André Marton Pedersen var primus motor då Turboklubben i Lysefjorden, som ein av dei aller første i landet, såg dagens lys i 2016.

Drøymde om Turboklubbar over heile landet. No er draumen blitt verkelegheit

Søndag feira Barnas Turlag 30 år og Turboklubben 10 år.

Publisert Sist oppdatert

– Eg drøymer om Turboklubbar over heile Noreg, sa primus motor André Marton Pedersen til Os & Fusaposten då Turboklubben i Lysefjorden såg dagens lys ein januarkveld i 2016.

No, ti år seinare, skriv Den Norske Turistforening (DNT) at det finst nær 100 Turboklubbar rundt om kring i landet, og at fleire er på veg.

– På den første turen vår for ti år sidan var vi 73 deltakarar. Det var ein fantastisk start, seier Pedersen og legg til:

– Det var så mange frammøtte at eg tenkte at dette konseptet kjem til å fly av garde. Eg må berre fortelja om det. Og det gjorde eg. Eg fortalte det til alle.

Camilla og Daniel Solberg (3 1/2) hadde med seg eigenfanga krabbe til krabbeløpet.
Det viste seg å bli ein suksess. Krabben deira var heilt klart først over målstreken.

Over 200 frammøtte

Ifølgje DNT si nettside er Turboklubbane små fritidsklubbar i nærmiljøet med fokus på enkelt friluftsliv.

Målet er å læra barn enkelt og naturvenleg friluftsliv ved å vera ute saman, leika, oppleva, undra, utforska og læra om naturen.

At konseptet har spreidd seg til heile landet, synest Pedersen er knallgøy.

– Eg trur det handlar om at det er enkelt. Turboklubben er lågterskel, i nærmiljøet og alle kan delta. Når du kjem heim frå jobb ein tysdag ettermiddag, har du kanskje mest lyst å kvila, men terskelen for å køyra fem minutt for å vera saman med andre, er ikkje så høg, påpeikar han.

Søndag markerte DNT at Turboklubben er ti år, og at Barnas Turlag er 30 år. Og sjølv om det sludda på føremiddagen, strøymde store og små til Mobergsvikjo for å ta del i markeringa.

– Det er heilt overveldande å sjå at så mange har teke turen. Eg talte i stad. Då var det over 200 frammøtte, seier Pedersen nøgd.

Tilbake i bygda

Først og fremst handla arrangementet om å få barna ut i naturen og fjæra for å utforska alt det kjekke som finst der.

Og det mangla ikkje på aktivitetar. Til stades var ansiktsmålarar, Røde Kors og biologar som fortalte om skapningane som bur i sjøen og serverte ting og tang frå fjæra.

I tillegg var det mogleg å delta i både krabbe- og insektsløp, eta jubileumskake, ro oselvarar og helsa på ein pelskledd krabat som har vore i avisa før.

For eitt år sidan vart Linus kjendis då han skulle feira 17. mai i Lysefjorden. No var lamaen frå Radøy tilbake i Os-bygda. Og det var liten tvil om at han er ein populær kar.

– Det er fullt trøkk her, seier Pedersen og smiler.

Powered by Labrador CMS