Kåre Lunde og nokre gode hjelparar måtte ta ned Marknadsdag-bannaret før det blåste i hovudet på folk.
Kåre Lunde og nokre gode hjelparar måtte ta ned Marknadsdag-bannaret før det blåste i hovudet på folk.

Vinden tok sommaren

Det var sommarens mørkaste dag då vinden tok marknadsdag-banneret i Os torsdag.

"Haustvêret" var meldt, men kom likevel brått for bortskjemte osingar og fusingar torsdag føremiddag. I Os hamn var det ikkje berre mørkt og vindfullt, det var også direkte surt og kalt.

Gjestebrygga var tom og den einaste båten me fekk auge på durte i full fart inn i vågen for å koma seg på land snarast mogleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forblåst bannar

I Brugata hadde Kåre Lunde og to gode hjelparar gjort dagens gode gjerning ved å ta ned marknadsdag-banneret. Om ikkje dei hadde gjort det i tide, ville det blåst av garde med vinden.

- Det var brannvesenet som hang det opp, så me håpa jo at dei ville ta det ned att også, men dei har sikkert anna å gjera, seier Lunde.

Då han fekk melding om at fleire av taua på banneret hadde rok, tok han affære.

Ikkje akkurat sommarstemning i Oshamn torsdag.
Ikkje akkurat sommarstemning i Oshamn torsdag.
Bølgjane slo godt opp på bryggja.
Bølgjane slo godt opp på bryggja.

- Ein av oss gjekk ut vindauget i bankbygget, så tok me andre imot på undersida. Me måtte berre få det ned, elles hadde det hamna på ein gåande i gata eller på ein bil, noko som igjen kunne ført til ein ulukke, seier Lunde.

Vinden løyar litt

Yr.no melde om sterk kuling torsdag. For fredagen melde dei mindre vind, men framleis nedbør.

- Eit nedbørsområde kommer inn over Vestlandet i frå sør. Dette gir regn og regnbyger og brer seg nordover. På kysten vert det aukande til liten kuling frå sør, meldar Yr.no.