Elias Opdal, Adele Vik Olsen og Anna Johnsen. Kasper Keyser Domansky var ikkje tilstades.
Elias Opdal, Adele Vik Olsen og Anna Johnsen. Kasper Keyser Domansky var ikkje tilstades.

- Vi har laga rakettar!

Det går mot slutten av skuleåret for dei ni 1. klassingane i Hegglandsdalen. Det høyrest ut som at det har vore innhaldsrikt.

- Vi har laga rakettar. Det har vore det kjekkaste så langt, seier Adelen.

Lærarane presiserer at det her er snakk om dorull-rakettar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Morgan fortel at han har klatra mykje i løpet av det første skuleåret, men berre i friminutta. Ikkje i timane.

Elevane er glade i ulike fag. To likar matte best. Det er også to som synest at data er det kjekkaste. Elles blir arbeidstimar, leiketimar og norsk nemnd, og Morgan er mest glad i friminutta.

Fokus på leik og venskap

Det er tydeleg at elevane har gjort mykje spanande i løpet av året. Dei nemner mellom anna ei rekkje kunst og handverk-prosjekt. I friminutta er det også spanande. Ida-Elvira liker best å leika på grusbanen. Ikkje å spela fotball, men berre å leika ulike leiker. Ikkje minst liker dei å leika i krokodilledammen.

- Det er eit naturområde med ein dam og litt bakkar og slikt, fortel kontaktlærar Henriette Straus Håvik.

1. klassingane har ofte timar saman med 2. klassingane, men dei har også eigne timar. Straus Håvik fortel at førsteklassingane har hatt fokus på bokstavlæring frå første stund.

- Dei har lært seg éin bokstav i veka, og etter kvart å trekkja dei saman og å lesa. Det er også mykje fokus på å leika og vera saman med andre, for å danna venskap og få dei inn i rutinane på skulen. Dei har fått mange nye vener og det er eit godt miljø på skulen, seier kontaktlæraren.

Skal opptre i Oseana

Det er berre få månader att før sommarferie ventar for elevane, men det er framleis fleire spanande aktivitetar på planen.

- Neste veke skal vi gå på ski, fortel Elias.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då skal heile skulen reisa saman til Furudalen.

- Vi går også turar kvar veke. Det er kjekt, skyt Engelina inn.

Kanskje det aller mest spanande som skal skje i år, er ei spesiell framsyning. I slutten av månaden skal elevane opptre i Oseana, saman med 1. klassingar frå Strøno og Søre Øyane.

- Dei har øvd mykje på dette. Framsyninga blir slik at det er litt klasse for klasse, og litt saman. Datoen er 29. mars, fortel barne- og ungdomsarbeidar, Sigrun Mosaker.

- Ser de fram til det, eller er det litt skummelt?

Elevane svarer stort sett ja til at dei ser fram til turen, og at det ikkje var noko særleg skummelt.

- Kva synest de om lærarane de har fått då?

- Dei er heilt fine, var ein av kommentarane.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dei er flinke til å læra oss ting, blei også kommentert.

- Det var kjekt å høyra, seier Straus Håvik.