Viviann N.Thorsen og Rineta Pakalniskyte rocka det godt opp i eit av innslaga i "Remember my name".
Viviann N.Thorsen og Rineta Pakalniskyte rocka det godt opp i eit av innslaga i "Remember my name".

Svolten på Fame

Dei 60 elevane på «Sal og scene»-valfaget på Nore Neset skule viste seg verkeleg verdig nokre kveldar i spot-lighten.

Elevane ved valfag-linja presenterte musikalen «Remember my name» frå måndag til torsdag førre veke.

I stykket handlar det om å finna talent, utvikla dei og gjera dei klare for scenen. I verkelegheita gjorde samtlege 40 skodespelarar, songarar og dansarar nett dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det store ensemblet med kring 40 sceneaktørar, musikalband, blåserekkje, kor og scene- og lysansvarleg fungerte som eit strålande kollektiv.