Ny siger: Anders Mol og Christan Sørum tok ein ny siger i OL-sanden i Tokyo måndag ettermiddag, norsk tid.

2–0-siger mot Spania etter viktig innhenting i andre sett

Måndag ettermiddag vart det ny siger på sandvolleyballduoen Anders Mol og Christian Sørum i OL i Tokyo.

Nordmennene fekk ein god start og vann det første settet 21–17.

Det andre settet vart tøffare for strandvikingen og makkaren hans.

Artikkelen held fram under annonsen.

Først såg det ut til at den spanske duoen Herrera/Gavira tok settsigeren med settsifra 19-21, men Noreg vart tildelt eit såkalla «challenge»-poeng. Dermed vart stillinga endra til 20–20. Spania hadde settball, men feila. Det same gjorde Noreg.

Det som til slutt avgjorde kampen i Noreg sin favør var ein blokk frå Mol.

Dermed står Noreg med to sigrar, og fire poeng etter to kampar i gruppespelet. Det same gjer Russland, medan Spania og Australia har to poeng.

Onsdag møter Mol og Sørum russarane Semenov/Leshukov til den siste kampen i gruppespelet. Søndag og måndag i neste veke er det åttandedelsfinalar.