Kundane var av det heilt spesielle slaget på Fjord'n Senter laurdag.
Kundane var av det heilt spesielle slaget på Fjord'n Senter laurdag.

Superheltar, brannmenn og flaggermus på senteret

Laurdag var Fjord'n Senter fylt med mange ulike skapningar. Då var det nemleg duka for karneval. Her kunne ein møta på alt frå superheltar til brannmenn og flaggermus.

Karnevalet starta med ein omgang med stolleiken. Borna var ivrige etter å få kapra seg ein sitjeplass før musikken stoppa. Til og med ein pirat frå banken prøvde seg i leiken.

Det neste på programmet var limbo. Kven skulle tru at prinsesser, piratar og supermenn kunne vera så tøyelege?

Artikkelen held fram under annonsen.

Piratar og skattejakt

Etter limboen tok piratane frå banken over styringa av skuta. Det var tid for skattejakt! Alle borna sprang ivrige frå post til post. På postane var det nye rebusar barna måtte løysa for å koma seg vidare i jakta på skatten.

Skattejaktas siste stopp var sjølve kvelvet til banken. Etter siste oppgåve blei ungane einige om at det var bak denne tunge døra skatten var gøymd. Ved hjelp av nøklane til piratane kom dei seg inn. Vidare måtte dei løysa ei siste gåte før dei fann bankboksen der skatten låg gøymd.

Spenningen var til å ta og føla på for dei som var tilstades, spesielt for dei forventningsfulle borna. Det at eit bankkvelv fullt av born kunne vera så stille, skulle ein ikkje tru. Då skatten full av gullpengar vart opna derimot...

Pengane blei delt broderleg mellom alle dei nøgde borna.

Deretter var det pinata som sto for tur. Den fargerike pinataen fekk hard medfart då dei godteklare borna gjorde det dei kunne for å få det til å regna godteri.

Pinataen måtte gje tapt

Pinataen var seigare enn ein skulle tru, men etter ei stund måtte den gje etter for slaga frå både spidermenn og ninjaar.

Karnevalet blei avslutta med ei kåring av tøffaste, finaste og mest kreative kostyme. Stolte kom dei tre vinnarane til scenen der dei mottok sine premiar.

Det var også mogelegheit for ansiktsmåling og kjøp av popkorn og sukkerspinn til bornas store glede. Denne dagen fekk både store og små fryda seg med kjekke aktivitetar og flotte utkledningar på Fjord'n Senter.

Artikkelen held fram under annonsen.

På heimvegen fekk alle superheltane og dei andre skapningane med seg sin eigen gassballong.