Os-damene: Anna Martine Mjånes hadde nokre verkelege susarar mot Askøy. Her set ho si fjerde av totalt fem skåringar.

Anna og Os flyg høgt om dagen: Fekk revansje mot Gitte og Askøy

I haust tapte dei med åtte mål for same lag. Søndag var Os-damene høgt og lågt, spelte ein kanonkamp og slo Askøy 30-28.

Dei fekk ein tøff start på sesongen, det unge damelaget til Trond Budal, men no utover vinteren har gjengen verkeleg byrja å få sving på sakene. Sist helg tok dei ein sterk bortesiger då dei slo Dale 26-20. Søndag kveld stod jentene for ein endå sterkare prestasjon då dei slo Askøy 30-28.

Stolt gjeng: Ein stolt gjeng med unge Os-jenter jublar etter kampen.

Ein av kampens betre spelarar, kant Charlotte Pettersen, oppsummerer det ganske greitt:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var ein herleg revansje. Så fortent, gliste 19-åringen som jobba og sleit kampen gjennom.

Rågod ballstoppar: Spesielt i 1. omgang var Siri Eide Børtveit i det umoglege hjørnet.

Keeper i storform

Laga følgde kvarandre tett dei første fem-seks minutta, men etter at Stine Eide sette inn 8-6, fekk dei gul-svarte eit initiativ og eit momentum som dei kjempa som løver for aldri å sleppa frå seg igjen. Ein god grunn til at dei lukkast med det, var keeper Siri Eide Børtveit.

– Ho var rågod i dag og heldt oss inne i kampen med mange flotte redningar, skryter trenar Budal.

Siri var godt nøgd sjølv, men var forsiktig med å antyda redningsprosenten.

Måtte av banen: Midtback Malene Massi Fagertun skåra tre mål før ho måtte av banen med raudt kort.

– Eg må høyra med far min. Han sit på tribunen og skriv ned. Me finn ut av det når eg kjem heim, smiler ho.

– Men du er på over 50 prosent i dag?

– Ja, i alle høve i første omgang. Då hadde eg mange redningar, seier ballstopparen.

Takka publikum: Strålande nøgd trenar etter kampen takka publikum.

Sterkt kollektiv

Det vart verkeleg ein festkveld i Oshallen søndag. Det er lenge sidan underteikna har høyrd slik fenomenal stemning. Os-damene fekk verkeleg støtte frå heimepublikummet, og jentene kvitterte med å jobba steinhardt gjennom heile kampen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var mykje vilje her i dag, Budal?

– Ja, ein kan ikkje ta dei på innsatsen. I forsvar var dei veldig gode, og det på ein dag då me mangla Alina, som er ein av våre beste i forsvar, seier Budal.

– Du hadde trua før kamp også?

– Ja, me er inne i ein god stim.

– Så no er 3. divisjonskontrakten redda?

– Me har seks kampar igjen etter denne og må nok ha eit par poeng til, men det ser lovande ut, konstaterer Budal.

Kjekt gjensyn: Gitte Torp og Trond Budal jobba i lag i 2,5 år saman med Os-damene før Gitte takka for seg i fjor vår.

– Litt spesielt

Gitte Torp ankom Oshallen for første gong som trenar for eit gjestande damelag. Det var spesielt for ei som har trena damelaget, vore assistent-trenar i fem år og trenar for aldersbestemte lag i Os i nær to tiår.

– Jo, det er litt spesielt å koma her på denne måten. Du veit, Os har mange spelarar som eg framleis er glad i, så det blir litt rart å møta dei, sa Gitte før kampen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho var spent på korleis hennar eige lag ville takla å møta Budals noko originale 3-3-formasjon.

– Dei spelar jo på ein heilt spesiell måte. Eg har aldri sett andre lag køyra tre backar og tre strek-spelarar, sa Gitte.

Lunsj hos Gitte: Gitte Torp inviterte laget sitt til lunsj på Søfteland før oppgjeret mot Os.

Om det var det som var grunnen til at Os til slutt vann, skal ein kanskje vakta seg litt for å meina bombastisk. Faktum var nemleg at Os-laget varierte ein del på formasjonen i denne kampen. Men det som i alle høve var klart, var at dei ville mest, og følgjeleg vann dei også fortent.

– Er du skuffa, Gitte?

– Ja, men mest fordi me skaut dårleg. Me skaut nett der me ikkje skulle skyta, seier ho.

– Elles trivst du godt med Askøy som lag?

– Ja, det er ein kjempefin klubb med stort fokus på utvikling av unge spelarar. Nett slik eg liker det, slår Torp fast.

Kampfakta:

Os - Askøy 30-28 (15-12)

Artikkelen held fram under annonsen.

Os-hallen, tilskodarar - bortimot 150.

Dommarar Erling Kristoffer Ravnanger og Alexander Heggø.

Os sitt lag: Siri Eide Børtveit, Stine Eide (6), Elin Moberg Rosland (2), Anna Martine Mjånes (5), Mia Gabrielsen, Amanda Kristin Holthe (7), Charlotte Pettersen (1), Malene Massi Fagertun (3), Amalie Evensen, Camilla Halhjem, Emma Sælen Lyssand og Mia Jansen Paulsberg.