Livets seglas: Eivind Andås frå Os har gjort Stillehavsøyane til sin heim.

Eivind hadde gitt opp draumen. Så fekk han ein uventa telefon.

Dette er historia om korleis petroleumsingeniøren frå Os kjøpte seglbåt på Filippinane.

Før jul i 2017 er Eivind Andås i hovudstaden Port Moresby på Papua Ny Guinea.

I eit forsøk på å fylgja magekjensla, eller Gud om du vil, har 29-åringen reist 13.528 kilometer til andre sida av jorda.

Artikkelen held fram under annonsen.

No er han usikker. Kan han ha teke feil? Har han reist den lange vegen utan noko resultat?

Hawaii

Sidan 2004 har Eivind bore på ein heilt spesiell lengsel.

Dette året går han og familien på ein såkalla disippeltrening-skule (DTS) på Hawaii i regi av Youth With a Mission (YWAM).

Her møter 16-åringen menneske frå heile verda. Og i løpet av 12 veker med bibelkurs og praktisk misjonsarbeid, høyrer han om fleire som har reist til Stillehavet for å bora etter vatn.

Av ein eller annan grunn blir lengselen etter å gjera det same, planta i hjarta hans.

Denne draumen dyttar han i retning petroleumsingeniørstudium og arbeidsplass i Nordsjøen.

— Det var kanskje ein litt over the top-måte å læra seg brønnboring på, erkjenner han lattermildt.

Så, under oljekrisa i 2016, misser han jobben.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Alt det eg hadde jobba mot, kollapsa. Så eg var tvungen til å gjera opp status over livet på ny. Eg tenkte at no var sjansen her til å reisa, fortel han.

Møtet med den store verda

Etter å ha undersøkt kor i Stillehavet behovet for reint vatn var størst, landa han på Papua Ny Guinea. Eivind las seg opp på alt frå topografi til samferdselsstruktur, og tenkte at ein seglbåt ville ha vore lurt.

På besøk heime i Os, kverna han vidare på det same temaet. Korleis kunne han koma seg dit? Så kvakk han brått til.

For ut av det blå høyrer han mor si snakka om «Papua Ny Guinea». Ho snakkar om at at legeskipet til YWAM nettopp har gjort eit oppdrag der.

— Då ho sa det ho sa, tok eg det som eit teikn. Papua Ny Guinea har vel aldri før vore nemnd i heimen vår, ler han.

Han tek kontakt med YWAM Ships Norge og blir samde om at han skal reisa til stillehavslandet for å undersøka nærmare.

No gir eg opp

Vel framme går Eivind i gang med friskt mot. Han jobbar frivillig som feltarbeidar på tre ulike legeskip, og er med og gjer helsearbeid i mange avsidesliggande landsbyar.

Brønnboring er det derimot lite av. Han erkjenner at ein liten petroleumsingeniør frå Norge ikkje er nok til å gjera noko med eit så stort problem.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Eg tenkte berre at no gir eg opp.

Han bestemmer seg for å endra retning. Kanskje alt det med brønnboring berre var ein metafor? At det ikkje bokstaveleg tala handla om fysiske brønnar? Jau, slik må det vera.

Frå no av vil han fokusera på å gi menneske «levande vatn», ved å dele trua si på Jesus med andre.

Samtidig er turistvisumet hans i ferd med å gå ut. Dermed må han ut av landet for å fornya det. Den billigaste flybilletten er til Salomonøyane.

Og det er no vi har kome fram til førjulstida 2017 der vi starta denne forteljinga.

I fleire månader har Eivind prøvd å få kontakt med YWAM-basen på Salomonøyane, utan å få svar.

— Likevel kjende eg på at eg måtte dit. Eg hadde ikkje ro til å gjera noko anna.

Surfing: Ein av favoritthobbyane er surfing. Noko som er nesten obligatorisk når du er omgitt av hav på alle kantar.

Mat over open flamme

Eigentleg lengtar han mest av alt etter ein liten strandferie med surfing, men kvardagen på Salomonøyane er ikkje nokon tropisk resort.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er tvert imot ein kvardag utan innlagt vatn og kloakk, der maten vert laga over open flamme.

Aircondition er det berre å gløyma. For sjølv om du er så heldig å ha elektrisitet, fungerer han som regel berre på dagtid.

Salomonøyane er, saman med Papua Ny-Guinea, det fattigaste landet i Stillehavet. BNP per innbyggjar er svært lågt, og øyene vert rekna som ein «lite utvikla» nasjon.

Etter at regjeringa gjekk konkurs (!) i 2003, vart RAMSI, (Regional Assistance Mission to the Solomon Islands) etablert som eit svar på landets økonomiske utfordringar.

Samarbeidet mellom regjeringa og 15 andre land i Stillehavsregionen tok sikte på å gjenvinna ro og orden, styrka regjeringsinstitusjonane, redusera korrupsjon og få orden på økonomien igjen.

Salomonøyane: Folk flest har verken innlagt vatn, kloakk eller elektrisitet anna enn på dagtid. Maten vert laga over open flamme.

Reodor Felgen-style

Uansett, Eivind kjenner at det er hit han skal, og at han må få tak i folka på basen.

Etter å ha landa på flyplassen i hovudstaden Honiara, leitar han seg fram til eit telefonnummer på ei obskur nettside, og ringer.

Endeleg får han svar. Han presenterer seg, og spør om han kan få koma på besøk.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Ja, du må berre koma, men vi er veldig travle for tida. Vi held på med å bora ein haug med vassbrønnar», seier mannen i den andre enden.

— Tenk, eg hadde snubla opp i det eg hadde venta på i 13 år. Heile draumen min kom saman der og då!

Arbeidet var heilt i startgropa, og knapt nokon utanom basen visste kva som gjekk føre seg. Eivind lærte seg raskt å bora vassbrønnar «Reodor Felgen-style», med motoriserte vasspumper frå jernvarehandelen, restar av galvanisert rør og bitar av bladfjører frå bilar.

— Det var ein enkel rigg, men det funka som berre juling, ler han.

Og no som draumen omsider har blitt sann, ventar ein kanskje at Eivind er lukkeleg og glad.

— Nei, det vart eigentleg eit antiklimaks. Eg skjønte brått at reint vatn er langt frå nok i det store biletet. Det er så mykje meir som må til for at livet på Salomonøyane skal bli betre.

Deprimert og motlaus

Han bestemmer seg for å gå ein DTS (disippeltrening-skule) på Salomonøyane, og 5. februar 2018 blir han den fyrste kvite eleven nokon gong.

Han lærer seg solomon-pidgin, ei blanding av det lokale språket og engelsk. Han går inn for å leva som dei innfødde og kjenner seg snart som ein av dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det var på godt og vondt. Mange slit med eit tankesett der ein ikkje ser nokon veg ut av fattigdomen, men vert deprimert og motlaus. Etterkvart tenkte eg på same måten, før eg skjønte kva som skjedde, og fekk fornya gnisten til å vera med og bety ei forandring.

Dei to neste åra arbeider han med YWAM ulike plassar i Stillehavsregionen, før han i starten av 2020 vender tilbake til Salomonøyane.

Denne gongen er han innstilt på å bli verande og byggja relasjonar over tid. Og no dukkar ideen om ein seglbåt opp. Berre tenk på alle dei avsidesliggande landsbyane dei kan nå ut til via sjøvegen.

Så kjem pandemien og verda stenger ned.

Den fyrste kvite: Eivind skil seg ut i mengda, men det er mest utanpå. Han går inn for å leva som dei innfødde og kjenner seg snart som ein av dei.

32.000 dollar

Eivind greier så vidt å koma seg heim til brorens bryllaup i Sandnes i mai 2020, men innser at det ikkje er mogleg å reisa tilbake igjen. Han flyttar til Ålesund og YWAM-basen der, medan hjarta og tankane er igjen på Salomonøyane.

— Eg gjekk inn i ein førebuingsfase der eg verkeleg fekk brukt ingeniørkunnskapane mine.

Undervegs har han jamlege møte med YWAM-leiarskapet på Salomonøyane, og i 2021 byrja arbeidet med å faktisk få tak i ein seglbåt.

Håpet er å ein dag kunna byggja eigne båtar, og dei ser på eit par modellar frå Wharram Designs.

Sjølve draumebåten er ein etnisk seglkatamaran, med design frå Salomonøyane, men det vil vera for mykje arbeid å byggja ein slik i startfasen.

Dei landar på heller å byggja ein mindre og enklare båt.

Men så, ut av det blå dukkar drøymebåten opp på Filippinane, til sals for 32.000 dollar.

— Han var profesjonelt bygd, billeg og var på ein av dei nærmaste plassane det gjekk an å kjøpa båt.

Seglbåt: Den etniske seglkatamaranen har design frå Salomonøyane.

Nok var nok

Eivind opprettar foreininga YWAM Solomons Support i Brønnøysundregisteret. Han opnar bankkonto og vipps for foreininga, og set i gang med å samla inn pengar.

— Men etter at eg hadde spurt alle eg turte å spørja, familie, vener og kyrkjelydar, hadde vi ikkje i nærleiken av nok pengar.

Du kan lesa meir på Eivinds eigen blogg.

Sommaren 2021 står det 80.000 kroner på kontoen.

Saman med leiarskapet på Salomonøyane bestemmer Eivind at nok er nok.

— Det vart for vanskeleg, og eg hadde bore for mykje. Heile visjonen og framtidsdraumen var for mykje for ein mann åleine.

Han sender ei melding til seljaren på Filippinane og fortel at han ikkje har råd likevel. Seljaren svarer med å spørja kva budsjett han har.

«20.000 dollar», svarer Eivind.

Seljaren går med på summen.

Filippinane: Her ligg båten i det krystallklare vatnet i Filippinane.

Bar for mykje åleine

Utstyrt med ny optimisme, tenkjer Eivind gjennom kva som skal til for å setja båten i stand og segla han til Salomonøyane. Samtidig letnar mange av bekymringa hans.

— Eg innsåg at kva båten skulle brukast til, ikkje var opp til meg, men dei som budde der. Oppdraget mitt var avgrensa og eg skulle ikkje bera alt.

Eivind kjenner at optimismen og trua vender tilbake, og berre veit at det gjeld å handla raskt. YWAM Solomons og Eivinds foreining går inn med halvparten kvar.

Nokre dagar etterpå, får seljaren eit nytt og betre tilbod.

Eivind har handla akkurat i tide.

Katamaranen står no hos båtbyggjaren på Filippinane. Ein stor enkeltdonasjon på 100.000 kroner («eit lite mirakel») syter for ny motor og fleire oppgraderingar.

Einvegsbillett til erfaring

Samtidig bestemmer Eivind seg for å bruka 2022 på å bli ein seglar. Og på utruleg vis får han kontakt med sjøfolk både her og der. I løpet av 135 dagar på åtte ulike seglbåtar, legg han bak seg røffe 3.000 nautiske mil på fire av sju verdshav.

— Eg reiste i tru med ein einvegsbillett og fekk enormt med erfaring.

Undervegs får han god bruk for evna til å løysa problem og vera oppfinnsam. Han er då ingeniør, må vita.

— Læringskurven har vore bratt. Livet om bord tok alt eg hadde, og eg fekk bruk for alle personlege eigenskapar. Men det kjendest så riktig. Som ein lagnad meir enn ein draum.

Det har blitt oktober 2022 når Eivind endeleg returnerer til Salomonøyane. Etter eit kort opphald reiser han vidare til Hawaii for å setja saman eit mannskap til seglturen frå Filippinane.

Segltrening: Eivind og nokre kollegaer frå Salomonøyane øver seg på å bli seglarar.

Feirar med donut

Endeleg, den 31. januar, vert katamaranen sjøsett på ei strand på Filippinane. Han flyt. Eivind og dei andre feirar suksessen med kyllingburger fra Jollibee og ein Boston Creme fra Dunkin Donuts.

På bloggen sin skriv han om korleis ikkje berre båten, men også mannskapet, vart døypt inn i livet som seglarar:

«På natta kom stjernene fram og vi nytte å vera om bord etter to veker på land. Søvn blei det ikkje mykje av, for det var ei bølgjete natt, men dagen derpå gjorde alt verdt det. Vi vakna opp til regn før soloppgang, men snart kom sola fram og vi hadde ein fantastisk morgon der vi dykka på revet og koste oss før seglasen mot neste hamn begynte.»

Når Os & Fusaposten får tak i Eivind, er han framleis i ein deilig post-sjøsetjings-rus.

Likevel står det framleis att ein del arbeid før båten er klar til å segla til Salomonøyane.

Seglasen dit kan berre gjennomførast mellom januar og april. Det betyr at dei må venta til 2024 før det er trygt.

Fiksar småting: Tida før seglasen til Salomonøyane vert brukt til å løysa opp i flokar ombord.

Løyser opp i flokar

— Nett no driv vi og løyser opp i alle flokane ein ikkje veit om før ein kjem om bord. Vi må mellom anna gjera mastene lengre, setja inn kjøken og få på plass elektriske detaljar.

I mellomtida drøymer Eivind om kva båten kan få bety på Salomonøyane. Den polynesiske katamaranen er perfeksjonert gjennom tusenvis av år, men for mange av dei lokale er segling ein gløymt kunst.

Dei fleste padlar kano, så her må mykje lærast frå scratch.

— Men eg er ikkje han kvite som kjem med hjelpa. Eg vil inspirera og trena dei lokale, men det er dei sjølve som eig båten og skal halda han ved like og kanskje ein dag byggja fleire båtar.

Når båten kjem fram dit, vil han hjelpa YWAM Solomons med å nå ut til dei mest aude plassane.

Dei skal bora etter vatn, installera solcelleinstallasjonar på helseklinikkar og andre stader som har bruk for hjelp.

Eivind fortel at arbeidet for å gi reint vatn har vore ein døropnar inn til isolerte landsbyar der få misjonsorganisasjonar har vore før.

På Salomonøyane er kristendomen offisiell religion.

— Men mange unge har drive bort frå kyrkja, og ein god del av desse igjen slit med alkohol og narkotika. Vi ynsker å gi håp, for mange ser på framtida som håplaus, eller i alle fall utanfor deira eigen kontroll.

At YWAM stiller med lokale ungdomar i sine samfunnsprosjekt, vekkjer igjen engasjement hos andre unge dei møter.

— Vi ser at det gir dei håp, og at dei vil vera med og hjelpa, dei også. Og nettopp difor har vi kalla båten «Vaka Hop'e», som betyr «båten med håp», smiler Eivind.

Inn i solnedgangen: Namnet «Vaka Hop'e» betyr «båten med håp».