Ønskjer velkomen: Veronica Søilen Halhjem, Stine Kobbeltvedt og Kristin Vangsnes Bøe gler seg til at å ta i mot bjørnafjordingane i bygda si storstove, Oseana.

Slik vert årets 17. mai: Håpar på ein skikkeleg folkefest

17. mai-general Stine Kobbeltvedt har bestilt akkurat like bra vêr som i dag.

– Det er alltid sånn vêr som dette. Heilt sidan eg tok over i 2014, seier Kobbeltvedt og smilar.

Sjølv om det kanskje ikkje er heilt sant, er det lov å håpa. Folkefest vert det i alle fall.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg håpar folk trekkjer ut, at vi ikkje er blitt så heimekjære dei siste åra at vi ikkje blir med på festen, seier Kobbeltvedt.

Endeleg, etter to år med pandemi, skal vi feira grunnlovsdagen som før. Og det meste vert som før, med nokre små, men vesentlege endringar.

Toget på Osøyro startar som vanleg på «grusplassen» nedanfor ungdomsskulen, det vil seia på fotballbanen over parkeringshuset klokka 11.30 (oppstilling ein halvtime før). Ruta er også akkurat som før, heilt til ein kjem til Os sentrum: Framfor å passera Coop Extra på veg til Kyrkjeflaten, tek ein til venstre i krysset ved Lundehjørnet og følgjer Byvegen til Oseana.

– Prosesjonen vert avslutta på parkeringsplassen nedanfor Oseana. Det er for at det skal bli enklare å få oversikt, og for at foreldra lettare skal finna att borna sine, seier Kobbeltvedt og legg til at barnehagar, lag og organisasjonar må gje beskjed om dei skal seg vera med i toget innan 6. mai.

– Programmet har den same forma som på Kyrkjeflaten

I Oseana startar feiringa kort tid etter at toget er framme. Rulleporten skal vera open, og i storsalen kan ein få plass til nærare 1.500 festkledde.

– Heile huset skal vera ope, så det er plass til folk i foajeen, restauranten, og på plattinga også, om vêret tillet det, opplyser Veronica Søilen Halhjem.

Ho gler seg til å ta i mot bjørnafjordingar frå heile kommunen på nasjonaldagen.

– Heilt topp. Endeleg. Ingenting er betre enn å fylla huset på ein dag som 17. mai. Det blir ein kjempegøy dag på jobb, understrekar ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv om ein byter lokasjon, er Kobbeltvedt oppteken av at ein også må halda på tradisjonane. Os barneskule skal syngja og ha ord for dagen, russepresidentane skal tala, det same skal ordførar Trine Lindborg, og så vert det sjølvsagt korpsmusikk, og konsert med Mighty Magnolias.

– Programmet har den same forma som på Kyrkjeflaten. At ordføraren held tale etter to år med pandemi synest vi var heilt naturleg, seier Kobbeltvedt.

Tradisjonen tru vert det også konsert med Osøren Jazzensemble på ettermiddagen.

Ny tradisjon: – Vi håpar det vert ein ny tradisjon, som varar i mange år framover, seier Stine Kobbeltvedt om 17. mai-feiringa i Oseana.

– Alle bjørnafjordingane sitt hus

Dei tilsette i restauranten vert sjølvsagt også ein heilt sentral del av feiringa. Anne Rita Mjelstad fortel at dei planlegg å ha salsbuer for pølser, is og brus i foajéen, og eventuelt ute, i restauranten vert det rømmegraut, spekemat, kaker og kaffi, og i Grieg-samlinga tradisjonell 17. mai-buffé.

– Det er første gang vi gjer dette. Det vert spennande å sjå kor mange pølser vi endar opp med at vi må kjøpa inn, seier Mjelstad og legg til at dei har vore i kontakt med Kyrkjetunet, og andre som har pleidd å selja mat på 17. mai for å få hjelp.

– Vi er heilt avhengige av fleire hender, understrekar ho.

Det vert sett opp høgtalarar ute, slik at det er mogleg å få med seg programmet frå andre stader enn storsalen. Arrangørane oppmodar også båtfolket om å ta turen, slik at ramma rundt arrangementet vert endå betre.

– Å flytta 17. mai-feiringa til Oseana er noko vi har hatt ønske om å gjera sidan før pandemien. Når vi først har ei storstove som dette, må vi nesten bruka ho på 17. mai. Dessutan har Oseana den ekspertisen og kompetansen vi treng når det gjeld det tekniske, seier Kobbeltvedt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dessutan har ein jo dei aller beste kulissane her, seier Bøe og ser utover fjorden.

– Oseana er alle bjørnafjordingane sitt hus. 17. mai er eit ypparleg høve til å folk hit, slår Halhjem fast.

– Vi håpar det vert ein ny tradisjon, som varar i mange år framover, legg Kobbeltvedt til.

Kobbeltvedt opplyser at krinsane melder inn til kommunen kva som skal skje på dei ulike stadane, og at det skal lagast eit felles, digitalt program, men at all informasjon, så som klokkeslett, ikkje er heilt klart enno.