Vil levera gull og grøne skogar - men innanfor gjevne rammer

Tør me ta sjansen på fire nye år med låneopptak og pengebruk på "kjekt-å-ha-ting", mens "må-ha-ting", som til dømes skule, blir nedprioritert, spør Ap i dette lesarbrevet.

LESARBREV: Det er jo så fint i Os, kvifor må me skifta då? Dette spørsmålet fekk me av mange i helga, då me sto på stand på Marknadsdagane på Osøyro.

Me er einige i at me har det fint i Os og at det må me ta vare på! På den andre sida er me likevel bekymra for at mange ikkje har tatt innover seg den alvorlege gjeldssituasjonen kommunen står i.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prognosane seier at me skal vere 40.000 innbyggjarar i 2040. Dersom det slår til, må me ha ein berekraftig økonomi i kommunen. Fylkesmannen seier med klåre ord at slik me held på no, ikkje går i lengda. Er me dei einaste som tør å seia ifrå om dette? Me har ikkje noko ordførerkjede å mista, så me kan ta bladet frå munnen.

Elles vil me også vere ærlege på at dersom Os Ap kjem i posisjon, så vil me prioritera å halda god kvalitet på dei lovpålagte oppgåvene til kommunen. Me vil ha utvikling i Os, ingen tvil om det! Men det er viktig for oss at det er kommunen som skal styra den utviklinga og ikkje private utbyggjarar.

Os Arbeidarparti vil satsa på born og unge. Difor er det viktig for oss at me har fått starta Os AUF, slik at også dei unge kan bli høyrt i formelle fora. Me håpar veljarane vil gi ei ekstra stemme til våre ungdomskandidatar, her representert ved Sandra Kristin Austgulen.

Me er ikkje ute etter makt for makta si skuld. Me er heilt vanlege menneske, som har eit stort engasjement for Os og ynskjer å vera med på å gjera bygda vår endå betre.

Ordførarkandidat Helge Steinum og varaordførarkandidat Tone Hepsøe er som veldig mange, tilflyttarar til Os. Våre born, som veks opp i Os, har bidrege til vårt engasjement for kommunen. Me håpar på din tillit, 14. september.

Helge Steinum

Ordførarkandidat

Tone Hepsøe

Artikkelen held fram under annonsen.

Varaordførarkandidat

Sandra Kristin Austgulen

Leiar Os AUF