Ola Brunvatne gav alt og fekk ei hårete og heftig feiring av 16-årsdagen sin på Nore Neset ungdomsskule.
Ola Brunvatne gav alt og fekk ei hårete og heftig feiring av 16-årsdagen sin på Nore Neset ungdomsskule.

Vokalprestasjonar av klasse og førsteklasses burdsdagsfeiring

Medan medelevane imponerte med fantastiske vokalprestasjonar, sjarmerte bursdagsbarnet Ola Brunvatne stort i rolla som mor til Tracy.

Snakk om å ta seg ut på bursdagen sin. Unge Brunvatne dansa nærast stillethelane av beina.

- Det er ikkje alle som feirar 16-årsdagen sin på denne måten, humra lysefjordingen etter framsyninga onsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

I raud gallakjole, med rikeleg med puter på magen og ein gigantisk oransje parykk såg han mildt sagt original ut.

- Ein må by litt på seg sjølv om ein skal ha det moro, ler Ola.

Storslagen framsyning

Det er tredje året på rad at elevane ved sal og scene-valfaget ved Nore Neset ungdomsskule kliner til med ei heilaftans framsyning. Denne veka har dei spelt for fulle hus kvar kveld.

- Me har eit enormt ensemble, men det har gått fantastisk kvar kveld. No står berre finale-kvelden att i morgon, torsdag, sa kapellmeister Anne Leni Sæbø.

I lag med ektemann Terje Neset lukkast ho nok ein gong stort med å engasjera svært mange elevar, og få kvar og ein til å skina på sin måte framfor eit stort publikum.

Store vokalprestasjonar

Totalt 100 elevar entra scenen i musikalen på Nore Neset ungdomsskule. Fleire av dei viste uvanleg gode vokalprestasjonar.

- Alle som er med på musikalen set sitt preg på det, men me kan godt få fram at det er mange gode vokalistar i denne gruppa, skrytte Sæbø.

Underteikna må seia seg samd. Sjeldan har eg opplevd at så mange ulike solistar har utmerkt seg i ein og same ungdomsmusikal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er ungdom som kan og vil. Då får ein det til.