Kristine Småland (18) og Robin Jensen (18) ser føre seg ei framtid i målaryrket. Duoen skal gå fire år i lære hjå Malermester Alf Hjelle & Sønn AS i Fusa.
Kristine Småland (18) og Robin Jensen (18) ser føre seg ei framtid i målaryrket. Duoen skal gå fire år i lære hjå Malermester Alf Hjelle & Sønn AS i Fusa.

Utdanning: Mål(e)bevisste ungdomar

- Eg vart trøytt av berre å vera på skulen. For meg er det betre å halda på med fysisk arbeid. Som lærling er eg i aktivitet så og seia heile tida, seier Kristine Småland (18).

Saman med Robin Jensen (18) er ho lærling hjå Malermester Alf Hjelle & Sønn AS. Ungdomane, som kjem frå høvesvis Fusa og Søfteland, skal gå i lære i fire år før dei skal opp til sveineprøve i målarfaget.

Robin starta læretida si i oktober i fjor. Kristine er heilt fersk i gamet, og starta som lærling i verksemda for litt over ein månad sidan.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg synest det er spennande. Mykje betre enn forventa, seier ho.

- Eg har lært mykje det siste året. Ein utviklar seg mykje ved å gå i jobb, legg Robin til.

For Kristine starta den vidaregåande opplæringa med Service og samferdsel. Deretter endra ho kurs, og valte TIP (teknikk og industriell produksjon) i staden.

Robin har vore lærling i eitt år allereie, Kristine starta for litt over ein månad sidan.
Robin har vore lærling i eitt år allereie, Kristine starta for litt over ein månad sidan.

TIP var også valet til Robin. På VG2 vart det køyretøy. 18-åringen såg føre seg ei framtid som bilmekanikar, men det var vanskeleg å få lærlingplass. Dermed enda han opp som målar i staden. Det angrar han ikkje på.

- Ein ven tipsa meg om at det var ledige plassar her. Eg søkte med ein gong. Eg er veldig nøgd med valet mitt, seier Jensen.

På eigne bein

I desse dagar er dei to lærlingane i jobb i etasjen over den nye Joker-butikken i Strandvik. Her skal det innreiast kontorlokaler som skal leigast ut.

- Vi held på med forarbeid. Vi skal sparkla, pussa og trekkja strier før vi byrjar å måla, fortel Jensen.

Det siste året har han vore fleire stader i Os og Fusa på oppdrag. Han har fått nye vener og kollegaer, og eit heilt anna syn på korleis det er å vera i jobb.

Artikkelen held fram under annonsen.

- I tillegg til å ha eigen inntekt, må ein verkeleg koma seg opp om morgonane. Ein står på eigen bein. Det var ein stor overgang. I positiv forstand, seier 18-åringen.

Både han og Kristine er glad i jobben dei gjer. Som målar er det mogleg å kommunisera med kollegaene sine medan ein arbeider. Det er òg mogleg å arbeida sjølvstendig dersom ein ønskjer det.

Nokre oppgåver er tyngre enn andre, som å måla tak eller å handtera pussemaskina, men alt i alt er dei to 18-årigane nøgde med arbeidet.

- Planen er å ta fagbrev. Deretter vert det truleg vidareutdanning innan faget, men det er så langt fram i tid, at eg har ikkje tenkt så mykje på det enno, seier Jensen og legg til:

- Industrimålar verkar interessant. Då kan ein til dømes arbeida i oljenæringa, og oppgåvene er varierte.

Kanskje vert dei meistrar i faget, og startar eigne verksemder.

- Eg har tenkt tanken, seier Småland og smiler.

Sveineprøve

I tillegg til å arbeida, sit Jensen på skulebenken éin dag i veka for å ta programfaget innanfor yrket (yrkesteori). Småland skal gjera det same til neste år.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Når læretida er over, og lærlingane har bestått programfaget, skal dei opp til sveineprøve i målarfaget. Prøven går over ei veke, opplyser dagleg leiar hjå Malermester Alf Hjelle & Sønn AS, Anders Hjelle.

Sveineprøven kan bestå av følgjande oppgåver:

. Innvendig målearbeid på treverk.

. Innvendig målearbeid på plantematerial, mineralske underlag eller utvendig målearbeid.

. Oppsetting av tapet eller overmålingstapet som skal målast.

. Bruk av sjablongar i tørr- eller våtrom.

. Legging av golvbelegg i tørr- eller våtrom.

. Oppsetting av veggbelegg i våtrom.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Når sveineprøven er fullført, og ein har arbeidd med faget i seks år, er det mogleg å ta meisterbrev. Då må ein opp til eksamen i diverse teoretiske fag. Består ein desse, kan ein titulera seg målarmeister, seier målarmeister Hjelle.

Malermester Alf Hjelle & Sønn AS har eksistert i 36 år. Verksemda har for tida 11 fast tilsette, og er ei godkjent opplæringsverksemd.