Ny rekord: Heile 360 store og små stilte på Halloween-festen i Fusa samfunnshus fredag. – Ein fantastisk suksess, seier arrangørane om feiringa.

Festen i 2019 var «all time high». Ingen hadde venta at køen til årets Halloween-feiring skulle strekkja seg over heile skuleplassen

– Det vart ein fantastisk suksess. Køen stod heilt bort til skuleplassen. Vi lurte faktisk på om vi måtte be nokre av dei vaksne om å gå.

Det fortel Linda Sagstad-Hjelle etter Halloween-feiringa i Fusa samfunnshus fredag.

I 2016 tok Line Furubotn Storum initiativ til den første Halloween-feiringa på Fusa i lag med Cecilie Øpstad. Frå året etter, og fram til i dag, er det Storum og Sagstad-Hjelle som har hatt regien.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi starta i det små. Vi var nokre mødre som ønskte å gjera litt meir ut av feiringa. Sidan har det berre balla på seg, fortel ho.

Feiringa i 2019 sette nye rekord med heile 147 born og 50 vaksne på arrangementet. Så vart det stopp i to år på grunn av pandemien.

Fredag kunne bygdene endeleg samlast til Halloween-feiring igjen. Og i år vart arrangementet endå større enn sist. Heile 360 barn og vaksne banka på døra til samfunnshuset.

– Det vart ein fantastisk suksess. Vi har ikkje heilt oversikt over kvar folk kjem frå, men det vart sagt at det var tilreisande frå byn til og med. Men dei fleste kjem nok frå skulane på Fusa-sida av kommune, seier Sagstad-Hjelle og legg til:

– Vi er i ferd med å nå eit tak for kor mange vi kan sleppa inn. Om det hadde kome endå fleire, måtte vi ha bedt nokre av dei vaksne om å gå. Køen stod heilt bort til skuleplassen, seier ho med eit smil.

Initiativtakarar: Line Furubotn Storum og Linda Sagstad-Hjelle har invitert til Halloween-fest i Fusa samfunnshus sidan 2017. Årets arrangement vart større enn nokon kunne førestilla seg.

– Borna var tålmodige og i strålande humør

Kostymer i alle variantar snoa seg nedover bakken ved samfunnshuset og bortover mot skuleplassen. Skjelett, vampyrar, flaggermus, klovnar og hekser i skjønn forening, nokre dinosaurar, eit par sjeikar, og til og med ein prest, var alle klar for fest og moro.

– Til tross for litt venting og kø, var borna tålmodige og i strålande humør, skriv Line Furubotn Storum i ein e-post til avisa.

Ho legg til at det var rigga for snackbar med ei rekkje gratis godsaker, fotografhjørne, spøkelsestunnel, forskjellige fotoveggar og disco inne.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Spøkelsestunnelen var svært populær også i år. For nokre var han hakket for skummel, men dei aller fleste kom seg gjennom med nokre hyl og mykje latter.

Hans Egil Brekke jobba «non stop» med å ta bilete av dei festkledde, og når festen var over for dei minste, var det framleis kø hjå den populære fotografen. Aktivitetane hausta god oppslutnad, og disco for dei eldste den siste timen var hæla i taket, song og god stemning.

– Ein fantastisk kjekk og artig kveld for store og små, konkluderer ho.

Smiiil: Fotograf Hans Egil Brekke sytte for å foreviga dei flotte gjestene.

– Hadde ikkje fått det til utan gode hjelparar

Storum og Sagstad-Hjelle understrekar at responsen har vore overveldande og positiv frå alle kantar.

– Alt glei så fint. Det var ingenting tull og berre blide folk. Det er ekstra trivelig å laga til noko slikt når ein ser at det betyr så mykje for så mange, seier dei to organisatorane som etterkvart har vorte heilt avhengig av hjelp frå frivillige.

– Arrangementet vert opplevd som positivt for bygda, og det er lett å få med seg folk. Det er veldig kjekt, seier Sagstad-Hjelle.

Duoen er også utruleg takksame for den økonomiske støtta dei har fått frå Sparebanken Vest og Fusa Sanitetsforening.

– Støtta førte til at vi kunne gjera festen til eit gratisarrangement. Vi hadde heller ikkje fått det til utan dei gode hjelparane på rigging, gjennomføring og rydding. At Hans Egil stiller på dugnad i år igjen, gjer òg mykje. Han legg sjela si i å laga stemningsfulle bilete av alle dei forventningsfulle gjestene, seier Storum og Sagstad-Hjelle som alt no er i ferd med å leggja skumle planar for 2023.

Artikkelen held fram under annonsen.