Vegnettet i Fusa

Gjennom eit godt samarbeid mellom Fusa kommune og private innvestorar har store delar av vegnettet i Fusa blitt utbedra siste åra. Men framleis står mykje att, skriv ordførarkandidat Magne Djuvik (Frp) i dette lesarinnlegget.

LESARBREV: Det første prosjektet som vart realisert gjennom samarbeid kommune/private investorar var Grunnasund bru på 1980-talet. Den siste store innvesteringa Fusa var med på, er tunellen bak Tysse i Samnanger kommune.

Det er all grunn å retta ein takk til dei som har bidrege for å få dette til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tunell til Sævareid

Framleis er det store store innvesteringar igjen før me kan seia at vegnettet i Fusa er bra nok.

Eg vil peika på tunellen frå Eikelandsosen til Sævareid som eit viktig prosjekt. Det er viktig at me får vegstyresmaktene med på at dette er eit prosjekt som må realiserast fort. I tillegg er utbetring av vegen frå Fusa til Eikelandsosen viktig å få til i nær framtid. Skal me få det til, er det heilt nødvendig å jobba inn mot vegstyresmaktene både på fylkesplan og sentralt.

Kommunale vegar

Fusa er ein kommune med mange kilometer kommunal veg. Frå tid til anna har det vore ein diskusjon om nokre av dei kommunale vegane skal overførast til privat vedlikehald. Etter framlegg frå Frp vart den saka avvist av kommunestyret tidlegare i år. Frp har for komande periode programfesta at partiet vil røysta mot å overføra kommunale vegar til privat vedlikehald.

Aust vest-sambandet

Frp har store forventningar til at hovudvegen mellom Oslo og Bergen skal koma gjennom Fusa og koplast opp mot E39 i Os området. Det er eit prosjekt som vil vera svært viktig for næringslivet å få realisert. Frp vil gjennom partiets Stortingsrepresentantar og regjeringsrepresentantar arbeida for at prosjektet kjem inn i nødvendige planar og realisert så snart som råd er.

Magne Djuvik

Ordførarkandidat Frp