Nei, dei er ikkje på jakt etter Blues Brothers i kveld. Highway Patrol var sjølvsagt til stades for å kasta 4. juli-glans.
Nei, dei er ikkje på jakt etter Blues Brothers i kveld. Highway Patrol var sjølvsagt til stades for å kasta 4. juli-glans.

Stoppa trafikken for å feira 4. juli

Over 100 amerikanske bilar frå Os AmCar-klubb markert den amerikanske nasjonaldagen på Øyro i kveld.

– Eg er utkommandert av svigermor mi for å vera trafikkvakt, smiler Aleksander Hope Hoel. Svigermor er forresten Jenny «Nutta» Dale, årelang medlem av AmCar-klubben.

Iført gul refleksvest har svigersonen teke oppstilling på hjørnet ved Nordisk Rom på Osøyro. Han er klar til å dirigera trafikken når eit hundretals amerikanske bilar og motorsyklar om få straksar kjem køyrande for å toga gjennom paradegata i sentrum.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er klart vi må markera 4. juli. Etter kortesjen blir det fest og burning-konkurranse på Er-An, smiler han.

– Så det vil lukta svidd gummi over heile Søfteland i kveld?

– Hehe, vi satsar på at vindretninga står vekk frå vegen slik at vi ikkje irriterer vegvesenet. Då kan det henda vi må gi oss, seier han.

Bussen må pent finna seg i å venta medan dei amerikanske doningane cruisar forbi.
Bussen må pent finna seg i å venta medan dei amerikanske doningane cruisar forbi.

anne-marie@osogfusa.no