Ønskjer ikkje sympati: Ved å stå fram med si historie, ønskjer ikkje Selina sympati, men meir openheit og ei endring i samfunnet.

Unge menn døyr: Selina (23) har mista to nære vener på under eitt år

— Kvifor blir ikkje dette snakka meir om, spør ho.

Når telefonen til Selina ringjer, og ho ser at det er besteveninna, kjenner ho på ei uro i kroppen. To gonger på kort tid har venegjengen opplevd å mista ein nær og kjær ven. I begge tilfella er det dei to som har vidareformidla dei triste nyhenda til kvarandre.

— Vi ringjer kvarandre kvar dag no for at det skal bli ein vane, seier Selina.

Artikkelen held fram under annonsen.

23-åringen gjekk nokre rundar med seg sjølv før ho valde å gå til avisa. Ho fall ned på at det ho har å fortelja, er for viktig til å teia om.

— Eg ønskjer ikkje sympati. Eg vil kjempa for meir openheit, at ein ikkje skal dømma dei som slit med psykisk helse eller rus, og ikkje minst, for eit betre tilbod til dei som slit. Det er så mange unge menneske som treng hjelp, men systemet fungerer ikkje slik det er i dag. Det er for vanskeleg å få hjelp, det tek for lang tid, og oppfølginga er ikkje god nok.

Les også
Kriseteamet: — Ungdomsmiljøa bekymrar oss

Har ikkje løysinga sjølv

I fjor mista Selina ein nær ven. Han valde å ta sitt eige liv. Det blei opplyst i dødsannonsen. Ni månader seinare kom nok ei trist melding — eit nytt tap — ein av dei næraste i gjengen. Dødsfallet var relatert til rus. Kort tid før den unge mannen gjekk bort, skal han ha forsøkt å kontakta Selina.

– Eg låg og sov då. Det var seint på natta. Den dag i dag har eg problem med å sovna før klokka bikkar det tidspunktet, seier ho og legg til:

— Det har gått ulike rykte, som det plar gjera her i bygda, men dette var ikkje eit sjølvmord.

Dei etterlatne stadfestar denne opplysinga. Dei er også klare over og støttar at Selina har valt å stå fram med si historie.

Ifølgje Selina hadde begge dei unge mennene endeleg søkt hjelp etter å ha slite i lengre tid.

— Og berre kort tid etter at dei kom i gang med behandling, var dei borte, seier ho og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

— Du må nærast stå «på kanten av klippa» for å få den hjelpa du treng. Du kan tru dei som bed om hjelp har gått lenge før dei vågar ta kontakt. Om dei så er heldige og får hjelp, er ikkje tilbodet godt nok, slik eg ser det. Eg har ikkje løysinga, men eg ser berre at det ikkje fungerer.

Selina fortel at ho veit om sju unge menn i Bjørnafjorden som har gått bort i løpet av om lag 12 månader.

Snakkar av erfaring: Den unge kvinna har slite med rus, og hadde eit tilbakefall seinast for fire månader sidan.

Selina si historie

Då Selina var ni år, vart ho biten av flått. I ettertid hadde ho store plagar utan at legane klarte å finna årsaka. Det skulle gå fleire år før ho fekk påvist borreliose. Etter endeleg å ha fått behandling for dette som 14-åring, har ho slite med ME (Kronisk utmattingssyndrom). Det førte til at ho berre var 50 prosent på skulen frå 9. klasse og ut ungdomsskulen, og mot slutten av vidaregåande var ho nede i 30 prosent oppmøte på skulen.

Treng du nokon å snakka med?

Ring:

• Kirkens SOS: 22 40 00 40

• Mental Helse, Hjelpetelefonen: 116 123

• Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111

• Røde Kors (Kors på halsen): 800 33 321

• Angstringen: 22 22 35 30

* URO (Ung Rus Oppdagelse) 415 24 141

Selina er del av ein stor søskenflokk. Ho fortel om ein fin oppvekst, men han var likevel ikkje fri for opplevingar og traumatiske hendingar som har prega ho som menneske. Ho har fått påvist PTSD og har også slite med spiseforstyrringar.

23-åringen vedgår at ho har søkt tilflukt i rus for å «rømma frå verkelegheita». Ho smakte alkohol for første gong som 13-åring. Seks år seinare, etter eit brot med kjærasten, fann ho nye vener å vera med. På denne tida blei ho for første gong introdusert for narkotika.

Klar over at ein er fanga

I dei verste periodane har det vore hyppig inntak av narkotiske stoff i samband med festing og alkohol i helgene. I dag prøver ho å halda seg borte frå det, men det har vore nokre tilbakefall, seinast for fire månader sidan.

— Å vera rusavhengig er ein sjukdom. Ein er fullt klar over at ein er fanga, men det er svært vanskeleg å koma seg vekk frå det. Eg går svært sjeldan ut, fordi eg veit kor fort det går gale.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det at ho stadig blir eksponert for stoff, gjer ikkje saka lettare. Selina måler eit dystert bilete av narkotikabruken blant unge i kommunen.

— På fest er det alltid nokon som er påverka, og det er enkelt å få tak i. Det er mange gonger eg har gått ut, fast bestemt på å styra unna alt anna enn alkohol, men plutseleg er det nokon som har noko, eller ein eller annan som seier: Skal vi fiksa?

Gav meirsmak: Selina testa nyleg ut fallskjermhopping. Det gav meirsmak. No vil ho ta kurs.

Må slutta å sjå ein annan veg

Ho meiner at vaksne må slutta å vera naive og sjå ein annan veg for kva born og ungdom driv med i dag. Det er ikkje lenger slik at dei som misbruker narkotika, heng i parkar i by-miljøet eller bur på institusjonar. Det er ungdom som går på skule og personar i full jobb.

Ho har ikkje vore åleine om å rusa seg. Selina veit om eit høgt tal menneske som har erfaring med narkotika, og som har brukt eller brukar dette jamleg. Kokain er mest utbreitt. Selina har også prøvd andre stoff som hasj, sopp og MDMA (ecstasy).

Ho trur det trengst eit meir medvite forhold til korleis ein snakkar med ungdom om stoff.

— Då eg var lita, blei eg alltid fortalt at eg måtte halda meg unna hasj. Om eg tok eitt trekk, ville eg få hjerneskade, formana dei vaksne. Eg tenkte det måtte vera ei overdriving, og formaningane hadde motsett effekt på meg. Eg fekk lyst til å prøva. Hadde eg blitt fortalt om farane for å bli oppslukt i rusen, at eg ikkje ville klara å slutta når eg først hadde starta — at du blir fanga i det — hadde det kanskje vore annleis, seier Selina og legg til:

— Eg kjem til å vera heilt open med mine eventuelle, framtidige born om fortida mi og erfaringane eg har gjort.

Nedturen

Sjølv om ho er open om at ho «har elska rusen», har dei negative konsekvensane vore store. Det har ført til tap av vener grunna endra personlegdom og gjeve store utfordringar med angst og depresjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Nedturen etter å ha rusa seg, er ikkje til å spøka med. Ein kan få angst, psykose og utvikla suicidal angst.

— Kan du skildra “dagen der på” for deg?

— Eg vil liggja i eit mørkt rom, ikkje sjå nokon. Eg vil berre isolera meg. Angsten blir forsterka. Du gjer mykje dumt når du er rusa, og fleire held fram med å rusa seg av frykt for å bli edru. Du vil gløyma kva du har gjort. Det blir ein evig, vond sirkel.

Åt alt med trekantvarsel på

Selina har også misbrukt tablettar. Først sobril, så sterkare stoff som valium. Etter kvart også sovemedisin og smertestillande i tillegg.

— Eg åt vel alt med trekantvarsel på, og tok meir enn eg skulle. Eg sa frå til legen etter kvart. Han merka nok at tablettane gjekk unna, seier ho.

I dag går ho på antidepressiva for å fungera. Perioden etter å ha starta på desse, var blytung.

— Eg har aldri vore så ustabil før. Det varte nokre veker. Normale biverknader er forverra psykisk helse og suicidalitet. Ein må koma seg over kneiken. Eg rista og grein og var heilt ute av meg. Eg var på legevakta, og vener kom på døra for å passa på meg.

Møte med kriseteamet

Etter tapet av ein av venene, trong fleire i gjengen nokon å snakka med. Dei blei gjort merksame på kriseteamet i Bjørnafjorden kommune. Selina tok kontakt og dei fekk avtalt eit møte.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er det beste eg har gjort. Vi var tre personar som gjekk der. Vi blei møtt med opne armar og fekk snakka fritt. Det var ingen som dømde oss, ingen peikefingrar i andletet. Vi fekk tillit. Etter kvart sat vi alle tre og gret. Eg hadde aldri høyrd om kriseteamet før.

Ho reagerer sterkt på stigmatiseringa og førehandsdømminga av det som viker frå «normalen».

– Kva er eigentleg normalen? Ein del av problemet er at alle gøymer seg bak ein fasade. Alt skal vera så perfekt. Alle er så lukkelege. Slik er ikkje realitetane, seier Selina.

Ho går sjølv på NAV i dag og har fått kjenna stigmatiseringa på kroppen.

– Eg trur alle kan skriva under på at dei heller vil bli møtt med forståing, hjelp og likeverd, enn som noko mindreverdig fordi ein står i den situasjonen ein står i.

Saknar eit betre og breiare tilbod

Den lange vegen til behandling, er éin av hovudutfordringane, slik Selina ser det.

– Ein må gjennom fleire ledd, det tek uforholdsmessig lang tid og det er for vanskeleg å få den hjelpa ein faktisk treng, utdjupar ho.

– Det burde vore eit breiare og betre tilbod, slår 23-åringen fast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho meiner fokuset må flyttast frå å straffa dei som rusar seg til å forstå bakgrunnen for misbruket.

Redde for sanksjonar

Bjørnafjorden kommune har utarbeidd ein handlingsplan for førebygging av sjølvmord. Selina har lese planen og er glad for at kommunen har fokus på problemet.

Ho håpar det kan jobbast endå meir med å skaffa kunnskap om kvifor ungdom vel å rusa seg, korleis det starta og kva som gjer at dei held fram.

– Heller det enn fokus på straff. Eg veit at det er fleire som ikkje oppsøkjer hjelp fordi dei er redde for sanksjonar.

Ho tenkjer også høgt om eit kommunalt tilbod til dei som slit med rus, der dei kan byta ut rusen med sunne aktivitetar.

– Mange søkjer rus fordi det gir eit kick. Det kan erstattast med adrenalinfylte aktivitetar. Det er også sunt å vera sosial og snakka med andre i same båt, seier Selina, og legg til at ho sjølv nyleg hoppa i fallskjerm for første gong - og elska det.

– Eg skal ta kurs og ønskjer å halda fram med fallskjermhopping.

– Ville du ha oppsøkt ei slik gruppe?

– Det er eit godt spørsmål. Eg ville i alle fall ha snakka med venene mine om det. Eg er ganske sikker på at nokon ville ha brukt eit slikt tilbod, og om det berre er for å hjelpa nokre få, er det verdt det.

Har mista seg sjølv

– Med alt det du veit og har erfart, og etter tapet av nære vener som har slite med rus - kvifor har du ikkje klart å slutta?

– Det er eit godt spørsmål. Eg har mista meg sjølv oppi alt. Mista sjølvrespekten. Eg jobbar for å finna meg sjølv att og bli betre. Det er utruleg vanskeleg å koma seg ut av det når ein først er blitt avhengig. Eg hadde berre teke narkotika eit par gonger før eg kjende at eg hadde eit problem.

Har du tips til saker kring temaet? Ta kontakt med underteikna på benjamin@osogfusa.no eller 95182381.