ikkje plutseleg opp i butikken. Det må gjerast eit arbeid, noko borna fekk erfara.

På første stasjon fekk alle både sjå og ta på fisken. Dette var stor stas. I tillegg til aure og røye var her også nokre ål og karus som elevane fekk sjå på. Desse skulle Tor Arne ta med seg att. Ål er ein spanande fisk fekk elevane vita. Den reiser langt av garde for å gyta kunne Tor Arne fortelja.

Ei gruppe stod for registreringsarbeid. Dei vog og målte fisken og registrerte data i diagram. Fisken gjekk så vidare til neste stasjon der den vart sløyd og filetert. Frå denne stasjonen vart fisken levert til kokkegruppa. Dei pakka fisken i folie saman med krydder, gulrøter og purre. Som tilbehøyr laga dei poteter.

På ein stasjon litt bortanfor dei andre, studerte elevane korleis ein fisk ser ut inni. Engasjerte elevar var ikkje redd for å utforska. Når barnehageborna kom for å sjå, kunne elevane begeistra fortelja kva dei ulike organa var. Solveig Rosvoll leia arbeidet med å dissekera fisk og finna ut kva alt dette inni fisken er; magesekk og gjeller, tarmsystem, hjerne og hjarta.

Elevane fekk og sjå korleis rogn ser ut, dei modigaste fekk og smaka på den. Det er annleis å sjå og få ta på fisken enn å sjå dei i bøker eller på skjerm. Det blir mykje meir verkeleg. Elevane lærer mykje meir av å få vera med, ta og kjenna på, få sjå, smaka – alle sansane er i bruk.

Herlege, velsmakande fiskepakkar vart tilberedt over open eld i Losjehagen. Mange av borna var skeptiske i starten, og meinte dei ikkje likte fisk i det heile. Men smaka kunne dei jo alltids. Og jammen smakte det godt! Losjehagen Fiskerestaurant gjekk heilt tom for fiskemåltid denne dagen.

Både elevar og barnehageborn hadde ein kjekk dag saman. Frå å vera svært skeptiske til levande fisk gjekk born og elevar til å vera trygge, stolte og kunnskapsrike. Ein skulle heim og læra papen å sløya fisk, ei skulle heim og be mammo steika fisk til middag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Britt-Mari Gjerde

Rektor Søre Fusa Skule