Fiskekonkurranse: Nina Renate Vangsnes med to flotte seiar.

Etter fire års pause, vart det kamp om dei beste fiskeplassane

Fiskekonkurransen i Øyane gjorde eit strålande comeback laurdag.

Det var nemleg godt oppmøte av både skodelystne og deltakarar.

— Me er nøgde med både talet på deltakarar og vêret i dag, seier Kjell Bjørn Elvesæter Særvoll.

Artikkelen held fram under annonsen.

Av 77 påmelde, er 33 deltakarar i den yngste klassen og 22 i kvar av dei andre to klassane, fortel Ottar Skarstein som har kontroll på talet på påmelde og kva klassar dei deltek i.

Siste gongen det vart arrangert fiskekonkurranse her, var i 2019. Då med Redd Barna Cup som arrangør. I åra før og i år, er det Bjørnafjorden Fritidsfiskarlag (tidlegare Os Småfiskarlag) som har fronta og stått for arrangementet.

Det som før var ein del av Kystsogevekene og "Kystkultur No!" som det seinare skifta namn til, står no altså fritidsfiskarlaget åleine bak.

Klassane er delte inn slik:

Klasse 1 (inntil 10 år)

1. Største Fisk

2. Nest største Fisk

3. Mest Fisk

Klasse 2 (10-16 år)

1. Største Fisk

2. Nest største fisk

3. Mest Fisk

Klasse 3 (over 16 år)

1. Største Fisk

2. Nest største fisk

3. Mest Fisk

Det er lov å fiska både frå land og båt. Det er også valfritt om ein vil fiska med stong eller snøre i løpet av den to timar lange konkurransen.

Fiskesuppe og kaffi

Konferansier Tom Fossengen ønskte dei frammøtte velkomen på vegner av Bjørnafjorden Fritidsfiskarlag. Samtidig oppmoda han folk til å ta seg ein tallerken med fiskesuppe og ein kaffi. Alt servert på kaien av Søre Øyane Bedehus.

Frivillige: Johanna Gjerdevik og Hans Christian Andersen jobba frivillig og hjelpte til under arrangementet.

Vi fekk snakka litt med ungdomane Johanna Gjerdevik og Hans Christian Andersen som jobba frivillig og hjelpte til under arrangementet.

— Oppgåvene våre i dag er å vera med og vega fisken når deltakarane kjem inn med fangsten. Pluss at vi hjelper til under premieutdelinga. Eg har forresten lyst på ei slik teine sjølv, seier Johanna og siktar til hovudpremien.

Artikkelen held fram under annonsen.

Johanna melde seg inn i laget i fjor og er ein av dei få jentene som er medlem.

Hans Christian er enno ikkje medlem, men reknar med at han skal melda seg inn, han òg.

- Heile livet: Eg har fiska heile livet og har mest lyst til å vera med på konkurransen sjølv, seier Emma Koldal.

Emma Koldal (Våge) frå Samnanger er over middels interessert i fiske. Ho er med for første gong i år. Då ikkje som deltakar, men som representant for fritidsfiskarlaget.

— Eg har fiska heile livet og har mest lyst til å vera med på konkurransen sjølv.

Ho trekkjer fram kobbardorg som ein soleklar favoritt av fiskereiskapane sine.

— Det er veldig kjekt å vera med i klubben, og den tradisjonelle lutefiskkvelden er eit absolutt høgdepunkt, seier Emma.

Fleire med fiskelukke

Startskotet for konkurransen gjekk presis kl. 12.30. Små og store forventningsfulle fiskarar var snare med å koma seg i båtane sine. Det galdt å vera rask for å sikra seg dei beste fiskeplassane i Bjørnafjorden.

Det vart folksamt og ein del kø framfor teltet der fisken skulle på vekta. Ivrige fiskarar kom stolte i land, klare for å visa fram fangsten sin. Og det var tydeleg at fleire hadde fiskelukka med seg denne laurdagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange kilo: Fredrik Vangsnes fekk heile 13,8 kilo med fisk!

Nina, Lars Aage og Fredrik Vangsnes hadde solid fangst med seg tilbake igjen til kaien. Heile 24 kilo (!) med fisk tilsaman. Lars Aage, som var både kaptein og håvar, hadde mykje å henga fingrane i på fjorden.

— Alt vart teke på stong og sluk, fortel Nina og sonen Fredrik.

Leif Østrem hadde med seg sonen Martin og barnebarnet Ingrid. Dei brukte stong og sluk i tillegg til kobbardorg. Det var Ingrid som fekk den største fisken av dei, ein flott sei på 3,2 kilo.

Is: Tre generasjonar Østrem, Leif (f.v.) Ingrid og Martin, slappar av med ein is.

Fangstmeldingane tikka inn, og fiskevektene fekk køyrt seg skikkelig etter kvart som posane med fisk vart hengt opp. Etter ein god halvtime med notering var resultatlista klar.

Vinnarane av fiskekonkurransen 2023

Klasse 1:

1. Harald Engeset Grimsland

2. Elinor Austevoll

3. Elinor Austevoll

Artikkelen held fram under annonsen.

Klasse 2 :

1. Nikolas Sundøy

2. Fredrik Vangsnes

3. Fredrik Vangsnes

Klasse 3 :

1. Thomas Olsen

2. Nina Renate Vangsnes

3. Nina Renate Vangsnes

Artikkelen held fram under annonsen.

Hovudgevinsten, ei flott teine, gjekk til Oskar Garvik Olsen.

Oskar Garvik Olsen løftar den tunge teina heilt sjølv, godt nøgd med å ha vunne hovudpremien.

Då alle premiane var delte ut for dagen, avslutta konferansier Fossengen med å takka alle som hadde møtt fram. Samtidig oppmoda han folk til å melda seg inn i Bjørnafjorden Fritidsfiskarlag.

— Og de treng ikkje å vera pensjonistar for å melda dykk inn, avslutta han smilande.

Deretter vart telta pakka saman og kaien spylt rein så det ikkje skulle vera spor igjen etter konkurransen.