25 elevar tek Naturbruk VG1 på Fusa vidaregåande skule i år. Dermed måtte skulen dela klassen i to. Isak Øvreeide Bruarøy og Cassandra Tveit er blant dei heldige.
25 elevar tek Naturbruk VG1 på Fusa vidaregåande skule i år. Dermed måtte skulen dela klassen i to. Isak Øvreeide Bruarøy og Cassandra Tveit er blant dei heldige.

Utdanning: Rift om plassane i naturen

For nokre år sidan klarte Fusa vidaregåande skule berre så vidt å halda liv i naturbruklina. I år tel lina to fulle klassar. - Det var venteliste for å koma inn, fortel rådgjevar Camilla Rabe Nesheim.

Det er torsdag føremiddag i byrjinga av oktober. Ved Vengsvatnet i Hålandsdalen deler naturbrukselevane klasserom med ein gjeng villsau. Ein lavvo, ei bålpanne og fire kanoar er alt som skal til for å halda elevane i aktivitet i dagevis. Ja, og så nokre fiskegarn, ei vekt og ein skalpell.

- Vi held på med prøvefiske, fortel lærar Jon Djupvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det betyr at elevane har sett garn med fleire ulike maskevidder på eitt og same garn. På den måten fangar dei fisk i mange ulike storleikar. Når fisken er komen på land, fastslår elevane kva art han tilhøyrer, lengde, vekt, kjønn og gytemogning. Elevane ser også etter parasittar.

- På bakgrunn av dataa reknar vi ut K-faktoren, eller kondisjonsfaktoren til fisken. K-faktoren seier noko om fisken er i fin form og om han får i seg nok mat, fortel Djupvik.

Elevane har brukt til saman seks dagar på prosjektet. Etter at prøvefisket er over, skal dei skriva rapport og presentera resultata for klassen.

I byrjinga av oktober dreiv halve naturbruksklassen med prøvefiske ved Vengsvatnet, medan den andre halvparten var i praksis. Her får Brynja Dögg Magnúsdóttir hjelp frå lærarane Jon Djupvik (t.v.) og Sveinung Halvorsen til å fastslå om det er ein parasitt dei har funne i fisken.
I byrjinga av oktober dreiv halve naturbruksklassen med prøvefiske ved Vengsvatnet, medan den andre halvparten var i praksis. Her får Brynja Dögg Magnúsdóttir hjelp frå lærarane Jon Djupvik (t.v.) og Sveinung Halvorsen til å fastslå om det er ein parasitt dei har funne i fisken.
Naturbruksklassen var heldig med vêret då dei vitja Vengsvatnet i byrjinga av oktober. - Vi er ute i all slags vêr. I førre veke vart vi veldig våte, fortel elevane.
Naturbruksklassen var heldig med vêret då dei vitja Vengsvatnet i byrjinga av oktober. - Vi er ute i all slags vêr. I førre veke vart vi veldig våte, fortel elevane.
Litt av fangsten frå prøvefisket. Aurar i alle storleikar.
Litt av fangsten frå prøvefisket. Aurar i alle storleikar.

- I rapporten skal elevane seia noko om helsetilstanden til dei ulike artane i vatnet. Om helsetilstanden er dårleg, bør ein dessutan ta med noko om kva Hålandsdalen grunneigarlag bør gjera for å betra situasjonen, fortel læraren.

- Nyttig kunnskap

To av elevane som har fått plass på naturbruk denne hausten er Cassandra Tveit og Isak Øvreeide Bruarøy.

- Det verka som ei kjekk og interessant line. Om eg finn ut at eg vil gjera noko anna, kan eg ta påbygg i 3. klasse og få studiekompetanse. Dermed er alle dører framleis opne, seier Bruarøy.

Sjølv om 16-åringane berre har gått vel to månader på Fusa vidaregåande skule, har dei vore i praksis allereie. Tveit har arbeidd til saman sju dagar på Bolaks sin lokalitet i Håvik.

- Eg har vore med på det som skjer kvar dag i eit oppdrettsanlegg, som til dømes å skilja fisk, byta tau, ta ut død fisk, telja lus, og loggføra tala, fortel ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

16-åringen synest det er greitt å få prøva seg i arbeidslivet så tidleg i utdanningsløpet. Praksisen kan vera med på å avkrefta eller bekrefta at valet ein har gjort er rett.

- For meg har det vore enkelt. Det er dette eg interesserer meg for. Eg har fleire i familien som jobbar i same bransje, og eg synest det verkar veldig kjekt, seier ho.

For Isak var det ikkje like lett å bestemma seg. 16-åringen var i stuss lenge, men falt til slutt ned på naturbruk.

- Eg var veldig skulelei etter ungdomsskulen, men så langt er eg veldig nøgd. Det er ein fin klasse. Vi får vera mykje ute og vi lærer ting som eg aldri hadde lært om eg ikkje gjekk her. Det er nyttig kunnskap. Eg ser fram til dei neste åra, seier han

Mange vegar å gå

Det er ikkje berre på naturbruk Fusa vidaregåande skule merkar større pågang. Alt i alt har skulen hatt ein auke i søkjartala på nesten 20 prosent frå i fjor til i år.

- På TIP såg vi føre oss at vi kom til å få ein nedgang i søkjartala på grunn av utfordringane i oljebransjen, men der er dei over 20 i klassen. På Helse- og oppvekstfag er det smikkfullt. Det same gjeld Restaurant- og matfag, og på det nye tilbodet Kunst, design og arkitektur er det 28 elevar i klassen, fortel rådgjevar Camilla Rabe Nesheim.

Rådgjevaren meiner det viktigaste elevane kan gjera er å velja ei retning som dei interesser seg for.

- Uansett kva yrkesfag ein vel, så vel ein ikkje feil. Det finst utruleg mange vegar å gå, og utruleg mange kryssløp å velja mellom, seier Nesheim og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Du må ikkje ta studiespesialisering for å enda opp med ein master. Dessutan er det viktig å hugsa på at det ikkje er alle som ønskjer å ta ein master.

Sjølv har Nesheim bakgrunn frå Restaurant- og matfag. Rådgjevaren tok fagbrev før ho vendte nasen mot påbygg og hotellhøgskulen.

- Etter to år i arbeidslivet var eg meir mogen og meir motivert for å ta fatt på dei faga eg trong for å gå vidare med utdanninga mi, seier ho.

Ifølgje rådgjevaren er det inga krise om elevar finn ut at valet dei gjorde i 10. klasse ikkje var heilt rett. Elevane har mogelegheit til å gjera eitt omval utan at dei mister opplæringsretten.

For Cassandra Tveit er omval heilt utenkjeleg. Ho har funne plassen sin, og rår også andre til å prøva faget.

- Om ein er glad i å vera mykje ute i naturen, bør ein velja naturbruk. Det er utruleg kjekt, seier 16-åringen.