Reparasjon av mur og gjerde på Holdhus.
Reparasjon av mur og gjerde på Holdhus.

Tid for dugnad på gravplassane i Fusa

Det er tradisjon for dugnad på dei ti gravplassane i Fusa. Takk vere bygdefoket er gravplassane i såpass bra stand som dei er. Men med ti små gravplassar vil der alltid vera utfordringar å ta tak i.

I veka som kjem blir det fleire dugnadar, og det trengst masse folk – særleg på Fusa!

Baldersheim og Strandvik

På Baldersheim gravplass har bygda hatt fleire dugnadsdagar allereie i vår. Det kombinerte reiskapshuset og toalettet er no heilt ferdig og alt er reist på dugnad, og no vert det stelt til rundt bygget med støypearbeid og påfyll av singel og jord. Mykje er gåver frå bygdefolk og firma.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Strandvik vart det utført vårdugnad sist veke, og i denne eller neste veke vil gravminne som er sett til side dei siste par åra og fundamenta, bli fjerna.

Vi treng masse dugnadsfolk!

Onsdag skal det vera dugnad på fire gravplassar; begge gravplassane på Fusa, på Eide og i Sævareid.

I Sævareid vert det vårdugnad ute. Møt opp med hageutstyr – og bli med i triveleg lag. Det tek seg alltid fint ut å kome til Sævareid etter vårdugnaden.

Vasking av eldre gravminne på Holdhus.
Vasking av eldre gravminne på Holdhus.
Sævareid – velstelt etter dugnad.
Sævareid – velstelt etter dugnad.
Fusa gamle kyrkjegard er av fleire omtala som einaste parkanlegg i Fusa kommune. Hekken er ein naturleg del i dette anlegget, og ser flott ut etter dugnad.
Fusa gamle kyrkjegard er av fleire omtala som einaste parkanlegg i Fusa kommune. Hekken er ein naturleg del i dette anlegget, og ser flott ut etter dugnad.
Utsikt frå Baldersheim gravplass ned mot bygda og fjorden. Her er utført mykje godt dugnadsarbeid gjennom fleire år.
Utsikt frå Baldersheim gravplass ned mot bygda og fjorden. Her er utført mykje godt dugnadsarbeid gjennom fleire år.
Hålandsdalen – hekk klipt på dugnad i 2017.
Hålandsdalen – hekk klipt på dugnad i 2017.

På Eide har oppslutninga om dugnaden vore låg dei siste åra. I år håpar vi å sjå minst ti personar på dugnaden som skal vera både på gravplassen og inne i kyrkja. Vi håpar folket i Hålandsdalen tar utfordringa. Ta med hagesaks og rive, og gjerne trillebår. Reiskapshuset skal også malast, men her skaffar vi maling og utstyr til det.

Vi treng 30-40 kvinner og menn på Fusa

Til de som har relasjon til gravplassane på Fusa - tek de utfordringa? Vi treng 30-40 personar på dugnad. Her vert det både lettare arbeid og noko tyngre arbeid, og kvar enkelt må vurdera kva ein kan vere med på.

På Fusa gamle kyrkjegard vert det vårstell med fjerning av lauv, kvist og greiner. Vi skal saga ned nokre mindre tre, vi skal kalka gravplassen, og viss det er nok folk, skal vi reinska hellegangane.

Vi skal i år prøva noko å nytt, og det er å retta opp dei gravminna som er mogleg å ordna utan at vi treng maskiner. Det er dei som er ansvarleg for gravminna sitt ansvar, men dette er ein service vi vil prøva ut og som vi trur folk vil setja stor pris på.

På Fusa nye kyrkjegard trengst også fjerning av noko greiner og lauv. Det skal ryddast i blomebed, og kostast. Dessutan skal vi også her kalka gravplassen. Viss vi er nok folk, skal vi fjerna ein del mose som har lagt seg på delar av asfalten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så her håpar vi folk verkeleg trør til og stiller opp med hageutstyr som rive og hagesaks, ta med trillebår, grapse og spade om du har det!.

Dugnadar på dei andre gravplassane

Litt seinare i mai månad vert det dugnad på Holdhus kyrkjegard. Her vert det vårstell, og det er eit mål å få retta opp ein del av dei skeive gravminna som står på gravplassen.

Og lengst sør i kommunen er folket sjølv dyktig til å dra i gang vårdugnad. Så vi reknar med at det også i år vert dugnad både på Nordtveit og Hjartnes.

Soknerådet takkar!

Årleg er der mellom 50 og 70 personar med på dugnadane på gravplassane kring i kommunen. Soknerådet er svært takksam for dette arbeidet som vert gjort kring i bygdene våre – som bidrar til at det vert eit løft som gjer at det tek seg betre ut å koma til dei ti gravplassane våre. Dugnadsarbeidet viser att!

Soknerådet i Fusa