Sjøsetjing: Etter fire månaders hardt arbeid kan Oddvar Rotvik (f.v.), Simon Bjørnevik, Trygve Bjørnevik og Edvard Bjørnevik endeleg sjøsetja den smekre nordlandsbåten.

I naustet har Oddvar (66) og Edvard (83) funne ei frisone frå verdas kjas og mas. Og eit varmt venskap.

Oddvar Rotvik og Edvard Bjørnevik har brukt fire månadar til å pussa ein 100 år gamal nordlandsbåt frå skrap til smykke.

Edvard Bjørnevik har ikkje tal på kor mange gonger han har lagt neven på rekkverket og trødd den snirklete stien ned mot naustet i Labergsvikjo i Bjørnen.

I alle år har han reparert trebåtar der. Ein kvar vinter dei siste sju åra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her bygde også sonen Hallgeir, som døydde for nokre år sidan, oselvarar for Bjørnevik båt.

Pause: Trygve Bjørnevik (f.v.), Edvard Bjørnevik og Oddvar Rotvik nyt det gode liv i Labergsvikjo.

Sidan september har Edvard igjen hatt selskap i naustet. Denne gong av «ungfolen» Oddvar Rotvik, også kjend som «gamle-rektoren» på Kongshaug Musikkgymnas.

— Edvard er fantastisk. Heile hans måte å vera på, fyrst og fremst. Men og det at han kan så mykje om trebåt. Han veit korleis ei linje skal vera. Og han var sikker på at denne båten kunne bergast, seier Oddvar og ser beundrande bort på læremeisteren.

Edvard humrar.

— Ja, undrenes tid er ikkje forbi.

Blid med båt: Ein 100 år gamal nordlandsbåt har gjort Oddvar Rotvik lukkeleg

Bekmørk septemberkveld

Han siktar til den stormfulle, bekmørke septemberkvelden i fjor, då ein nesten 100 år gamal nordlandsbåt, meir under enn over vatn, vart slept i land her etter å ha lege 17 år i ein garasje.

Dit kom han etter at Oddvar kjøpte han frå Nils Olai Brattholmen. Også kjend som «Uriasen».

Medan Oddvar opphavleg kjem frå Salangen i Troms, vart båten bygd i Bindal i Nordland. Draumen har heile tida vore å setja båten i stand når han ein dag vart pensjonist og hadde tid.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det å gå ned denne stien her og koma til sjøen. Det har vore som om eg vart slusa tilbake til barndomen, seier han og drøymer seg attende til fisketurar og småbrukarliv nordpå.

— Etter så mange år bak kateteret og på eit kontor, hadde eg ein hunger i meg etter å gjera noko med nevane. Det å gå heim på ettermiddagen og vita at i dag har eg gjort akkurat dette stykket arbeid, opplevde eg sjeldan som rektor, smiler han.

— Men du har vist at du har det i deg, seier Edvard faderleg.

Godmodig erting

Også son til Edvard, Simon Bjørnevik, har stukke nasen innom naustet no og då. Og dei har hatt god bruk for hans krefter og kreative evner.

I tillegg til å tetta alle hol og sprekkar i båten, og dei var mange, har Simon montert ei pumpe så Oddvar slepp å ausa båten for vatn.

— Simon er reine Reodor Felgen, seier Oddvar.

I fylgje Edvard har Oddvar gjort alt av arbeid som viser att, medan pussinga til han og Simon ligg gøymt under alle olje- og målingsstroka.

— Å ja, men det viser godt igjen alt som de har gjort, svarer Oddvar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den godmodige ertinga høyrer med når karane møtest. Sjølv om dei visste om kvarandre før dei gjekk i gang med båten, er det fyrst det siste året at dei har blitt kjende.

Fristad frå damer

— Nokre timar her i naustet ilag med Edvard er reine terapien. Det er vemodig at dette fellesskapet er over, smiler Oddvar.

Han har filosofert mykje på naustet som møteplass.

— Langs heile kysten har dette vore mannfolka sin tumleplass. Ein fristad frå damer. Her kunne ein snakka om tekniske ting, løysa verdsproblem eller prata om laust og fast i bygda.

— Naustet er vel for ei primitiv furtebu å rekna, ler Simon.

Ikkje overraskande har det gått ein del kaffikanner og pakkar med kjeks dei siste månadane.

— Å ja, pausane er jo det kjekkaste, seier Edvard.

I det siste har synet blitt dårlegare. Så dårleg at han trur dette blir den aller siste båten han reparerer. Men pausar vil han framleis vera med på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Meir halleluja enn oselvaren

12. mai, etter åtte månaders arbeid, er dagen for sjøsetjing komen. Spenninga er stor, sjølv om dei alt veit at båten flyt.

Ein oppspilt Oddvar fyk rundt på kaien. Legg i plittane (golvfjølene), årar og nyglen (tenk botnpropp). Sonen til Simon, Trygve, har kome for å hjelpa til.

Saman skubbar dei båten forsiktig ned på vatnet. Oddvar er ekstatisk.

— Sjå kor fint han ligg i vatnet. Han er så smekker og slank. Baugen og akterenden som peikar oppover gjer han til ein litt gladare båt enn oselvaren. Nordlandsbåten er litt meir halleluja, ler Oddvar og løfter armane i vêret for å visa kva han meiner.

To timars rotur heim

Det er ein glad 68-åring som stig ombord i sin nypussa farkost. Han har eit nyforelska drag over andletet. Då gjer det ingenting at det ventar to timars roing heim til Lepsøy.

Og snart skal karane på tur ilag. Edvard i kajakk og Oddvar i nordlandsbåt. Då skal dei snakka om tekniske ting, løysa verdsproblem og prata om laust og fast i bygda.