Tilbake med nytt verk til Kyriakes 40-årsjubileum
40 år etter at han stifta koret, fekk Norvald Johan Kobbeltvedt eit herleg comback med Kyriake og verket «Vatnet og jorda».
Det var godt frammøtte i Os kyrkje då Os-koret Kyriake feira 40 år med jubliumskonsert laurdag kveld. I tillegg til korets noverande medlemer, var tidlegare medlemer, dirigentar og medmusikantar inviterte til å medverka på festkvelden. Totalt var over 35 med på konserten.
Kyndig lost av Lill Karin Wallem, segla me gjennom flott korlandskap, stødige solistar, litt historikk og tankevekkjande ord denne kalde november-kvelden.
Mektig lyd «frå oven»
Dagens dirigent, Grethe Inger Berg, tok styringa frå start og loste oss gjennom nokre flotte salmar i lag med korets 25 medlemer. Etter litt tid, vart vokalensembelet forsterka med tidlegare medlemer og det heile vart svært så mektig.
Men full gåsehud vart det ikkje før korets skapar, Norvald Johan Kobbeltvedt, leidde songarane med seg opp på galleriet. Her framførte dei to songar, mellom anna komponisten frå Hauge sitt rykande ferske verk «Vatn og Jorda».
– Det handlar om skapinga. Noko av teksten er henta frå første mosebok, røpte Kobbeltvedt til oss før konserten.
«Såleis vart himmelkvelvingen til» lydde det fleirstemt frå galleriet. Kombinasjonen herrestemmer og kvinnestemmer, svar og tiltale, og til slutt samla heider til skaparen. Det heile var mektig, varmt og vakkert.
Sart og sakralt
Akkompagnert av Vegard Hodneland fekk Kyriake nett den musikalske sjela dei trong for å driva fram sine beste songar. Men ekstra fine tangentinnslag vart det likevel då Turid Bakke Braut drog i gang ein høgst dynamisk marsj, og då tidlegare bidragsytar for koret, Tore Hegdahl, velsigna oss med sart, sakralt pianospel laust bygd rundt eit par kjente salmar. Då var det mange lukka auge i kyrkja.
Brodd og velsigning
Nær halvannan time imponerte det erfarne koret oss med eit breitt utval av korsong. Avslutningsvis fekk korets noverande dirigent, Grethe Inger Berge, også vist at ho kan komponera. «Gud er der» vart framført med nerve og sjel.
Etterpå vart det gospel med «Oh Freedom», før det heile vart avslutta med blomeutdeling til korets største bidragsytarar, både denne kvelden og gjennom dei 40 åra dei har eksistert, og ein velsigningssalme på veg ut i den frostige natta.