Stilte opp: Kollegaene i ambulansetenesta stilte opp for brureparet, Kristian Rosvold og Erin Brekke Kolltveit, som gifta seg i Os kyrkje i ettermiddag.

Når både brur og brudgom jobbar i ambulansetenesta, må det markerast skikkeleg

Her vinkar brureparet til luftambulansen, som tek ein æresrunde for dei nygifte over Os kyrkje.

Klokka 14.30 laurdag ringte kyrkjekokkene for Kristian Rosvold og Erin Brekke Kolltveit.

På utsida stod ein gjeng med spente kollegaer å venta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når dei som jobbar på akuttmedisinsk avdeling i Helse Bergen giftar seg, er det nemleg tradisjon for at kollegaene dannar flaggborg på utsida. I dag var det attpåtil to kollegaer som gifta seg med kvarandre.

– Det er ein veldig fin tradisjon. Vi har vore i Oseana, på Rådstuplass i Bergen og utanfor tinghuset. Når ein kollega giftar seg, sjekkar vi alltid om det er nokon som kan stilla, seier Rosalinn Duesund Myking.

Sjølv har ho teke del i i alle fall fem flaggborgar.

– Det er veldig rørande. Sterkt å få ta del i ei så viktig hendig for kollegaene våre. Vi som deltek, set stor pris på det, og så veit eg at dei vi stiller opp for også vert veldig glade.

Med seg utanfor Os-kyrkja i ettermiddag, hadde ho Hannah Rød Halvorsen, Hanne Steen, Jari Smestad, Remi Håvardstun-Lindborg, Marthe Haugland, Mikal Smaadal, Egil Johan Hansen, Martin Horn, Sveinung Rotnes og Erling Midttun.

– Nokon av oss er på vakt, så no kryssar vi fingrane for at det ikkje skjer noko medan vi står her, seier Hannah Rød Halvorsen og smilar.

– Men skjer det så skjer det, legg ho til.

Like etter klokka 14.30, vert dørene opna for brureparet. Frå alteret skimtar dei kollegaene i raudt og gult som dannar ei boge utanfor kyrkja. I det dei kjem ut for å helsa, høyrer ein helikopterdur i det fjerne. Toppen av kransekaka er nemleg at kollegaene deira i luftambulansen tek ein æresrunde for brureparet over kyrkja og vinkar ned til dei. Gratulerer med dagen!

Artikkelen held fram under annonsen.