Arne Hadler-Olsen er klar for U23-VM i roing.
Arne Hadler-Olsen er klar for U23-VM i roing.

Arne også til VM

I helga vart Erling Øyasæter tatt ut til U23-VM. No har også Arne Hadler-Olsen fått klarsignal.

Arne er tatt ut til å ro dobbeltfirar i lag med nemnde Øyasæter, Adrian Lindgren og Jørgen Mjøs Nilsson, begge frå Tønsberg Roklubb. Han vart kalla inn i troppen når Ole Bang Andreassen frå Norske Studenters Roklubb måtte kasta inn handkledet.

Arne har brukt det siste året til å studera i USA, der han rodde lagbåt med ei åre kvar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det var uvant å gå frå ei åre til to. Den første konkurransen eg deltok i etter heimkomsten, enda med soleklar sisteplass. I konkurransane etterpå har resultata vorte betre og betre, seier Hadler-Olsen.

No skal han altså konkurrera mot verdas beste roarar under 23 år, noko han ser fram til.

- Det er ekstra gøy sidan eg ikkje har trena med to årer dette året, fortel 20-åringen.

Andre gong på rad

Arne var også med i U23-VM i fjor. Der vart det semifinale på dobbeltfiraren. I år vonar han at dei kan klara det same.

- Vi har ikkje satt noko mål, men det hadde vore gøy om vi klare å hevda oss i semifinalen. Å verta blant dei seks beste og koma til A-finalen hadde vore heilt fantastisk, seier han.

Om det ikkje skulle lukkast i denne meisterskapen, har Arne likevel nokre år på seg.

- Du kan vera med heilt til det året du fyller 22, så om eg presterer bra framover, så kan det verta to meisterskap til, fortel han.

Byrja treninga

Allereie i går drog Arne til Oslo for å trena med resten av båten, og i dag trenar dei ilag for fyrste gong sidan uttaket. Der skal dei vera i nokre veker og finpussa forma fram mot tevlinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det vert mykje trening framover, men vi virkar til å vera i rute, seier han.