Vil opna utstilling: – Min store draum er å opna ei utstilling, visa fram gamle ting, og fortelja om historia, slik at folk kan sjå utviklinga, seier Trym Jensen.

– Denne bilen vil du aldri kunna køyra utan hjelp og øving

Trym Jensen si samling av bilar, motorsyklar og delar og utstyr, veks stadig. Han har som mål å ein dag kunna opna ei utstilling.

– Nett no jobbar eg med for mange ting på ein gong. Blir aldri ferdig, seier Jensen og smiler.

I garasjen har han elleve motorsyklar og mopedar, tre bilar, haugevis av delar og verktøy, ein apotekardisk frå 1951, samt ein god del andre ting. Det er mykje han har fått plass til på 90 kvadratmeter. Jensen har også ein garasje i Bergen, som er om lag dobbelt så stor. Der er det mykje meir. Det er ikkje alt han har som han veit kva er, eller kva skal brukast til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Noko alle bør ha: Jensen meiner at ei vannpoleringsmaskin er noko alle bør ha i «manncaven». Han har den einaste i Bergen og omegn.

– Eg har teke vare på mykje som eg ikkje har bruk for sjølv, og nokre ting veit eg i grunn ikkje kva er for noko. Men eg veit at det er nokon som har bruk for det, og eg har samla mykje på grunn av det. Det har vist seg å ofte stemma. Det er for dumt å kasta ting som er fullt brukandes. – Eg seier at ein må aldri kasta noko, i alle fall ikkje før eg har fått sett på det, seier Jensen.

Renault Estafette frå 1968

Det er ikkje alltid at det er ein fordel å samla på alt mogleg. Ein gong han var på skraphaugen for å kasta ein bil, kom han over ein Renault Estafette frå 1968. Det har seg slik at bilar som har hamna på skraphaugen, ikkje i utgangspunktet er mogleg å henta ut igjen.

– Eg kasta tre bilar den dagen. På den tredje turen fekk eg tak i han som eigde bilen før. Dette var ein bil som eg aldri hadde sett før, og eg ville ha han. Eg søkte vegvesenet, og fekk til slutt lov til å ta bilen, som eg framleis eig. Det er ingen som vil ha han. Det hender at eg tek vare på idiotiske ting også. Bilen har eg funne ut at fungerte som brødbil i Kvam, og seinare blei bygd om til ein campingbil. Difor er det vindauge i han.

Utruleg resultat: Den eine delen har vore i vannpoleringsmaskina. Den andre har ikkje det. – Dei såg like ut før den eine blei polert. Utruleg resultat på kort tid, seier Jensen.

Jensen meiner at folk flest i dag, ikkje er oppteken av historia til objekt og korleis ting har blitt som dei er i dag.

– Det har skjedd ei utruleg utvikling dei siste 30–40 åra, særleg innan teknologi. Om det er til det betre, veit eg ikkje. Men det verkar som at folk tek det som er rundt dei som ei sjølvfølgje. Slik var det ikkje før.

Alltid vore oppteken av historie

Det har i alle fall aldri vore slik for Jensen. Så lenge han kan hugsa, har han vore oppteken av historie. Særleg historia til hus, bilar og gjenstandar. Til dagen jobbar han fulltid som ambulansesjåfør. Han driv også eit lite byggfirma – Perle og Bruse Byggmesterforretning – på sida. På toppen av dette, driv han aktivt med dans og brukar tallause timar i garasjen.

Eit av mange prosjekt: Denne Messerschmitten frå 1964 skal restaurerast utelukkande med originale delar. Då vil han vera verdt mellom 300.000 og 400.000 kroner, ifølgje Jensen.

– Eg har ikkje eit stort behov for søvn. Det har hendt at eg har gått nokre døgn utan å sova, seier han.

Rett ved oss i garasjen, står det ein T-Ford 1919-modell. Bilen har tre pedalar, eitt ratt og fire hjul – tilsynelatande ein heilt vanleg bil slik som ein kjenner i dag – bort sett frå at ein kan sjå at bilen er over 100 år gamal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Her er det ikkje berre til å setja seg inn og køyra. Ein «vanleg person» ville først ha slite med å få start på bilen, for det er eit prosjekt i seg sjølv, og pedalane fungerer ikkje som dei gjer i dag. I grunn ville ein person som ikkje har kjennskap til desse bilane, ikkje ha forstått ein skit av korleis han fungerer, seier Jensen og ler.

Det var denne bilen som starta masseproduksjon av bilar, og gjorde at bil kunne bli allemannseige – i alle fall i Amerika.

– Salet i Noreg blei ikkje frigjeve før i 1961. Før det måtte ein søkja om å få kjøpa bil. Legar og andre som trong bil til fornuftige føremål, hadde bil, men det var ikkje vanleg. Det var mange som etter kvart fekk seg ein messerschmitt – ein minibil – for denne var registrert som motorsykkel, seier Jensen.

Ein slik har han i garasjen. Den er han i ferd med å byggja opp att med originale delar. Planen er å byta han bort.

– Når eg er ferdig med han, vil han vera verdt 300.000-400.000 kroner. Eg ønskjer å byta til meg ein som har gått i Bergen. Det har ikkje denne. Eg har funne ein person i Kongsberg som har to slike.

Den beste investeringa

Av alt han har, er det vanskeleg å seia kva som er den kjæraste eigedelen. Men den beste investeringa han har gjort, kosta han 100.000 kroner, og blei kjøpt for ikkje så lenge sidan. Vannpoleringsmaskina, som det ifølgje Jensen berre eksisterer éi av i Bergen og omegn. Den står no i garasjen på Søfteland.

– Delar som eg har brukt haugevis av timar på å gjera rein, får til slutt eit ok resultat, men med denne maskina, tek den same jobben gjerne eitt kvarter, og delane ser heilt nye ut. Det er heilt utruleg. Vannpoleringsmaskin er noko alle bør ha i «manncaven», seier han og smiler.

Ser ut som ein «vanleg bil»: Denne bilen er 101 år gamal, har tre pedalar og ratt. Men det å få bilen til å køyra skal vera litt av eit prosjekt, vel å merka for dei som ikkje kan det.

Den store draumen om å opna ei utstilling, og visa fram alt han har samla på, er visst ikkje heilt unik. Jensen fortel at det er mange i hans miljø som også går med eller har gått med dei same tankane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Felles for dei fleste som tenkjer slik, er at dei går bort før dei får realisert det. Eg måtte først ha funne eit lokale, eller ei tomt – helst lokalt. Det er dumt å ha det slik eg har det i dag, stua bort i ein garasje. Om eg har lyst til å ta ein bil frå garasjen ut på ein køyretur, må eg gjerne flytta ni andre bilar først. Eg skulle ha hatt ei nstad kor eg kunne ha vist fram alt, seier Jensen og held fram:

– Eg må ha tid til å gjennomføra det, og ikkje minst pengar. Eg har tenkt på å selja bygget i byen for å frigje midlar. Draumen er i alle fall å få realisert utstillinga. Eg ser føre meg plakatar og bilete som står ved objektet som fortel historia, eller ein filmsnutt på ein skjerm på veggen som viser korleis det blei brukt i si tid.

Rett frå teneste til utstilling

Jensen fortel at han er i dialog med sjukehussjefen om å få ein ambulanse som skal ut av teneste. Dette er noko han kunne ha hatt i ei utstilling.

– Få ein bil som skal ut av teneste, setja han rett i garasjen, ta eit bilete av skjermen som viser det siste oppdraget, ikkje ta noko ut av bilen og bruka han slik i utstillinga. Det er heilt unikt. Eg jobbar med saka, men det er ikkje heilt beint fram å få det til, seier Jensen.

Nett no er han på utkikk etter skikkeleg gamle bilar og motorsyklar.

– Draumen er å få tak i ein bil som er frå så langt ned på 1900-talet som mogleg. Mopedar og motorsyklar også.