Nedgrave: Det er mykje rart å finna når ein jaktar på bos. Noko låg nedgrave i bakken.

Fann nedgrave bos bak gapahuken i Ervikane. – Ketchupflaska var 20 år gamal

Laurdag arrangerte Turboklubbane i Os strandryddedag i Ervikane i lag med Os dykkerklubb.

Kring 30 store og små stilte på dugnaden i Ervikane laurdag.

Nokre plukka bos på land, andre brukte padlebrett og fann bos i vasskanten.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg til flittige representantar frå dei to turboklubbane i Os, deltok fleire av Os dykkerklubb sine medlemer.

– Dykkarane gjennomførte tre dykk på ulike stader og fann spøkelsesteiner, glasflasker, tau, tøybitar og leirduer, opplyser Lisa Garcia-Solheim i Turboklubben i Ervikane i ein e-post til avisa.

Dykkarane tok også med seg rikeleg med kamskjel, til dugnadsgjengen på land.

Størst var overraskinga då ein familie fann nedgrave bos bak gapahuken i den innarste vika.

– Ketchupflaska som vart graven opp, var 20 år gamal, fortel Garcia-Solheim.

Ho legg til at strandryddedagen vart ein stort suksess, som klubbane kjem til å gjenta til neste år.