Sjølv dei slappaste sofagrisane må då kjenne at det rykker litt?

Tidenes veslejulaftan: Ikkje gå på shopping, kom deg ut i snøen!

Og om ski er tingen, er ingen stad finare enn Bygdastølen.

Fredag lava snøen ned, og laurdag morgon dukka eit aldeles praktfullt vinterlandskap opp. Enn så lenge er det julekortstemning over heile Bjørnafjorden med minusgrader og sol. Og det etter ei veke med regn, slaps og storm.

Flotte forhold for både klassisk og skøyting.

Ståle Rød i Hålandsdalen har alt vore ute og gått på ski. På vegner av Stiftinga Bygdastølen Ski og Tursenter oppmodar han andre i Bjørnafjorden til å gjera det same.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og om du ikkje har høve til å gjera det i dag, på verdas travlaste førjulsdag, så kan det kanskje freista med ein tur i romjula?

Skiløpar i soloppgang.

Røds dagsferske bilete og videosnuttar frå Bygdastølen viser i alle fall flotte forhold for både klassisk og skøyting.

Bygdastølen er ein idyllisk og godt gøymd stad i Hålandsdalen i gamle Fusa kommune. Er du usikker på vegen? Ta det med ro, her fylgjer deira eiga rettleiing:

Køyr fylkesveg 48 forbi Eikelandsosen i retning Holdhus, og sving inn til venstre ved Hålandsdalen Montessoriskule. Etter eit par hundre meter tek du til venstre inn mot Hammarland, forbi gamle Holdhus kyrkje og Hålandsdalen leirskule. Fylg vegen heilt til endes. Parker bilen og ta beina / skia fatt oppover til stadion.