Therese Vik smiler godt nøgd etter innsatsen i 6-årsklassen med sin Peppermint.
Therese Vik smiler godt nøgd etter innsatsen i 6-årsklassen med sin Peppermint.

Berre nesten for styreleiar Vik

Arrangementsmessig gjekk det knirkefritt, men i dressur-manesjen vart det berre nesten full klaff for Kirsten Vik.

- Eg er eigentleg kjempenøgd. Peppermint er blitt så flink og ho spelte verkeleg på lag i runden vår her i dag. Dersom det ikkje held til siger, er eg uansett nøgd med innsatsen, seier styreleiar i Moldegaard Ryttersportsklubb, Kirsten Vik.

Andreplass

Det har vore travle dagar for 34-åringen frå Sædalen i Bergen. Under Vestlandsstemnet på Moldegaard har ho hatt eit uttal oppgåver, og på toppen av det heile har ho rukket å delta i to av konkurransane.

Artikkelen held fram under annonsen.

- I går var det ein andreplass i Middelsklasse 1. Det er eg eigentleg godt nøgd med, fortel Kirsten.

Andreplass vart det også i 6-årsklassen laurdag. Kirsten og Peppermint noterte seg for 73,6 poeng. Vinnaren vart trenaren til Kirsten, Therese Bragstad. Ho fekk 74,6.

Mange hattar

Helgas dressurstemnet på Moldegaard der det største som har vore arrangert sidan dei hadde NM i 2002. Totalt 76 ekvipasjar og 180 starter er mykje på tre dagar.

Yvonne Jensen og dottera Ronja med sin felles hest Electra.
Yvonne Jensen og dottera Ronja med sin felles hest Electra.
Dressur-trenar ved Moldegaard Ryttersportsklubb Therese Bragstad var best i 6-årsklassen laurdag.
Dressur-trenar ved Moldegaard Ryttersportsklubb Therese Bragstad var best i 6-årsklassen laurdag.
Hagavik-jenta Ingvild Hystad i djup konsentrasjon laurdag føremiddag.
Hagavik-jenta Ingvild Hystad i djup konsentrasjon laurdag føremiddag.
Kirsten Vik og hennar Peppermint er oppkledd og klare for konkurranse.
Kirsten Vik og hennar Peppermint er oppkledd og klare for konkurranse.
Familien Nerland/Pollestad frå Nærbø på Jæren hadde med seg eigne stolar og fann seg rett og slett VIP-plassar i solsteiken ved ridebanen.
Familien Nerland/Pollestad frå Nærbø på Jæren hadde med seg eigne stolar og fann seg rett og slett VIP-plassar i solsteiken ved ridebanen.

- Det er moro, men det går i eitt. Me er mange som gjer vårt for å få arrangementet til å gå knirkefritt. Sjølv er eg stemneleiar, dommar-ansvarleg, deltakar - og...ja, litt potet. Eg hjelper til med det eg kan, smiler Kirsten.

Overalt på området vert ho rost opp i skyene av klubbvenene.

- Kirsten har vore styreleiar her i halvanna år. Ho er veldig flink, seier sekretæriat-ansvarleg Iril Ulvøen.

Mor og dotter-sport

Kring 20 ryttarar frå Moldegaard Ryttarsport var i aksjon på heimebane denne helga. Blant dei, Yvonne Jensen og dottera Ronja Ulvedal Jensen.

- Eg har ridd sidan eg var liten. Ronja er berre 15 år, men også ho har halda på ein stund, fortel mamma Yvonne.

Artikkelen held fram under annonsen.

For to år sidan kjøpte dei hesten Electra. Etter det har dei delteke i fleire stemner i lag og ridd kvar sine runder på same hest.

- Er eit slikt mor og dotter-samarbeid å tilrå andre?

- Det kan jo tenkjast at Ronja svarar anleis, men sjølv synest eg det er veldig kjekt å ha ein felles interesse. Me støttar kvarandre og har det artig, seier Yvonne.

Ronja driv både med sprang og dressur. På Moldegaard går det mest i det siste.

- Me kan seia at dressur-sporten står sterkare på Moldegaard enn mange andre plassar. Det ser me jo også på frammøte på dette stemnet her, seier Yvonne.

Stemnet på Moldegaard held fram med fullt program også i morgon (søndag)