Mads Stadaas har klare ambisjonar om å bli sykkelproff.
Mads Stadaas har klare ambisjonar om å bli sykkelproff.

Ambisiøse Mads har planane klare

Hans største førebilete er Thor Hushovd, men på sikt ser Mads Stadaas for seg å bli meir lik Edvald Boasson Hagen.

19-åringen frå Vinnes har berre sykla aktivt i eitt år. Likevel har han rekt å markera seg godt i sykkel-Noreg. Ungguten har fått seg eit namn, som konkurrentane no sett strek under.

- Det var moro under Tour de Hallingdal nyleg. Eg tevlar for Fana, men me køyrde berre som individuelle syklistar. Likevel klarte eg å stressa IK Hero sitt lag rimeleg mykje. Dei måtte jobba godt for at spurtaren deiras skulle få spurttrøya, humrar fusingen som tidlegare dreiv med skiskyting.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mot overmakta

Respektlaust trokka Mads til alt i den første av dei fem etappane. Etter å ha vunne dei to første innlagde spurtane, byrja IK Hero-laget å bli på vakt.

- Det var jo eigentleg ein ganske håplaus kamp, men eg gjorde stadig forsøk på å gå i brot. Dei var 15 mann som sykla for spurtaren sin. Eg var åleine, ler Mads.

På fjerde etappe klarte han nok ein gong å ta ein spurt. Dermed stod han likt med IK Hero sin spurtar.

Mads Stadaas på tempoetappen under Tour de Hallingdal. Her midtveges på distansen. - Eg tok det litt med ro her, for å spara meg til fjerde-etappen, men på sikt vil eg satsa mykje også på tempo. (Privat foto)
Mads Stadaas på tempoetappen under Tour de Hallingdal. Her midtveges på distansen. - Eg tok det litt med ro her, for å spara meg til fjerde-etappen, men på sikt vil eg satsa mykje også på tempo. (Privat foto)
19-åringen frå Vinnes gjev seg sjølv tre-fire år før han reknar med å halda verdsklasse som tempo- og allrounder.
19-åringen frå Vinnes gjev seg sjølv tre-fire år før han reknar med å halda verdsklasse som tempo- og allrounder.

- Eg tok meg nok litt mykje ut, for på siste etappa vart det tungt. Til slutt vart eg tredje beste spurtar i rittet. Det skal eg eigentleg vera godt nøgd med, smiler ungguten.

God tid

Ettersom han nett har byrja å sykla er han realistisk med tanke på karriere-framgangen. Han veit det vil ta litt tid.

- Reint fysisk ligg eg langt framme, og på spurt er det ytst få i klubb-Noreg som har sjanse mot meg. Det eg derimot må ha meir av er erfaring. Spesielt frå konkurransar, konstaterer Mads.

Han vedgår at han kan bli litt ivrig.

- Ein treng å øva seg på å tenkja litt fram. Ein må ikkje lata seg freista til å visa seg fram i feltet heile tida, poengterer han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv om han kom seint i gang med sykkelsporten, meiner han å ha bra med tid på å nå måla sine.

- Mitt første store mål er å koma meg inn på eit Continental-lag, det blir truleg først i 2018-sesongen. Neste sesong held eg fram med å sykla for Fana IL.

Inspirert av Touren

I desse dagar vert Mads svært inspirert av å sjå på Tour de France...det vil seia - når han har tid til å sjå.

- Det vert ofte med TV2 sin oppsummering seinare på dagen. På dagtid er eg nesten alltid ute og syklar sjølv, seier den treningsivrige ungguten.

- Og favoritten, er det Mark Cavendish?

- Nei, han er jo ein skikkeleg drittsekk. Nei, då vil eg heller snakka om førebilete. For meg er det Thor Hushovd og Marco Pantani. Sisnemnde rota jo det til og gjekk bort, men han var ein fantastisk syklist, seier han.

- Men før du ser Tour-oppsummeringa syklar du nokre mil?

- Ja, då er det bånn pinne. Rundt Kvamskogen, Arna, Osterøy, Bergen, Fanafjellet...overalt.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kva blir neste konkurranse no då?

- Det blir Lysebotn-Bryne den 13. august. Det er eit klatreritt, så det passar ikkje meg særleg mykje, men det er god trening.

For eit par dagar sidan vann Mads den store Le Tour de Fusa-konkurransen.

- Det er eit artig lite sykkel-ritt som Ørjan Nordtveit arrangerar. Eg var på lag med han på SK Rambo. Me gjorde det bra, og eg vann totalt. Gudmund vart nummer to, fortel Mads.

Allsidig tempo-ryttar

Sjølv om Thor Hushovd er eitt av førbileta hans, er det ein annan kjent norsk syklist som liknar mest på den typen syklist Mads tur han kan bli.

- Som type trur eg at eg har størst sjanse om eg prøver å bli ein syklist som Edvald Boasson Hagen. Med det meiner eg - ein syklist som er sterk på tempo, som kan gå i nokre brot og som kan vinna spurtar, når dei beste massespurtarane har falt av.

- Så proffsyklist skal du bli?

- Ja, såpass mål må ein jo ha.