Handbak-kongen Frode Veim Haugland (t.h.) knuste all motstand i dei innleiande rundane.
Handbak-kongen Frode Veim Haugland (t.h.) knuste all motstand i dei innleiande rundane.

Trippelt NM-gull til Frode

Osingen Frode Veim Haugland tok to gull og fekk i tillegg gull for beste samanlagde resultat under dagens handbak-NM i Bergen

- Eg er ganske letta over at eg slepp å grava meg ned i skam etter å ha sagt i Os & Fusaposten at eg skulle ta minst to gull, ler Frode Veim Haugland. Han har nettopp vunne gull i klassen minus 95 kilo, for både høgre og venstre hand. I tillegg får han gullet for det samla sett beste resultatet uansett klasse.

- No er eg meisternes meister, seier han herleg ubeskjedent.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men også andre osingar gjorde det godt under dagens kraftprøve i Bergen Turnhall.

Comeback

Ikkje minst gjorde Andrea Drange eit imponerande comeback i kvinneklassen med gull i høgre og sølv i venstre. Etter å ha slått gjennom i handbak berre 16 år gamal, slutta ho å konkurrera. Sidan då har 26-åringen fått to born og utdanna seg til personleg trenar, og elles latt handbak vera handbak.

- Kva gjorde at du melde deg på NM etter så lang tid?

Imponerande comeback av Andrea Drange som tok eitt gull og eitt sølv i sin fyrste handbak-konkurransen på ti år.
Imponerande comeback av Andrea Drange som tok eitt gull og eitt sølv i sin fyrste handbak-konkurransen på ti år.
Uttrykket hjå motstandaran fortel at Are Strønen (t.h.) er ein tøff mann å slå.
Uttrykket hjå motstandaran fortel at Are Strønen (t.h.) er ein tøff mann å slå.
Os handbakklubb heiar på sine eigne, og bit negler når det er som mest spennande.
Os handbakklubb heiar på sine eigne, og bit negler når det er som mest spennande.
Slik kan det gå når sumo-NM føregår i same hallen.
Slik kan det gå når sumo-NM føregår i same hallen.

- Haha, det var Frode som melde meg på utan å spørja meg. Han syntest vi trengde fleire damer i Os handbak-klubb, smiler ho.

Sjølv etter å ha vore borte frå handbak i så lang tid, sit teknikken så godt i kroppen. Dermed knuser ho altså til med både gull og sølv.

- Det er eit så flott miljø å vera i. Vi er ein jordnær gjeng, seier ho.

Oldboys

Vidare tok Are Strønen gull i venstre oldboys master og sølv i høgre.

Tore Matre stakk av med to sølv i minus 105 medan Eivind Bøe Johannessen tok bronse i minus 95. Erlend Hjertholm tok gull i venstre junior og bronse i høgre. Veteran Arne Thuen enda på femteplass i klassen minus 85.