«Du e elektrisk»: Elektrisk stemning då dansarane frå Søre Neset ungdomslag si dansegruppe dansa til Marcus & Martinus-låta «Du e elektrisk».

Markerte Dansens dag på Osøyro. Sjå video av dei flinke dansarane

Kunne ikkje fått betre danseforhold på Øyro laurdag.

Sola skein frå skyfri himmel og Osøyro var fylt med glade, våryre menneske.

I samband med vårsleppet i Os sentrum laurdag, vart også Dansens dag markert.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei røys med danseglade barn og ungdomar frå Bjørnafjorden kulturskule og Søre Neset ungdomslag si dansegruppe UNLiMiTED DANCE slo seg laus på «parketten» og dansa alt frå salsa til hip hop.

Sjå fleire videoar av dei flinke dansarane under:

Tettpakka: Mange var møtt fram for å få med seg oppvisinga til dansarane.

Ny butikk på Os i slutten av mai

Vårsleppet baud også på kjoleparade og stands. 25 mannekengar i alle aldrar viste fram siste nytt på kjolefronten frå Madam Ane.

Tidlegare på dag var det også høgtideleg opning av Osøyro bakeri. Noko Silja Døsen Moberg og resten av gjengen i Osøyro kolonial har drøymt om i fleire år.

– Endeleg, sa ho då varaordføraren klypte snora til det nye bakeriet.

Les også
– Eg vert nesten litt emosjonell, sa Silja før ho gav saksa til varaordføraren

Av dei som nytta høve til å marknadsføra verksemda si i sentrum laurdag, var Mona B. Skåtøy og Rebecka Zachariassen Sæthe i Det gule hus.

Duoen har planar om å opna bruktbutikk i Drageset-bygget i slutten av mai, og var på Os for å fortelja om konseptet. Og konseptet går rett og slett ut på at Det gule hus hjelper deg med å selja dei tinga du ikkje har bruk for lengre.

– Vi har fått veldig mange positive tilbakemeldingar. Folk synest det er kjempegøy, seier Skåtøy og Sæthre som kjem til å opna for booking av hylleplass før butikken opnar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ny butikk: Om éin månads tid opnar Mona B. Skåtøy og Rebecka Zachariassen Sæthe Det gule hus i Drageset-bygget.