Gutane sikra seg ein flott andreplass etter 2-1-tap for Møre og Romsdal i finalen, akkurat som i fjor.
Gutane sikra seg ein flott andreplass etter 2-1-tap for Møre og Romsdal i finalen, akkurat som i fjor.

2. og 5. plass i region-NM

Kvartetten frå Strandvik fekk mykje speletid i region-NM i volleyball i Oslo i helga. For gutane vart helga krona med sølv, medan jentene kom på 5. plass.

Av Markus Mol, Terian Kaelo, Maria Åsmul og Magnus Tuft Soltvedt - alle frå Strandvik - har berre Markus vore med i region-NM tidlegare. Denne gongen fekk han selskap av tre sambygdingar, som alle var del av U16-laga til Hordaland. Laga bestod av spelarar frå Gneist, TIF Viking, Strand-Ulv, Rossvoll, Sotra, Sveio og altså Strandvik.

Gutelaget til Hordaland kom på andreplass i turneringa. Dei tapte finalen mot Møre og Romsdal, nett som i fjor.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kampen enda 2-1. Det var ein spennande og jamn finale, fortel Merita Mol.

Mykje speletid

For jentene gjekk det ikkje like bra. Laget kom på femteplass etter tøffe kampar i puljespelet.

- Jentene var litt uheldige med pulja si. Både gull- og sølvvinnarane var i same pulje, og Hordaland vart nummer tre i pulja. Det var til slutt Agder som vann over Nord i finalen, fortel Mol.

Her er jentelaget til Hordaland i aksjon på banen. Laget hamna til slutt på 5. plass.
Her er jentelaget til Hordaland i aksjon på banen. Laget hamna til slutt på 5. plass.
Erna Solberg, Maria Åsmul og Terian Kaelo.
Erna Solberg, Maria Åsmul og Terian Kaelo.

Ho er overtydd om at dei fire spelarane frå Strandvik har hatt ei utruleg kjekk helg. I tillegg til region-NM gjekk cupfinalen - den største happeningen i norsk volleyball nett no - av stabelen på same stad.

- Tre av spelarane fekk debuten sin i region-NM. Det var stor stas, seier Mol og legg til:

- Jentene var nok litt skuffa over at dei ikkje klarte å koma seg vidare frå pulja, men motstanden var som sagt veldig tøff. Alle dei fire spelarane fekk mykje speletid. Dei bidrog med mykje, og gjorde sine saker bra, påpeikar ho.

Kvartetten frå Strandvik fekk til og med helsa på statsminister Erna Solberg.

- Statsministeren synest sjølvsagt det var litt keisamt at ikkje Hordaland vann gutefinalen, men ho var på plass for å heia, fortel Mol.