Vegard Leikvoll Moberg er godt nøgd med seriestarten med Åsane. Måndag slappa han av med hunden Shadow i heimbygda.
Vegard Leikvoll Moberg er godt nøgd med seriestarten med Åsane. Måndag slappa han av med hunden Shadow i heimbygda.

Betre enn i fjor

I fjor kollapsa dei etter seks rundar. I år trur Åsane-kaptein Vegard Leikvoll Moberg at laget hans står distansen mykje betre.

- I fjor hadde me vel 12 poeng etter seks kampar. Denne våren har me 11, men eg er likevel sikker på at kollektivet vårt i år er langt sterkare, og meire robust, seier Vegard.

Hadde trua

Me møter han på brygga i Os. Måndagen er restitusjonsdag for den defensive midtbanespelaren til Åsane.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Etter at eg flytta heim til Os igjen rundt juletider har eg hatt fast turdag med hunden til mor mi kvar måndag, smiler Vegard.

Til dagen jobbar han som lærarvikar på Strøno skule, men måndagen har han fri.

- Det er godt å få rørt litt på seg og rista laus etter ein tøff helgekamp, seier han.

Vegard i fint driv i cupkampen som dei tapte for Haugesund sist veke.
Vegard i fint driv i cupkampen som dei tapte for Haugesund sist veke.

Søndag leidde han Åsane til ein noko overraskande bortesiger over Sandnes Ulf.

- Eg ser at ein del synest det var overraskande, men me hadde trua. Me slo dei 3-1 der nede i fjor haust, og visste korleis me skulle ta dei.

Etter skåringar av Geir André Herrem og Marcus Stueland, vann Åsane 2-0. Med det ligg dei no på fjerdeplass i OBOS-ligaen.

Viktig med første mål

Vegard Leikvoll Moberg er inne i sin andre sesong som OBOS-liga-spelar. Han meiner å ha sett ein tendens som har gjort seg gjeldande dei siste sesongane.

- I denne ligaen handlar det veldig mykje om å skåra først. Dei fleste laga er flinke til å liggja bakpå å halda på leiinga. Difor er det viktig å ha gode avsluttarar, som me til dømes har med Geir André Herrem, konstaterer Moberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han trur også at fjorårets erfaring kjem godt med no når kampane kjem tett etter kvarandre utover våren.

- Eg trur ikkje me går på ein smell tilsvarande i fjor. Til det er me langt smartare i tilnærminga til kampane. Me er rett og slett blitt betre taktisk, seier osingen.

Simen Lassen er med

Etter fleire år som visekaptein har Vegard no overteke jobben til smått legendariske Jan Ove Wiik og blitt dei oransjekleddes kaptein. Det oppdraget tek han som ein ære.

- I vinter var eg usikker på kva lag eg eigentleg kom til å vera kaptein for, men etter den litt svake oppkøyringa har me verkeleg løfta oss. No er eg stolt kaptein for eit solid og sterkt kollektiv, smiler Vegard.

Han har nærast vore sjølvskriven på laget dei siste åra. For Os-kompisen Simen Lassen er kampen litt tøffare.

- Simen har vel berre starta ein kamp så langt denne sesongen, men han er ein god spelar og kjem garantert til å spela mykje også i år. Dessverre for han kjempar han om ein plass der Stian Nygard og eg har fungert godt saman i mange år, seier Vegard.

Ingen enkle kampar

Torsdag tek Åsane imot tabelljumbo Ullensaker/Kisa. Vegard & Co har ingen planar om å ta lett på oppgåva.

- Det er det som er OBOS-ligaen. Ingen kampar er lette. Me skal ikkje gå i fella å tru at me er betre enn me er. Sjå på Mjøndalen. Dei skulle bli meir finspelande i år... Eg trur dei, til liks med mange andre OBOS-liga-lag er best når dei kjempar og slåst for kvar ball. Til sjuande og sist er det nok med dei midlane ein gjer det best i denne ligaen.