Han har blitt ein populær mann på kaien i Os, Tomas Ådland. Her er det Renate Sperrevik som handlar fisk av han. Ho kjøpte likegodt til både seg sjølv, far sin og bestemora.
Han har blitt ein populær mann på kaien i Os, Tomas Ådland. Her er det Renate Sperrevik som handlar fisk av han. Ho kjøpte likegodt til både seg sjølv, far sin og bestemora.

Thomas og dei andre to(r)skane

Han har mykje fisk og mykje sjølvironi. Tomas Ådland er blitt ein populær herremann på kaien i Os.

– Her kjem eg og dei andre toskane, skjemter yrkesfiskaren frå Ådland i Fusa.

På sin sjette tur til kaien i Os har han med seg over 300 kg torsk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er god plass til torskar i denne sjarken. Nett no har eg 300 kg i tanken under her, og ein godt vaksen tosk nett passe tung på dekk her oppe, humrar 74-åringen.

Langt liv med fisking

Tomas har vore yrkesfiskar så lenge han kan hugsa. Når han byrja, er han usikker på.

– Eg fekk i alle høve min første båt, «Boknaskøyten», i 1974. Før den tid fiska eg fleire år for far min, Johannes. Då gjekk det mest i brislingfiske, seier Tomas.

Eg fiskar i området kring Tysnes-øya bak meg her, men meir konkret enn det vil eg ikkje vera, seier Tomas etter å ha fått spørsmål om kvar han finn så mykje fin torsk.
Eg fiskar i området kring Tysnes-øya bak meg her, men meir konkret enn det vil eg ikkje vera, seier Tomas etter å ha fått spørsmål om kvar han finn så mykje fin torsk.
Tomas lovar at han kjem att til Os med meir fersk fisk, men faste dagar vert det ikkje. ñ Det er ikkje godt å forskottera når fisken bit, smiler 74-åringen.
Tomas lovar at han kjem att til Os med meir fersk fisk, men faste dagar vert det ikkje. ñ Det er ikkje godt å forskottera når fisken bit, smiler 74-åringen.
Brannsjef i Fusa Gunnar Hatlelid og mannskapet hans klarte ikkje å berga Tomas sin 32 fots store sjark i fjor vinter. I november i fjor fekk fiskarveteranen ny båt.
Brannsjef i Fusa Gunnar Hatlelid og mannskapet hans klarte ikkje å berga Tomas sin 32 fots store sjark i fjor vinter. I november i fjor fekk fiskarveteranen ny båt.
I tanken om bord har Tomas plass til bort imot 500 kg med fisk.
I tanken om bord har Tomas plass til bort imot 500 kg med fisk.

Basen har han heile vegen hatt i Ådlandsfjorden ved Holmefjord - plassen han er fødd og vaksen opp.

– I tidlegare år reiste eg lengre for å finna fisken. I dag held eg meg mest i områda rundt Bjørnefjorden.

– Har du nokre gode område der det nappar meir?

– Det er klart, men eg seier ikkje det til deg, så du kan fortelja det til alle lesarane dine, flirer 74-åringen og blinkar lurt.

Tungt arbeid

Sjølv om han forlengst er passert pensjonistaldaren har han ikkje tenkt alvorleg på å gje seg. For Tomas er fisking arbeid og slit, men også rekreasjon og kos.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg likar både arbeidet og det å møta folk for å selja fisken, men det er klart. Det er stundom ganske tungt.

I snitt er han ute og fiskar fem-seks dagar i veka.

– På det meste sit eg ut bortimot 40 garn. Det er mykje jobb både før og etter ein trekkjer opp, seier han.

– Det finst dagar der du kjenner på at det kan vera tungt?

– Ja, så absolutt. Når det rengar og bles som verst, så tenkjer eg at eg burde slutta med dette, men så kjem eg heim, får dusja og får på meg tørre klede, og så kjenner eg meg nøgd og tilfreds. Nøgd over å ha gjort ein innsats, og nøgd over å ha fullført nok ein arbeidsdag.

– Du finn meining med arbeidet?

– Ja, det er noko tilfredsstillande over å ha god helse og å kunna gjera ein manns jobb. Nei, eg held nok på nokre år til, tenkjar eg.

Populær mann

Så har han sjølvsagt også dei dagane kor alt er berre skjønt. Når sola skin frå blå himmel og fjorden ligg stille og flat som eit gedigent stovegolv framfor han. Og ikkje minst, dagane når han er ute og sel unna det han har fiska opp.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er veldig kjekt. Første gong eg kom til Os denne vinteren var det lang, lang kø for å handla hos meg. Skulle nesten tru det var opning av nytt pol, ler fiskaren.

Då Os og Fusaposten helste på han sist laurdag, var det mindre kø, men stadig nok folk bortom til at ein må kunna slå fast at interessa er stor.

– Dette er blant dei siste turane mine med torsk. No er han snart ferdiggytt og då er den sesongen over. Det neste blir vel å fiska kreps og litt anna fisk, seier han.

I løpet av den halvannan timen han låg til kai selde han bra unna.

– Eg hadde med meg kring 300 kg. No har eg seld unna 180. Det må eg seia meg nøgd med, konstaterer han.

Handla til familien

Blant dei som nytte seg av tilbodet var Renate Sperrevik. Ho klinte like godt til og kjøpte fisk til både bestemora og far sin.

– Eg har ikkje handla her tidlegare, fordi det ikkje har passa. For meg er det betre at han kjem ein laurdag, enn ein torsdag, slår ho fast.

Hovudpersonen sjølv påpeikar at han ikkje kan ventast til faste tider.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det må bli litt sånn som det er no. Eg må ha fisk å selja før eg kan ta turen, smiler Tomas.

Til kundanes glede er han brulalt ærleg når han sel fisk. Ein stording ser tre fisk som er lagt til sides og spør om å få kjøpa dei.

– Nei, dei får du ikkje?

– Kvifor ikkje?

– Fordi dei er heilt utgyten og difor inneheld svært lite mat. Nei, skal de kjøpa hos meg, så skal de få skikkeleg fisk, konstaterer han.

Traumatisk fjorårssesong

Det er ein rimeleg ny båt Tomas fartar rundt med. Den 27 fots store sjarken fekk han splitter ny i fjor haust etter å ufrivillig ha vore utan båt i eit halvt år.

– Den forrige sjarken min brann i slutten av januar i fjor. Det var tragiske greier, men eg fekk no pengar att på forsikringa og kunne heldigvis kjøpa meg ny båt no i fjor haust, fortel han.

Os og Fusaposten skreiv om båtbrannen i Ådlandsfjorden 22. jaunuar i fjor. Brannvesenet fekk melding om båtbrannen i 03-tida om natta, og kunne ingenting gjera for å hindra at båten vart totalskadd.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Veit du i dag kva som var brannårsaken?

– Nei. Me trur at det kan ha vore eit batteri som har kokt varmt, men sikkert svar får me nok aldri.

Fortente dagar i sol

Men sjølv om han er glad i å jobba og i årevis har meistra vêrharde dagar på fjorden, tydar ikkje det at 74 år gamle Tomas ikkje også set pris på det søte liv.

– Jaudå, me unnar oss litt sol og Syden-liv ein gong eller to i året. Kona og eg har ein plass på Lanzarote som me brukar å reisa til. Der har me det fint.

– Og der blir det ikkje så mykje fisking?

– Der er det mest soling, smiler Tomas.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no