Det nye samanslåtte laget til Nore Neset jenter 12 gjekk til topps i sin eigen MX Cup på Nore Neset Idrettsplass. Jentene hadde aldri spelt 9-ar-fotball før, men vann likevel alle sine fire kampar.
Det nye samanslåtte laget til Nore Neset jenter 12 gjekk til topps i sin eigen MX Cup på Nore Neset Idrettsplass. Jentene hadde aldri spelt 9-ar-fotball før, men vann likevel alle sine fire kampar.

Til topps i eigen cup

Det nye samanslåtte 9-ar-laget til Nore Neset, Lysekloster og Søre Neset gjekk til topps i eigen cup under Nore Neset Dagane.

Det var godt med aktivitetar og underhaldning på årets Nore Neset-dagar. For dei som mest av alt var komne for å sjå, var det mykje bra underhaldning på idrettsplassen. Der spelte nemleg det nyleg samanslåtte 12-årslaget til Nore Neset, Lysekloster og Søre Neset 9-ar-cup i haustsola. Dei blåkledde hadde aldri spelt 9-ar-fotball tidlegare, men gjorde debuten unna med bravur. Etter ein lang dag på Nore Neset Idrettsplass kunne dei 19 glade jentene feira seg sjølv som vinnarar av MX Cup Nore Neset Dagane 2015.

Lagsiger

Nore Neset-laget spelte fire kampar til saman. Samtlege enda med siger.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette var veldig moro. Både for jentene sjølve, og for oss i trenar-teamet. Me er kjempestolte over innsatsen, seier Morten Døsen.

Han trenar 2003-årgangen i lag med Kenneth Moland, Eirik Kvittingen og Sverre Johan Fløysand.

Nore Neset starta dagen med å vinna sine tre puljekampar mot Nymark (8-1), Fana Svanen (2-1) og Fana Venus (6-0). Deretter var jentene klare for finale mot Fana Svanen. Her var det full overkøyring. Jentene vann til slutt 4-0.

Tryllekunstnaren Andini fekk fekk med seg både born og vaksne på showet sitt laurdag føremiddag.
Tryllekunstnaren Andini fekk fekk med seg både born og vaksne på showet sitt laurdag føremiddag.
Denne gjengen sat heilt framme klare for å avsløra Andini sine triks.
Denne gjengen sat heilt framme klare for å avsløra Andini sine triks.
Nornekoret visste litt av sitt breie og flotte reportoar. I Nore Neset-salen på laurdag song dei mellom anna Lordes "Roayls", FUNs "Some Nights" og Katty Perrys "Roar".
Nornekoret visste litt av sitt breie og flotte reportoar. I Nore Neset-salen på laurdag song dei mellom anna Lordes "Roayls", FUNs "Some Nights" og Katty Perrys "Roar".
Tonje Gorm-Hansen (t.v.) og Helge Eidsvik (t.h.) finsikta komande skyte-talent i Nore Neset-salen.
Tonje Gorm-Hansen (t.v.) og Helge Eidsvik (t.h.) finsikta komande skyte-talent i Nore Neset-salen.
Even Hjertaas frå Os Rockeklubb køyrar headbanger-kurs for ein heller yngre skare. Til høgre trør Henry Grønvigh til på luftvokal. Lufttrommisen i bakgrunnen syt for steady komp.
Even Hjertaas frå Os Rockeklubb køyrar headbanger-kurs for ein heller yngre skare. Til høgre trør Henry Grønvigh til på luftvokal. Lufttrommisen i bakgrunnen syt for steady komp.

- Både i finalen og i dei andre kampane vann jentene som resultat av godt samspel. Det var rett og slett fire lagsigerar på rappen, seier Morten Døsen.

Han legg til at bortimot ti av jentene teikna seg på skåringslista i løpet av cupen.

Han legg til at jentene synest det var ekstra kjekt å spela, ettersom så mange frå Nore Neset Dagane var bortom og såg på kampane.

Stemning og magi

Trass i det fine vêret var det svært mange som fann vegen til aktivitetane og underhaldninga i Nore Neset-hallen laurdag.

Både Os Cheerios, Nornekoret og tryllekunstnaren Andini fekk stor merksemd for si underhaldning. Faktisk var det heilt fullt framfor scenen då sistnemnde trylla fram latter og engasjement blant dei yngste.

Artikkelen held fram under annonsen.

Os Rockeklubb utfordra dei frammøtte til å utfalda seg, og leva ut rockaren i seg. Mest vågal var den yngre garde. Blant dei beste i luftgitar-konkurransen var Henry Grønvigh, Johan Benjaminsen Breivik, Arild Øvrebotn og Andreas Leon Opedal.

I klatreveggen loste Os Turlag stadig nye klartrarar til topps, og bortanfor blinka Steinar, Helge og Anstein Eidsvik i Os Skyttarlag seg stadig ut nye talent på den tillaga laserskyttar-banen.

Alt i alt var det bra med liv på Nore Neset Dagane også i år, så folk får berre gle seg. Neste år vert det også Osmessa igjen.